Signingsferd

Tesla? Så 2017.

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

Foto: Bjørn Erik Larsen (illustrasjonsfoto)

Hadde eg hatt førarkort, ville eg kjøpt meg ein elbil. Avgiftsfritt, momsfritt, bompengefritt, parkeringsfritt, køfritt. Æresgjest på ferja til Utbjoa. Miljømedvit og berekraft. Og gratis straum.

Hadde eg hatt førarkort og pengar, skulle eg kjøpt meg ein el-suv. Sport Utility Vehicle, om eg må be. To konebilar og ein hjorteskrott i bagasjerommet. Alt fritt, og konge på miljøhaugen.

Tesla? Så 2017. Jaguar. Heilelektrisk. Firehjulsdrift. Blodraud. Kufangar som spesialutstyr. Tweedjakke frå Ytre Hebridane. Nysmurde beksaumstøvlar med ståltupp. Søkjestong til rasutsette område. Pappasnop.

Tredjekvar nyproduserte elbil er no ein suv. Det tetnar til på Hardangervidda. Det tetnar til i Ytrebygda. Asfalten ynkar seg. Kufangarane vippar ut motoriserte rullatorar med blekktak. Mammafritt. #metoo-fritt. Berre pappa og villmarka.

Bensinlukt er for sniffararmed høgdeskrekk. Diesel er for asylsøkjarar på Jan Mayen. Dieselbilar med tysk kvalitet får du no til utgåttpådato-prisar i astmatiske, tyske storbyar. E-suvar til norsk pris finst ikkje i Tyskland. Tyske kvinner føder endå færre barn enn norske kvinner.

Hadde eg hatt ein Jaguar med kufangar, ville eg ikkje hatt bruk for hytte på fjellet. Alle som såg meg med tweedjakke frå Ytre Hebridane, ville forstått at eg kunne forsert fem vinterstengde fjellovergangar og førti kilometer på kjerregrusveg og tre kilometer blautmyr med ein heil elg i bagasjerommet. Eksosfritt. Om eg ville.

I ein el-suv sit pappaer høgt heva over asfalten. Som i ei panservogn mot fossilkameratane. Miljømedvit og berekraft må synast fram for å få gjennomslag. Pappaer med villmarka inni seg må synast fram for å vera berekraftige. Heilelektriske, firehjulsdrivne Jaguarar med gratis straum og fri tilgang til kollektivfelt aukar den internasjonale konkurransekrafta.

Publisert: