Mannsidealet som bleikna

Kva er vitsen med å bli pilot?

Marvin Halleraker

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Kva ideal har kvardagsmannen igjen å sjå opp til, misunne, fantasere om? I alle fall ikkje pilotar.

Ein gong var flygar det ultimate fantasiyrket. Glattbarberte, solbrune barskingar som flaug rundt i verda omsverma av snasne flyvertinner.

Streiken til SAS-pilotane har viska vekk det som måtte vere att av glansbiletet. Pilotane, viser det seg, er kvardagsslitarar som flyg triste rundt, fordi dei ikkje får sjå ungane vekse opp, og som ikkje kan planlegge feriar.

Ikkje tener dei så fantastisk godt heller, i alle fall ikkje dei yngre flygarane, når du tek med at dei jobbar skift, ikkje får betalt ekstra for overtid og helgejobbing, og at dei gjerne byrjar med ein million kroner i gjeld, etter å ha betalt for si eiga utdanning.

Ok. Seniorane, dei med lang fartstid, tener jo godt over millionen. Men dei er utdøyande.

Og då har vi ikkje byrja å snakke om flyskam.

Les også

SAS-streiken over, men 61 avganger i Norge innstilt fredag

SAS-streiken er berre den siste delen av pilotanes lange, seige fall frå yrkeslivets statustopp. Fallet byrja på mange måtar i pilotfantasiens heimland, USA, i 1978.

Fire år tidlegare hadde dei arabiske oljeprodusentane i OPEC stengt oljekranane, i protest mot vestens støtte til Israel i krigen mot Egypt. Den kraftige prisveksten på olje som følgde, gjorde det å fly endå dyrare enn før. Løysinga vart å sleppe marknadskreftene laus.

Fram til då hadde flymarknaden, også i USA, vore strengt regulert. Staten bestemte kven som skulle få flyge, kvar og når. The Airline Deregulation Act opna for tilnærma fri konkurranse.

I løpet av 1980-talet snudde lågprisselskap, med Southwest Airlines i spissen, opp ned på amerikansk luftfart. Prisane på flyreiser fall kraftig, og det same gjorde lønningane til dei som jobba der.

I 1991 gjekk USAs fremste flyselskap, Pan American World Airways, konkurs. Med PanAm forsvann eit av dei fremste symbola på den glamorøse tidsalderen i lufta.

Europa låg 15–20 år bak USA. Frå 1992 var luftfarten i EU gradvis liberalisert, og lågprisselskap som Ryanair tok opp konkurransen. I Noreg vart det først fart på konkurransen då Norwegian starta opp i 2002. Dei første to åra etter fall billettprisane på norske innanlandsfly med over 30 prosent.

For alle oss som ikkje jobbar på flya, har liberaliseringa vore fantastisk. Fly har gått frå ei eksklusiv vare for rike forretningsreisande, til ei rimeleg massevare.

Men for pilotane og kabinpersonellet i gamle storselskap som SAS, har det ikkje vore så gøy. I 2012 var SAS på veg mot konkurs. Då aksepterte dei tilsette dårlegare pensjon og lønskutt for å hjelpe selskapet.

Det vart det snakka mykje om under SAS-streiken, som vart avslutta seint torsdag kveld. Men konkurransen frå lågprisselskapa gjer òg at flygarar og kabinpersonale no får langt tettare dagar enn før.

Ein SAS-kaptein eg snakka med, fortel at han på midten av 1990-talet gjerne flaug ein tur til Europa og heim for dagen, 7–8 timar. No flyg han ofte to, og jobbar 11–12 timar.

Andre fortel at dei tidlegare kunne overnatte i fleire dagar og oppleve eksotiske reisemål saman med resten av crewet, medan dei i dag ikkje rekk å sjå stort meir enn utsikta frå eit flyplasshotell, før dei dreg heim.

Men når arbeidsplassen er truga, stiller arbeidstakarane svakt i forhandlingar. Motstandaren til SAS-pilotane er såleis ikkje selskapet, men politikarane som fjerna selskapets vern mot lokal og global konkurranse.

Dei siste åra har SAS gått med milliardoverskot, men problema er langt frå over. Liberaliseringa har kasta flybransjen inn i ei evig jakt på lågare kostnader. Og den jakta er internasjonal.

Eit resultat er at selskapa etablerar seg i land med låg skatt og svake krav til løns- og arbeidsvilkår. Som Irland. Etter å ha stempla den irske lågprisgiganten Ryanair som versting i mange år, oppretta Norwegian eit irsk dotterselskap i 2013.

I 2017 følgde SAS etter. Frå basar i mellom anna England og Spania, driv SAS sitt irske dotterselskap eigne fly med lokalt mannskap, på lokale lønningar. Den norske konserndirektøren i SAS, Eivind Roald, skildra fordelen slik i 2017:

«Besparelsene her er at skatter, pensjonskostnader, sykelønnsordninger og andre omkostninger er langt lavere både i England og Spania. Når f.eks. en pilot i Sverige får en million i lønn, betaler vi den samme summen til staten i form av ulike sosiale omkostninger.»

Dette dotterselskapet stod sentralt under streiken. Rett før streiken sa SAS-leiinga opp ein avtale som sikra dei skandinaviske pilotane eineretten til å flyge inn og ut av Skandinavia. Pilotane frykta å bli erstatta av kollegaer i dotterselskapet.

Då SAS-sjef Richard Gustafson erklærte streiken over torsdag kveld, fortalde han at pilotane hadde fått tilbake denne avtalen. Det var kanskje den viktigaste sigeren pilotane fekk i årets streik. Så får vi sjå, kor lenge sigeren varer. Jakta på kostnader er ikkje over.

Og glamouren? Den er nok tapt for alltid. Men ein ting skal pilotane likevel ha: Dei har ein jobb med fin utsikt.