Kassadamas død

Matbutikken er på veg inn i ein revolusjon, den òg.

FRAMTIDSBUTIKK: Måndag opna nettgiganten Amazon ein prototype på ein ny butikk, utan kasser. Elaine Thompson / TT / NTB Scanpix

Den digitale revolusjonen går sin gang. Nettbutikkar har for lengst gjort innhogg i både bokhandlar og elektronikkbutikkar, men ikkje i matbutikkane. Det kan det bli ei endring på.

Daglegvarehandelen er ein av dei største bransjane i landet med over 100.000 tilsette. Kor mange jobbar som forsvinn her er difor viktig for langt fleire enn dei som jobbar der. Ikkje minst fordi dette er ein av stadig færre stader der du kan jobbe deg opp utan særleg utdanning.

Førebels har det ikkje skjedd så mykje. Meny og Coop har byrja med sjølvbetjeningskasser, men utan at talet på tilsette har gått særleg ned.

Det kan endre seg. Måndag lanserte netthandel-giganten Amazon ein sjølvbetent butikk i Seattle, USA. Sjølv om det er ein liten butikk av Deli de Luca-typen, blir han lagt merke til verda over. For Amazon har gong på gong vist at dei kan snu bransjar opp ned ved hjelp av teknologi.

KJØP&GÅ: Ein tilsett i Amazon Go-butikken i Seattle viser mobilappen du treng for å kome deg inn i butikken. Ei mengde kamera og sensorar følgjer med på kva du tek frå hyllene, og trekkjer betalinga frå Amazon-kontoen din. Elaine Thompson / TT / NTB Scanpix

Amazon Go er eit pilotprosjekt. Butikken har ingen kasser. Du skannar ein mobilapp på veg inn, plukkar det du vil ha og går ut. Kamera og sensorar får med seg kva varer du tek, og trekkjer automatisk rekninga frå din Amazon-konto.

Då Amazon kjøpte daglegvarekjeda Whole Foods i fjor sommar, sette dei endå meir fart i teknologi-kapplaupet i daglegvarebransjen i USA. Kjedene Kroger og Walmart har båe løysingar der du skannar varene på mobilappen i butikken og betalar på veg ut.

Coop har eit liknande system i Norge. For tre månader sidan byrja dei å påskjøne kundar som skannar varene, ved å gje dei rabattar.

Det er liten tvil om kva som skjer: Kassadama er på veg ut. Spørsmålet er om sjølve butikkane overlever.

For den teknologiske utviklinga går raskt. Smarte kjøleskap som bestiller nye varer før du går tom finst allereie i USA. Og i motsetning til moteklede, bilar og forbrukarelektronikk er mat stort sett kjedelege standardvarer vi ikkje treng å sjå før vi kjøper.

Vi treng med andre ord ikkje matbutikkane. Kanskje med unntak av gourmetar som vil lukte seg fram til den rette biffen, eller kva enn gourmetar gjer.

Les også

Hans K. Mjelva: Vår vidunderlege nye framtid

Så butikkjobbar går ei usikker framtid i møte. Lagerarbeidarane er allereie utrydjingstruga, av store heilautomatiserte varelager (Coop og NorgesGruppen).

Ikkje ein gong det å frakte varene, eit anna yrke som er ope for folk utan utdanning, er særleg trygt. Ein ting er sjølvkøyrande bilar, som blir spådd å kome på marknaden i løpet av 2020-talet.

I tillegg eksperimenterer mange med å utvikle dronar som kan frakte varer heim til folk. Amazon er òg her blant dei fremste, og leverte si første pakke til ein vanleg kunde med drone i 2016.

Det daglegvarekjedene vil trengje er teknologar, og kanskje folk med utdanning og kunnskap som kan setje saman middagar og slikt.

Håpet for dei som jobbar i butikkane ligg i at mange nok har eit meir kjærleg forhold til matvarer enn eg har. Når Amazon kjøpte ein kjede med fysiske daglegvarebutikkar, var det fordi 84 prosent av amerikanarane seier dei vil sjå matvarene før dei kjøper dei. Mange set sikkert òg pris på ferskvareavdelingar med kompetente og serviceinnstilte ekspeditørar.

I Norge er vi litt annleis. Trass i vår rikdom likar vi å handle på lågprisbutikkar, der varene er så standardiserte at du like godt kan overlate plukkinga til ein robot.

Dessutan har daglegvarekjedene i Norge meir å tene på å erstatte folk med teknologi enn i USA, fordi sjølv butikkarbeidarar tener rimeleg godt her i landet.

Spådommar om teknologi kan slå feil, som 1950-talets framtidsdraum om flygande bilar. Utviklinga i varehandelen er likevel langt meir handfast.

Netthandel har tatt store delar av marknaden for bøker og forbrukarelektronikk. Teknologien som skal til for å revolusjonere daglegvarebransjen er langt på veg på plass. Han er i alle fall ikkje nokon fjern fantasi.

Det største usikkerheitsmomentet er folks vanar: kor mange som her i landet òg, når det kjem til stykket, vil sjå matvarene før dei kjøper dei.