Klimahelt

Vi burde bli sett meir pris på, vi som korkje har bil eller førarkort.

Publisert: Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

Foto: Helge Skodvin (illustrasjonsfoto)

Eg forventar inga bukking og skraping. Eg er ikkje slik. Vi som er framfødde på nordavind og nåde er smålåtne folk. Men skal eg vera ærleg, må eg seia at vi burde bli sett meir pris på, vi som korkje har bil eller førarkort. Vi er meir berekraftige enn dei aller fleste det fell naturleg å samanlikna oss med. For å seia det rett ut: Det er vi som er dei sanne klimaheltane.

Vi får ikkje statlege gulrøter til 4,2 milliardar kroner i året, slik dei som kjøper seg elbilar med avgiftsfritt konsertlydanlegg kosar seg med på veg til jobb. Bortimot frikopla for klimagassar, får vi ikkje så mykje som ein gratis ferjebillett til takk og oppmuntring. Eg tillèt meg å gje uttrykk for at det er surt å bli teken for sjølvsagt. Som skulle eg vera hønemora til alle tesla-moralistar.

Det er ikkje mange av oss. Sanne heltar og føregangsmenneske er alltid fåtalige. Eit lite tilskot til skoslit og sveitteduk og honorære premiering på konto, ville knapt merkast i offentlege kassar. Eg er ikkje ute etter nokon fotgjengarstatue på Bryggen. Mitt einaste ønskje er løn som fortent. Ei passande stor gulrot for alle som vil gå i mine fotefar med minimale klimaavtrykk. Det nye byrådet og det nye fylkesstyret må sørgja for at Bergen og Vestland blir ein verdsleiande region for førarkortlause innbyggarar.

Eg seier ikkje at eg greier meg utan biltransport. Det er for langt å gå frå Medietunet til Voss. Det er for drygt å ro frå Hjellestad til Austevoll. Eg er avhengig av folk som stod til førarprøven. Men det er sjeldan nokon tilbyr meg skyss. Og mine karbondioksidutslepp kan alltid delast på fleire.

Sjåførar er dessutan eit solnedgangsfenomen. Førarlause bussar er å finna i mange norske byar, om enn ikkje i Bergen. Det kan ikkje vara lenge før eg kan appa meg ein mindre bil etter behov. Då blir det nok min tur til å betala bompengar i indre, midtre og ytste ring. Så lenge eg berre har sete på i ein bil, har eg kunna trøysta meg med at den verste klimasyndaren blant oss fekk betala.

Publisert: