Brexit på EUs nåde

Brexit blir berre pinlegare for britane kvar einaste dag som går. I natt gav EU britane lov til å utsetje utmeldinga endå ein gong.

PÅ GANGEN: – Nok ein gong møter May seg sjølv i døra. Det ho såg på som uakseptabelt for nokre veker sidan, blir no ein realitet. Og ho sat ikkje eingong i rommet då avgjerda vart tatt, skriv Morten Myksvoll.

YVES HERMAN, NTB Scanpix

Statsminister Theresa May måtte sitje på gangen til godt over midnatt onsdag, for å vente på kva standpunkt EU landa på.

Det må vere audmjukande for britane, som stemte for å forlate EU for snart tre år sidan. Først skulle dei forlate EU 29. mars. Så 12. april eller 22. mai.

May foreslo 30. juni, men fekk ikkje gehør. No får May til 31. oktober å ordne opp i sitt eige underhus. Klarar ho å få ein avtale til før den tid, kan britane endeleg forlate EU.

– Brexit betyr brexit, sa May før. Det har ho slutta med. For no betyr det berre utsett.

EU-president Donald Tusk ville helst gi britane lenger tid. Rapportane frå onsdagens toppmøte tyder på at det var den franske presidenten Emmanuel Macron som var mest kritisk til å utsetje heile brexit til neste vår.

Macron gjekk likevel med på ei utsetjing som betyr at britane ikkje berre må stille til val i EU-parlamentet, men òg stille opp med folkevalde når parlamentet byrjar arbeidet sitt.

Det skjer i starten av juli.

Og her ligg forklaringa på kvifor May ville ut seinast 30. juni. Ho kunne gå med på å delta i EU-valet, men ho ville ikkje sende ei ny gruppe med politikarar til EU-parlamentet.

For nokre veker sidan sa ho at det ville vere uakseptabelt.

EU kunne ikkje akseptere ei så kort utsetjing som May bad om. Det var nemleg umogeleg å feste lit til «planen» som den britiske statsministeren har laga for å få utmeldingsavtalen gjennom parlamentet.

Ein utmeldingsavtale som britiske politikarar har sagt nei til med overveldande fleirtal – tre gonger.

Planen til May stod i brevet ho sende til Tusk i førre veke. Der skildra ho samtalane sine med Labours Jeremy Corbyn, som foreløpig ikkje har ført til noko som helst.

Difor blir ei lenger utsetjing ei ekstrastraff for Theresa May. Nok ein gong møter May seg sjølv i døra. Det ho såg på som uakseptabelt for nokre veker sidan, blir no ein realitet.

Og ho sat ikkje eingong i rommet då avgjerda vart tatt.

Det er vanskeleg å sjå for seg kva det neste steget skal vere.

– Ikkje kast vekk tida, sa Tusk på pressekonferansen i natt. Men May er svært langt unna å få parlamentet med på ein avtale, og EU nektar framleis å gå i nye forhandlingar om utmeldingsavtalen.

Samtidig vil ikkje EU tvinge Storbritannia til å gå ut av unionen utan ein avtale, då det set Irland i ein svært vanskeleg situasjon. Landegrensa mot Nord-Irland vil då bli stengt, noko som set heile fredsavtalen der i spel. Då EU-leiarane diskuterte brexit på onsdag, var det nøyaktig 21 år sidan den avtalen vart signert.

Heile situasjonen er fastlåst. Det kan den fort vere i oktober òg.

Berre dei mest ideologiske brexit-forkjemparane ønskjer å gå ut av EU utan ein utmeldingsavtale. I dag skal Theresa May møte mange av desse. Ho må nemleg til parlamentet for å oppdatere politikarane på situasjonen.

Heldigvis for May, så vil ho nok få eit fleirtal bak seg for å utsetje brexit denne gongen òg. Det er dessverre det einaste det er fleirtal for i den salen.