Denne tomta fortener namnet Bergens Balkan. Er det likevel mogeleg å slutte fred?
Ein byarena kan bli vår tids viktigaste kulturbygg i Bergen. På veg dit er det berre ei uhorveleg liste med problem som må løysast.
- Jens KihlKulturredaktør
Tenk deg 12.000 euforiske vestlendingar juble for Enslaved, Aurora eller Alan Walker – eller for den del Lana Del Rey, Kendrick Lamar eller The Chicks. Varmt og tørt, med god lyd og eit lys- og sceneshow Bergen ikkje har sett maken til.
Kort sagt: Ein byarena kan bli Bergens viktigaste kulturbygg på denne sida av tusenårsskiftet. Koengen er fantastisk, men ti månader i året er Bergen ein kald og våt by. No må vi få ein skikkeleg storstove til kulturen.
Det er berre eitt lite problem: Tomta som er tiltenkt byarenaen, må vere den vanskelegaste å byggje på på heile Vestlandet (med eit mogeleg unntak for traseen framfor Bryggen).
Les hele saken med abonnement