Æ å

Trøndelag Ap er fylkeslaget som aldri forstod kva #metoo handla om.

TILBAKE: Trond Giske er innstilt til å sitje i leiinga i Trøndelag Ap. Her er han på Ap-landsmøtet i 2013.

Gorm K. Gaare (arkiv)

Tore O. Sandvik, Aps fylkesordførar i Trøndelag, svarte slik i ei tekstmelding då Dagsavisen ville intervjue han om Giskes mogelege comeback: «Vil snakke om politikk som berører og beveger velgerne, ikke plaske rundt i Oslopressens andedam».

Om du trur at kampen for eit samfunn utan trakassering og frykt handlar om «oslopressens andedam», har både du og landets kvinner eit stort problem. Då har du rett og slett ikkje forstått kva det går i. Og han er ikkje åleine.

Ein samrøystes valkomité i Trøndelag Ap har levert si innstilling: Trond Giske er velkomen tilbake. No får han etter alt å døme sitje i fylkesstyret og arbeidsutvalet i Arbeidarpartiets største fylkeslag. Han blir vara til landsstyret og på alle måtar ein sentral aktør. Det er berre å gratulere.

Taparane er mellom andre kvinner over heile landet som har levert sine varsel mot Trond Giske. I fjor fekk dei støtte frå Arbeidarpartiet.

Leiinga slo fast at Giske hadde brote partiets regelverk om seksuell trakassering. Han mista nestleiarvervet og plassen som finanspolitisk talsperson. Men no er Giskes folk lei av å vente. Eitt år i fryseboksen var nok.

Det er eit alvorleg signal partia no sender. Ulf Leirstein får vere Frps fraksjonsleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, sjølv om han ymta frampå om gruppesex med ein mindreårig. Men Vibeke-Emilie Abrahamsen, som fekk kjennskap til lekkasjar frå Helge André Njåstads arbeid i Frps organisasjonsutval, er no ekskludert frå partiet.

Les også

Trond Giske blir ikke nestleder i Trøndelag Ap

Var det verkeleg her #metoo-rørsla skulle ende?

Fleire av dei som meiner Giske må få kome tilbake, peikar på hans unike evner som partistrateg. Det er på tide å stoppe litt opp ved det argumentet.

2017-valkampen, som Giske leidde, var ein strategisk katastrofe frå Aps side, slik mellom anna boka «Alle skal ned» av Lars Joakim Skarvøy og Marie Melgård dokumenterte.

Heller ikkje no ser den taktiske fingerspitzgefühlen å vere på plass.

Denne veka la den borgarlege regjeringa fram eit omstridt lovframlegg. Fosterreduksjon ved flerlinggraviditet skal ikkje lenger vere eit val som er opp til kvinna åleine.

Reint taktisk er saka eigentleg perfekt for Ap: Heile partiet kan mobiliserast til kamp for ei liberal abortlov, berre veker att til 8. mars.

Men det blir umogeleg for Ap å bli oppfatta som eit kvinneparti når Giskes folk same veke køyrer han fram i nye posisjonar. Då er Ap tilbake som den store #metoo-syndaren i norsk politikk.

Sjølvsagt kan Giske kome tilbake. Men denne gongen burde det vore kvinnene som vann.

Det blei aldri noko #metoo-endring i Trøndelag Ap. Det einaste som gjeld, er æ å.