Skiftenøklar i valkampmaskineriet

Høgres Harald Victor Hove var den store vinnaren etter nominasjonskampen i Ap.

STERK TALE: Marte Mjøs Persen tapte kampen om førsteplassen, men vann salen ved å halde kveldens desidert sterkaste tale då ho gjorde det klart at ho ville akseptere ordførarplassen. Foto: Marita Aarekol

Publisert:

Mirakel har skjedd i politikken før. Men skal Ap greie å vinne byrådsmakta no, må det politisk kløkt til.

Byrådsleiarkandidat Roger Valhammer og hans folk har ei formidabel oppgåve framfor seg: På rekordtid må dei få Ap i Bergen til å leggje bak seg baksnakking, ryktespreiing og renkespel, og i staden erstatte det med brød og roser.

Frå talarstolen i Terminus Hall fall det måndag kveld mange harde ord. Unge AUF-arar meinte dei var blitt stempla som unge og dumme. Feministar såg eit parti som ikkje evna å løfte fram kvinner til topplassen. Folk i fagrørsla likte dårleg at deira kandidat, Marte Mjøs Persen, ikkje kunne få topplassen.

Les også

Roger Valhammer blir Aps byrådslederkandidat

«Den siste tida har eg ikkje kjent meg att i mitt gode og inkluderande arbeidarparti. Eg har fått melding om at mi meining ikkje er viktig fordi eg er ung», sa Leonora Hjelle frå AUF. Den kjensla er det ikkje godt å riste av seg, sjølv ikkje om du er på vinnarlaget.

Roar Abrahamsen frå Fellesforbundet omtalte den no valde byrådsleiarkandidaten slik: «Eg har ikkje eitt vondt ord å seie om deg, Roger. Eg kjenner deg ikkje. Eg har møtt deg éin einaste gong.»

No skal han ut og overtyde fagforeiningskameratar om at Roger Valhammer er rett mann å røyste på. Lukke til.

Les også

Ingen har frontet mer Ap-politikk siden nyttår enn ham

Og sjølv om innlegga frå talarstolen stort sett var av det anstendige slaget, var det ikkje glød og optimisme som prega salen. Langs benkeradene i den overfylte konferansehallen var det tett mellom små og store stikk mot motstandarane.

Ved å utfordre Marte Mjøs Persen greidde Roger Valhammer å sikre seg eit komfortabelt fleirtal; 87 mot 65 stemmer. Det er langt betre enn slik det gjekk på KrF-landsmøtet i haust.

Der kunne berre eit fåtals røyster andre vegen ha gjeve landet ei raudgul regjering. Knappe fleirtal er aldri bra i slike stridar, for det gjer det vanskeleg for taparane å slå seg til ro med resultatet.

Les også

Slik opna Schjelderup for nok ein maktkamp i bergenspolitikken

Kan det likevel vere slik at månadsvis med seigpining har gjort Roger Valhammer til ein vinnar på lista, men ein tapar i valet?

Den som kanskje gjorde mest for å samle laget måndag kveld, var taparen: Marte Mjøs Persen heldt kveldens sterkaste tale der ho gjorde det klart at ho ikkje ville gje seg, og bad støttespelarane om å bli med på å byggje laget fram mot valet.

Les også

Hemmeligholder navneliste

Likevel: Delegatane i salen tok seg knapt tid til å klappe for den ferdige lista då vedtaka var ferdige. Dei 73 listekandidatane blei ståande oppe på scena framfor ein nesten tom sal.

Slik var det på KrF-landsmøtet òg. Då skreiv BTs politiske kommentator at «nå trengs det kjærlighet». Det er ikkje akkurat kjærleik som har prega KrF i ettertid. Kan Ap greie det betre?

No gløder Ap raudt. Ikkje av kamplyst, men av frustrasjon. Det hadde ikkje trengt å bli sånn. Det politiske arbeidet i byråd går eigentleg bra for Ap, men det hjelper ikkje om det ikkje finst valkampaktivistar til å fortelje veljarane det.

Denne vinteren har gjeve Høgres Harald Victor Hove eit kraftig forsprang. Ein av delegatane meinte det er på tide å kaste Harald Victor «på hovet ut». I staden er han eit hovud føre.

Det kan bli vanskeleg å finne gullforma når sentrale tillitsvalde har brukt dei siste månadene på å kaste skiftenøklar inn i Aps «legendariske valkampmaskineri».