Bakromsleiaren

Erna Solberg burde bedt Per Sandberg om å gå av. Ein statsminister kan ikkje berre drive leiarskap frå bakrommet.

PASSIV: Statsministerens samlande leiarevner er blitt hylla i fleire år. No ser me dei same runde formuleringane føre til at ho kjem skeivt ut, og at ho har vore konstant på etterskot, skriv Morten Myksvoll. Her er Per Sandberg og Erna Solberg på måndagens pressekonferanse. Heiko Junge, NTB scanpix

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Så seint som laurdag skreiv Per Sandberg (Frp) at han skulle stå til «Dovre faller». Måndag morgon fall mannen, og Sandberg gjekk av som fiskeriminister.

Skandalen byrja med det som var ei rekkje uproblematiske avsløringar. Han reiste på tur med sin nye kjæraste. Uproblematisk.

Den nye kjærasten hans er norsk-iranar. Uproblematisk. Dei reiste til Iran. Uproblematisk. Ho er ein tidlegare asylsøkjar. Uproblematisk.

Men så dukka det opp stadig fleire moment som faktisk var alvorlege, og som gjorde avgangen hans tvingande nødvendig. Per Sandberg har brote grunnleggjande tryggingsrutinar ved å ta jobbtelefonen med til Iran, og han har lete vere å melde frå til Statsministerens kontor om kvar han er.

No er han ferdig i regjeringa, truleg òg i rikspolitikken. Inn kjem Harald Tom Nesvik (Frp), men problema for regjeringa stoppar ikkje her.

Les også

KrF vurderer kontrollsak selv om Sandberg går av

No treng regjeringa offentleg leiarskap. Det er godt mogeleg at statsminister Erna Solberg (H) er tøff på bakrommet, og Sandberg var raus i ordbruken på måndagens pressekonferanse. Men etter at to av hennar statsrådar har gått av i skam, har ho enno til gode å setje ned foten offentleg.

Statsministeren vart tidlegare i år audmjuka av Sylvi Listhaug (Frp), som nekta å høyre på Solbergs råd om å slette den famøse Facebook-posten som førte til hennar avgang. Så unnlét Per Sandberg å varsle Statsministerens kontor (SMK) om Iran-reisa. Ifølgje dottera hans, var det fordi han frykta lekkasjar til hans fråseparerte ektefelle, statssekretær Line Miriam Sandberg.

Hans mistillit til statsministeren er heilt utruleg.

Solberg burde ha bedt Sandberg om å gå, men på pressekonferansen måndag sa ho at det var Sandberg som sjølv hadde bedt om det.

Dei som framleis trur på det borgarlege prosjektet kunne trengt ei stadfesting om at Solberg faktisk er sjefen til Frps statsrådar. Det fekk dei ikkje.

Det er ikkje nok at Solberg berre er einig i Sandbergs ønskje om å få gå av, eller at ho er ein god leiar på bakrommet. Ho må vise det til oss på utsida.

Les også

Morten Myksvoll: «Per Sandbergs ferietur til Iran er nærare ei scene frå komiserien «Yes, Minister» enn frå spionserien «Le Bureau».»

Statsministerens samlande leiarevner er blitt hylla i fleire år. No ser me dei same runde formuleringane føre til at ho kjem skeivt ut i nyheitsbiletet, og at ho kjem konstant på etterskot.

Solberg-frasen «Jeg ville ikke brukt de ordene» er eit godt døme på det. Den var tidlegare ein styrke. Då kunne ho trekkje på skuldrene, avfeie andres overdrivne retorikk og heve seg over det. Ho styrte trass alt landet.

No har frasen blitt ein vits, og kan tolkast som handlingslamming.

Sandberg-ekteparet har opptredd svært uprofesjonelt ved å dra regjeringa inn i sin eigen skilsmisse. Grunnlova forbyr to ektefellar å vere statsrådar i regjeringa, og denne saka bør føre til ein debatt om ikkje ein burde inkludere statssekretærar òg.

Line Miriam Sandberg varsla SMK 8. juni om at «fremmede makter» hadde flytta inn i leilegheita til Per Sandberg. Ho refererte då til Per Sandbergs nye kjæraste, Bahareh Letnes.

Viss denne meldinga førte til at Sandberg ikkje varsla SMK om reisa si, er nasjonal tryggleik blitt sett i spel fordi ein ikkje klarer å halde den ekteskapelege skittentøyvasken privat.

KJÆRASTAR: Skandalen starta med det som var ei rekkje uproblematiske avsløringar om forholdet mellom Bahareh Letnes og Per Sandberg, skriv Morten Myksvoll. Espen Sand, NTB scanpix

Sandbergs sorti er problematisk for Frp, og spesielt for Frp-leiar Siv Jensen. Ho hadde neppe klart å leie partiet relativt smertefritt dei siste tolv åra, viss det ikkje hadde vore for Sandbergs evner til å samle den meir populistiske fløya av partiet.

No er posisjonen hans så svekt at han går av som nestleiar i Frp. For Sandberg er langt frå like populær på grasrota i Framstegspartiet no. Sjå berre på den øyredøyvande mangelen på støtte Sandberg har fått frå partifellar.

Det skuldast nok mest dei mindre alvorlege delane av Sandberg-saka, som at han deltok i feiringa av Irans islamske revolusjon.

Les også

Regjeringen bekrefter: Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) deltok offisielt under Irans ambassades feiring av den islamske revolusjonen

Carl I. Hagen har allereie lansert Sylvi Listhaug som ny nestleiar. Ho sit i sentralstyret i dag, og er difor blant dei aktuelle som kan bli konstituert som ny nestleiar. Ingen av dagens sentralstyremedlemmer verkar å vere i stand til å erstatte Sandbergs samlande rolle.

Fordelen med Sandberg, er at han aldri har hatt ambisjonar om å bli partileiar. Det har Sylvi Listhaug. Blir ho nestleiar, vil vervet handle om å posisjonere henne til å overta etter Jensen, og ikkje å støtte den sitjande leiaren.

Les også

Sandberg fikk tildelt lånetelefon før Kina-tur. Tok likevel med tjenestetelefonen.

Sandbergs avgang svekkjer statsministeren på to måtar. Først gjennom den mistilliten som Sandberg har vist ein statsminister som har hatt ein uttalt tillit til statsråden sin. Det svekkjer hennar stilling.

Deretter gjennom at Siv Jensen får ein langt vanskelegare jobb som partileiar i Frp. Det gjer at Solbergs regjeringsprosjekt òg kjem svekt ut av saka.

Solberg kunne i det minste prøve å setje punktum for saka på pressekonferansen måndag, men var så ivrig etter å gå vidare at det står att mange spørsmål. Det verkar ikkje som om det er så farleg at det etterlatne inntrykket er at ho fint kunne leve med at Per Sandberg framleis var fiskeriminister.

Ein statsminister må sjølvsagt ha full tillit til statsrådane sine, heilt til dei er ferdige. Men når offentlegheita ser ho i arbeid, bør ho gjere meir enn å trekkje på skuldrene. Viss Solberg er ein så god leiar som Sandberg og andre meiner, så bør ho òg vise det offentleg.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.