Gøy på landet

Snart vil dei einaste folka i norske bygder vere pensjonistar og feriegjestar.

FOLK OG HUS: Utkantane har ei sikrare framtid som ferieparadis enn bustad. Av dei 57 kommunane i det nye Vestland fylke, vil dei fleste få færre folk i arbeidsfør alder dei neste tiåra, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Eirik Brekke

Publisert:

Eit av dei merkelegaste trekka ved fråflyttingstruga norske bygder er at dei ofte slit med å skaffe nok hus. Folk som vil flytte til bygda, får ikkje kjøpt seg ein stad å bu. Trass i at stadig fleire hus står tomme.

Forklaringa finn du no om sommaren. For då er det folk i husa. Bybuande utflyttarar og deira etterkomarar kjem heim att for å nyte forfedranes grøne marker. Og har dei ikkje høve til å dra sjølve, fordi hytta på fjellet eller badeferie i Hellas freistar meir, kan dei konvertere slektshuset til ei pengemaskin, ved å leige det ut til turistar på Airbnb.

Og når hausten kjem og turistane og feriefolket dreg sin veg, blir husa igjen overlatne til seg sjølve.

Å bu i Utkant-Noreg er ein kamp i motbakke. Eg vaks opp med ein far som gløda for å skape heilårsarbeidsplassar i bygda. Når nokon flytta heim att, eller når ein unge vart fødd, var det ei storhending. Eitt slag vunne.

Men krigen. Krigen er bygdene i ferd med å tape. Og no veit eg at mange blir oppgitt over det eg skriv. For kampen for bygdene krev så mykje energi, at den ikkje maktar særleg motstand. Utviklinga er meir enn nok motstand i seg sjølv. Difor er det eit krav om å vere positiv, eller halde kjeft.

Så det sit langt inne for ein utflytta bygdis som meg å skrive dette. Men eg trur ikkje noko kan løysast ved å late som om problema ikkje eksisterer.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har sidan 1986 rekna på utvikling i folketal delt inn etter kor sentrale kommunane er. Det er tal som seier ganske mykje. Ein ting er at folketalet har gått ned i dei minst sentrale og opp i dei mest sentrale kommunane.

Meir alvorleg, og talande, er forskjellane for dei yngste aldersgruppene. I dei minst sentrale kommunane har talet på barn 0–15 år gått ned med nær 40 prosent på 30 år. 43.000 barn er borte. I dei mest sentrale har det blitt over 100.000 fleire ungar, ein vekst på 28 prosent.

Det er i denne statistikken ein finn årsakene til at skular i distrikta blir lagt ned, medan byane byggjer nye.

Folketalet i distrikta har ikkje gått like dramatisk ned, men det skuldast at talet på pensjonistar går opp. Og framover vil eldrebølgja forsterke denne forgubbinga, viser SSB sine framskrivingar.

Utviklinga blir endå tydelegare om vi ser på dei einskilde kommunane (sjå tabell).

I Hordaland og Sogn og Fjordane, som snart skal slå seg saman til Vestland fylke, er det 59 kommunar. Av desse vil 38 ha ein nedgang i talet på barn og unge (0–19 år) fram til 2040, ifølgje SSB. Og heile 37 av 59 kommunar vil ha nedgang i talet på folk i arbeidsfør alder (20–66 år). Ingen vil ha nedgang i talet på pensjonistar. Tvert om. Her blir det ein kraftig vekst dei fleste stader.

Det nye fylket vil i hovudsak berre ha eitt markant vekstområde, der det blir fleire ungar og folk i arbeidsfør alder: Bergen og pendlarkommunane rundt (inkludert Voss). I tillegg blir det òg spådd vekst i nokre einskildkommunar, som Jondal, Sveio og Stord.

I Sogn og Fjordane går det stort sett feil veg. Sjølv i tettstadene er det berre høgskulebygda Sogndal som kan vente seg vekst i talet på unge.

Sentraliseringa mot byar og tettstader skjer over heile verda, og er ikkje lett å gjere noko med. Stadig færre jobbar i landbruket, og stadig fleire tek høgare utdanning. Og i eit stadig meir kunnskapsintensivt næringsliv har byar, med universitet, høgskular, kulturtilbod og kritisk masse av likesinna, ein stor fordel.

Men Noreg er eit spesielt land. Mesteparten av industrien, oljenæringa og havbruket, det som finansierer dette oljefeite landet, held til utanfor dei store byane. Ikkje minst langs kysten frå Agder til Møre.

Og turistnæringa, som er spådd ein kraftig vekst i tiåra framover, lever av å vise fram eit levande kulturlandskap, ikkje tomme kulisser.

Distriktspolitikk har ein tendens til å bli framstilt som u-hjelp, som sjenerøse gåver, ikkje minst i eit visst sjikt blant hovudstadens urbanistar. Synet blir forsterka av kost-nytte modellane staten brukar, til dømes når dei avgjer lønsemda av ein veg.

Desse modellane kan fort òg bli sjølvforsterkande, når ein straumlinjeforma infrastruktur gjer det endå meir attraktivt å flytte til byane. Ingen del av Noreg er i nærleiken av å vekse så raskt som Oslo-området.

Men det blir fort eit problem for dei nemnde næringane, som landet jo òg er avhengig av for å betale velferdsstaten i framtida. Når talet på folk i arbeidsfør alder går ned får dei eit problem. Og når Sogn og Fjordane har den lågaste arbeidsløysa i landet er det ikkje eit teikn på at alt er vel. Det er eit teikn på at fylket manglar folk.