Fylkeskommunal i hovudet

Eg elskar fylkeskommunen! skriv Asbjørn Kristoffersen.

EIRIK BREKKE
  • Asbjørn Kristoffersen

Hordaland fylkeskommune! Seier du det til ein italienar, høgt og tydeleg, med full trykk på kvar staving, trur hen ganske sikkert at du bannar. Og det gjer du kanskje. Berre eit lite år att, så skal du seia Vestland fylkeskommune. Det høyrest ut som eit stille sus i juletreskogen i Hallingdal.

Det finst folk som ikkje ofrar ein tanke på fylkeskommunen sin. Hadde det ikkje vore for ryggsekkane med hordalandsreklame, som tusentals elevar i vidaregåande skular og altfor mange nedsigne, fylkeskommunalt tilsette går og drassar på, ville dei vel ikkje visst at dei inntil vidare er loggførte som hordalendingar. Anten dei vil eller ikkje.

Den såkalla regionreforma er eit lass med tull og tøys, knadd i statleg maktmarinade. Viken fylkeskommune, lzm! Eit misfoster som strekkjer seg frå harryhandel til hallingkast, i planfri u-sving kring Oslo. Å gjera Oslo til ein kommune i Viken, på line med Bergen kommune i Vestland fylkeskommune, går langt ut over Erna Solbergs politiske vågemot. Å koka spikarsuppe på finnmarkingar, er mykje meir kortreist statskunst.

Aller helst ville statsministeren samla heile landet til eitt Viken, på eitt fylkesfat. Kvar kommune for seg, Oslo mot røkla. Men ettersom folk ikkje veit sitt eige beste, måtte det bli Viken på kryss og tvers, Finnmark pluss Troms, Vestland minus Vestlandet.

Når sogningar og fjordingar og hordalendingar (inklusiv bergensarane) er samla i eitt rike, kan vi berre vona at rogalendingar og sunnmøringar snart vil hoppa i høyet saman med oss. Eitt Vestlandet, ein million vestlandsfandenar. Oslo og Viken og Erna Solberg kunne gått hem og vogget.

I mellomtida må vi berre lata som vi er ein million, eller kvifor ikkje to millionar? i den nye fylkeskommunen vår. Vi må blåsa oss opp og kjeftamanga oss opp som om vi alle skulle vore bergensarar. Ein fylkeskommune og to millionar skrikhalsar. Eg elskar fylkeskommunen!