Demring i oppdrettsbransjen

Oppdrettsnæringa byrjar å forstå det, at dei må bli ein del av samfunnet om dei skal bli elska. Og jammen vil dei ikkje betale litt for det òg.

Publisert Publisert

TIDSÅND: Oppdrettsveteran Per Grieg jr. drøymer om at folket skal bli like glad i lakseoppdrettarar som i laksen. Då spørst det om det er nok med berekraftsmål. For folket har fått ferten av laksemilliardane, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

  1. Leserne mener

Per Grieg jr. har sett lyset. På bransjetreffet AqKva i førre veke la styreleiaren for landets fjerde største oppdrettsselskap, Grieg Seafood, fram sin visjon for framtida.

– Vi må forstå at vi har eit ansvar, at vi har ei samfunnskontrakt, ein «license to operate». Vi må forstå tidsånda, sa Grieg.

Det er ei gryande oppvakning i oppdrettsbransjen. Det tydelegaste teiknet kom veka før bransjetreffet i Bergen: Etter ein årelang kamp mot å betale for å bruke norske fjordar, har oppdrettaranes eigen organisasjon snudd.

Sjømat Norge støttar no kravet frå kystkommunane om ei arealavgift. Den skal gå direkte til kommunane der oppdrettsanlegga er.

Støtten er eit openbert forsøk på å kome forslaget om ein grunnrenteskatt i forkjøpet. Kystkommunane meiner 35 øre pr. kilo laks kan vere eit greitt nivå. Dette vil gje kommunane over 300 millionar kroner i året.

Mykje pengar, men berre ein brøkdel av den ekstra profitten næringa tener på eksklusiv tilgang til norske fjordar, ifølgje Havbruksskatteutvalet. Dette ekspertutvalet foreslo i november ein grunnrenteskatt som ville koste næringa rundt sju milliardar kroner i året.

Les også

Hans K. Mjelva: Oppdrettarane kan ikkje bestemme sin eigen skatt

Sjømat Norge førte i fjor ein effektiv lobbykampanje mot Havbruksskatteutvalet, som gjorde at tre av dei fire regjeringspartia avviste heile ideen om ein grunnrenteskatt eit halvt år før utvalet konkluderte.

Men når bransjen no likevel foreslår å pålegge seg sjølv ei arealavgift, vitnar det om at dei ikkje kjenner seg trygge. Onsdag i førre veke vart det kjent at programkomiteen i Venstre foreslår at partiet seier ja til grunnrenteskatten, i utkastet til nytt prinsipprogram.

Dermed kan regjeringspartiet snu på landsmøtet i april.

Sjølv om eit vedtak i Venstre ikkje vil vere nok til at dagens regjering vil innføre skatten, er det eit forvarsel på det som kan kome.

Dess lenger ut på 2020-talet vi kjem, dess meir freistande vil det bli for regjeringa å pålegge oppdrettsbransjen ein slik skatt. Fallande oljeinntekter og høgare utgifter til pensjonar, omsorg og helse vil skape eit sug etter pengar.

Så lenge oppdrettsbransjen held fram med superprofitt basert på eksklusiv tilgang til norske fjordar, vil dei vere eit freistande mål. For veljarane kan fort alternativet bli høgare skattar for andre, eller kutt i velferd og vegutbygging. Då blir valet enkelt.

Oppdrettsnæringas beste forsvar er alliansen dei no bygger med kystkommunane. Hovudproblemet med forslaget frå Havbruksskatteutvalet var at dei ville sluse både dagens pengar og grunnrenteskatten til staten. Staten skulle så sende delar av pengane tilbake til kommunane.

Utvalet tok ikkje stilling til kor mykje kommunane skulle få. Dessutan ville oppdrettskommunane truleg sitje att med lite, fordi utjamningssystemet mellom kommunane ville fordele pengane ut til resten av Kommune-Noreg.

I neste omgang kunne så Finansdepartementet lett fjerne heile greia ved å kutte i dei generelle overføringane til kommunane. Og vipps, så hadde staten tatt heile kaka.

Dette var hovudårsaka til at forslaget vart torpedert. Utvalet fekk heile distrikts-Noreg mot seg, og gjennom distriktas folk vart politiske parti, LO, NHO og landets kommunar vend mot forslaget.

Med mindre nokon kjem opp med ei ordning som i større grad øyremerker inntektene til distrikta, vil denne alliansen gje oppdrettsnæringa eit rimeleg godt vern mot grunnrenteskatten. Sentralisering vil neppe bli eit mindre heitt politisk tema det neste tiåret.

På Hotel Edvard Grieg vart komponistens fjerne slektning, Per, lyrisk mot slutten av innlegget:

– Alle elskar laks, men ingen elskar lakseoppdrettarar.

Grieg hadde mange forslag til kva oppdrettarane burde bli betre på: Miljø («vi skal vere villaksens beste ven»), naboskap, klima, dyrevelferd og så vidare.

For ein bransje som lever av å selje eit høgstatus-produkt over heile verda, har det store konsekvensar om forbrukarane tvilar på kvaliteten i og etikken rundt den raude fisken.

Men i Noreg er det ikkje lenger nok med berekraft. For storsamfunnet har fått teften av laksemilliardane, og no har oppdrettsnæringa sagt at dei vil dele litt. Så spørst det om litt er nok.

Publisert