Hundre milliardar er berre starten

Tusenvis av bedrifter kan gå konkurs i koronakrisa. Det vil ikkje regjeringa kunne leve med. Difor kjem det meir. Mykje meir.

Publisert Publisert

Søndag kveld la finansminister Jan Tore Sanner (H) og statsminister Erna Solberg (H) fram ein lånepakke på 100 milliardar, for å hjelpe norske bedrifter som er råka av koronakrisa. Rett medisin no, men meir må følgje, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Terje Pedersen, NTB Scanpix


  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er 20 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Søndag kveld varsla regjeringa to nye lånetiltak til norske bedrifter. 100 milliardar kroner, der halvparten er lånegarantiar til små og mellomstore bedrifter og resten obligasjonslån til større bedrifter.

Det bør halde i første omgang. Legg ein til at regjeringa òg firar på krava til bankane for å låne ut pengar, vil neppe norsk næringsliv mangle kontantar dei første vekene.

Slik sett er tiltaket eit godt svar på dei akutte betalingsproblema mange bedrifter har kome i, etter at inntektene deira har forsvunne over natta på grunn av koronakrisa.

Garantiane gjer at bedriftene kan låne pengar, slik at dei kan betale rekningane den første tida.

I tillegg varsla statsminister Erna Solberg (H) nok ei betalingsutsetjing, denne gongen på arbeidsgjevaravgift.

Les også

Regjeringen med korona-krisefond på 100 milliarder til norsk næringsliv

Felles for desse og tidlegare lova tiltak er at dei i hovudsak utset problemet for bedriftene.

Det vil vere hovudpoenget med den første krisepakken, som Stortinget venteleg vil vedta i morgon, måndag.

Der vil staten, i tillegg til å gje betalingsutsetjing på fleire skattar og avgifter, òg overta lønsplikta for arbeidarar som no blir permittert (med unntak for dei to første dagane).

Pakken vil gje bedriftene pusterom. Heldigvis ser det òg ut til å bli breitt fleirtal for at dei permitterte får full løn dei første 15 dagane, og ikkje berre dei to første dagane, som regjeringa har foreslått.

Men problema for bedriftene vil ikkje vere slutt med dette. Dei som er hardast råka i første omgang, er stort sett i servicesektoren.

Varehandelen kan kanskje ta att noko av det tapte, ved at folk handlar meir når dei kan byrje å gå fritt rundt i samfunnet igjen.

Men for hotella, restaurantane, flyselskapa, utelivsbransjen og så vidare vil inntektene vere tapte for alltid.

Difor vil regjeringa fort kunne bli pressa til å gje direkte naudhjelp etter kvart.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) sa på pressekonferansen søndag kveld at vi må rekne med konkursar.

Men så skjør som økonomien er i mange i desse bransjane, kan konkursar fort få eit omfang som vil gjere det politisk umogeleg å unngå direkte eller indirekte statsstøtte.

Den ideologisk minst vanskelege måten å gjere dette på, er å frita bedriftene for ulike offentlege skattar og avgifter ein periode.

Om dette kjem og kor omfattande det blir, er heilt avhengig av kor lenge Noreg blir verande stengt og folk blir verande redde for å gå ut. Det kan fort ta fleire månader.

Då vil tusenvis av bedrifter kunne gå over ende. Det vil ikkje regjeringa kunne stå og sjå på. Difor kjem det meir. Mykje meir.

Kommentatoren kjem frå ein familie som eig eit frittståande hotell på Sunnmøre. Hotellet er i dag eigd av hans bror. Kommentatoren har sjølv ingen eigarinteresser i hotellet.

Publisert