Høgre har brukt opp pengane, så no må Vedum spare
Det er i krise ein kan få gjort det som er upopulært, men naudsynt.
- Hans K. MjelvaKommentator i BT
Erna Solberg (H) sine statsbudsjett vart stort sett innleia av månader med lekkasjar om milde gåver til heile landet. I forkant av årets statsbudsjett, som kjem torsdag, har det knapt vore ei einaste gladsak. Og bra er det.
Solberg-regjeringane levde over evne. Held vi koronaåra 2020–21 utanfor, auka underskotet på statsbudsjettet i snitt med 18 milliardar kroner i året.
Knapt eit år før dei gjekk av, toppa Solberg-regjeringa det heile med å krevje at etterkomarane må stramme inn livreima. Den årlege veksten i oljepengebruken måtte ned til null, fortalde dåverande finansminister Jan Tore Sanner (H) i perspektivmeldinga, som han la fram i februar 2021.
Så sjølv om vi ikkje hadde fått Ukraina-krigen og krisa den har ført med seg, ville Støre-regjeringa bli nøydd til å kutte i pengebruken.
Les hele saken med abonnement