Regnet fell på meg, så straumen går til deg

Kvifor skal folk på Vestlandet betale kraftlinjene som fører krafta ut av landsdelen?

KRAFT: Ikkje berre får folket i vest alt regnet, oppdemte fossar og utanlandseigde vindmøller på kvart nes, medan austlendingane får tørrvêret, straumen og møllefrie dalar. Vi må altså òg betale for driten, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Alice Bratshaug

I november stod ein kronikk på trykk i Nationen og fleire aviser i Sogn og Fjordane med tittelen «Kvifor straffa dei som bur nærmast krafta?»

Utgangspunktet var at vanlege straumforbrukarar i fylket må ta rekninga når nettet må rustast opp for å ta i mot ny, fornybar kraft som blir produsert i Sogn og Fjordane – kraft som skal ut til heile landet. Eller til Europa for den del.

SFE Nett har investert 800 millionar kroner på grunn av nye kraftanlegg, 170 av dei for å få straumen frå det omstridde vindkraftanlegget på Guleslettene ved Florø ut på det nasjonale nettet.

Og det i eit fylke som allereie betalar 20 øre pr. kilowatt-time meir i nettleige enn folk i Oslo og Akershus.

Ikkje berre får folket i vest alt regnet, oppdemte fossar og utanlandseigde vindmøller på kvart nes, medan austlendingane får tørrvêret, straumen og møllefrie dalar. Vi må altså òg betale for driten.

Akkurat det skreiv ikkje kronikkforfattaren, sjefen for kraftlinjene i fylket, direktør Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi (SFE) sitt nettselskap. Men kanskje han tenkte det.

Uansett tyder mykje på at han hadde ein plan. Kronikken stod på trykk kort tid etter KrFs landsmøte vedtok å forhandle seg inn i ei borgarleg regjering, og hadde i Firdaposten ingressen «I dei nye regjeringsforhandlingane ligg no sjansen til å gjere noko med nettleiga».

Den lokale KrF-representanten, unge Tore Storehaug, hadde allereie lenge kjempa for lågare nettleige i heimfylket. Og no leverte han:

I plattforma til den nye regjeringa står det at dei skal «utrede og fremme tiltak for å utjevne nettleien for alle forbrukere gjennom et mest mulig effektivt organisert strømnett». Det er liten tvil om at det var KrF som fekk formuleringa inn i plattforma, etter at dei først fekk det inn i statsbudsjettet.

Men her, som så ofte elles, ligg fanden i detaljane. Ifølgje NVE, som greier ut slikt for regjeringa, er det ein motsetning mellom første og andre ledd i formuleringa ovanfor. Jamnar du ut nettleiga, vil du, ifølgje NVE, gjere utbygginga og vedlikehaldet av nettet mindre effektivt.

Med andre ord: Jamnar du ut prisen, blir nettleiga høgare, for alle.

Årsaka er at nettselskapa i dag tener på å drive nettet effektivt: NVE fastset kva nettselskapa har lov å krevje av kundane i nettleige, basert på kor dyrt nettet er å drifte. Her spelar mellom anna folketettleik og topografi inn.

Er selskapa effektive og klarer å drifte nettet rimelegare, får dei ein forteneste.

Innfører regjeringa derimot ein lik pris over heile landet, noko som blir omtalt som «frimerkeprinsippet», vil nettselskapa miste denne påskjøninga. Dei vil òg sleppe presset frå eigne kundar. I alle fall ifølgje NVE.

Fleire utgreiingar, den siste store i 2010, har konkludert på liknande vis.

Det verkar merkeleg at det skal vere så vanskeleg å leggje inn ein mekanisme for å motivere selskapa til å drifte effektivt, sjølv om prisen til sluttkundane blir utjamna.

Til dømes kan dei to omsyna frikoplast, ved at Stortinget subsidierer nettleiga der prisane er høge. Faktisk hadde vi ei slik ordning fram til 2017. Men den vart vedtatt avvikla, fordi styresmaktene meinte at den òg gjorde nettselskapa slappare:

Viss nettselskapa berre kan velte høge driftskostnader over på staten, har dei mindre press på seg for å drive meir effektivt. Då kan andre omsyn, som å sikre fleire lokale arbeidsplassar, vege tyngre.

Eit anna omsyn, som mellom anna har vore viktig for KrFs nye regjeringsvener Venstre, Høgre og Frp, er at utjamningar minskar presset for å slå saman nettselskap. I dag er det 121 nettselskap i landet, dei fleste knytt til lokale kraftselskap.

Slår du desse småtassane saman med gigantar som Hafslund (Oslo) eller BKK (Bergen), vil nettleiga bli lik i heile det nye området utan at ein mister presset for å drive effektivt. Det er svaret frå dei tre regjeringspartia.

Eit anna alternativ, som av ein eller annan grunn (kanskje politisk?) ikkje har blitt greidd ut, er å la Statnett ta over heile kraftnettet. Dei driv allereie dei store overføringslinjene mellom landsdelane.

At det offentlege eig infrastrukturen og private konkurrerer om å lever innhaldet, i dette tilfelle straum, er ein relativt vanleg måte å sikre fri konkurranse på.

Nettet er eit naturleg monopol, og slikt er det fornuftig at fellesskapen eig. Akkurat som jarnbanen eller infrastrukturen til fylkeskommunale kollektivselskap som Skyss i Hordaland eller Ruter i Oslo.

Men òg her kan ein innvende at presset for effektiv drift blir redusert, sjølv om det vil vere stordriftsfordelar. Mellom anna vil fråvær av samanliknbare selskap gjere det vanskeleg for styresmaktene å vite om drifta faktisk er effektiv.

Få vil vere usamde i at det er grovt urett at dei som bur nær kraftproduksjonen blir straffa, for å bruke orda til SFE-direktør Aase. Akkurat det systemet er det faktisk allereie gjort noko med. Frå 1. januar blir nye kraftprodusentar pålagt å betale meir av investeringane som trengst for å frakte krafta deira ut. Men det gjeld ikkje selskap som allereie har søkt konsesjon, som Guleslettene.

Men mesteparten av årsaka til at nettleiga er dyrare i Sogn og Fjordane enn i Oslo er at det er færre folk å dele rekninga på, og at det er fleire fjell og fjordar som må kryssast.

Difor får ein ikkje gjort noko med prisforskjellane utan at ein tek i bruk eit døyande prinsipp, om at prisen for grunnleggjande tenester skal vere lik over heile landet. Akkurat som prisen på frimerke.

Såleis er kampen Tore Storehaug og hans meiningsfeller kjempar større enn straumrekninga. Det er ein kamp mot kost-nytte-mannen og hans kjempestore kalkulator. Den som viser at distrikta ikkje løner seg.