Ein nasjon bygd på våpen

Den amerikanske våpendebatten, men ikkje våpenlovene, er i ferd med å endre seg.

Publisert Publisert

ENDRAR USA: Sørgjande elevar frå Stoneman Douglas-skulen i Florida har dominert mediebiletet i USA etter skuleskytinga 14. februar. Dei har endra våpendebatten, skriv Morten Myksvoll. Foto: REUTERS

Etter skuleskytinga i Florida 14. februar, har den amerikanske våpendebatten endra seg. Vanlegvis renn alle forsøk på å endre dei liberale våpenlovene fort ut i sanden. Ikkje no.

Fleire av dei overlevande frå skuleskytinga har dominert det amerikanske mediebiletet dei siste vekene, med oppfordringar om å endre lovverket. 14 av medelevane deira vart drepne. Elevane ønskjer berre å vere trygge på skulen.

Det ser ikkje ut som om dei får gjennomslag hjå dei politiske styresmaktene. Kort tid etter skytinga sa politikarane i Florida nei til nye våpenreguleringar.

President Donald Trump har rett nok sagt at han ønskjer å ta våpena frå potensielt farlege folk, og handtere rettstryggleiken etterpå.

Men det går ikkje an å ta Trump seriøst. For det første bryt forslaget med grunnlova. For det andre viser Donald Trump at han ikkje kan nokon ting om våpenlovene.

I det same møtet der han foreslo å konfiskere våpen, omtala han nemleg rifla som vart brukt i massakren som eit svartebørsvåpen. Våpen av typen AR-15 er lovleg å selje.

Les også

Amerikansk ungdom gjør opprør mot skoleskytinger

For det tredje har Trump reagert på skuleskytinga med å foreslå å væpne lærarar. Det er vanskeleg å handtere våpen, spesielt i skarpe situasjonar. Tal frå 2016 viser at New York-politiet skyt meir enn fem skot i 43 prosent av alle skotvekslingar. Mange skot bommar på målet, og er ein fare for uskuldige.

Ifølgje ein forskingsartikkel frå 2015, er det små forskjellar mellom politifolk med ulik mengde trening. Våpentreninga består ofte i å skyte på stilleståande blink. Når NYPD ikkje har ei våpentrening som er god nok til å trene politifolka til skarpe oppdrag, er det naivt å tru at ein lærar skal treffe ein skuleskyttar.

HUGSELAPP: Donald Trump sin hugselapp skulle minne presidenten om å seie at han høyrer kva ofra eller skuleskytinga seier. Foto: JONATHAN ERNST / X90178

Men elevane har ikkje berre kravd svar frå senatorar og andre politikarar lokalt og nasjonalt. Dei går rett på National Rifle Associations (NRA) støttespelarar og sponsorar, og køyrer eit hardt løp mot våpenmarknaden.

No ser det ut til at marknaden tar eit lite steg fram, medan politikarane står heilt stille. Fleire store selskap har kutta rabattavtalar for NRA-medlemmer, deriblant Delta Airlines.

Sportskjeda Dick’s Sporting Goods sa nyleg dei ville slutte å selje semi-automatiske våpen, og heve aldersgrensa på våpen og ammunisjon. Walmart stoppa salet av AR-15-rifla i 2015, men denne veka følgde dei opp med å auke aldersgrensa på våpensal.

Les også

Trump møtte ofre for skoleskyting i Florida

Det vil vere relativt fritt fram å kjøpe våpen i USA framover. Det kjem ikkje til å endre seg. Til det er eigarskap til våpen for tett knytt til amerikansk kultur og levesett.

USA vart frigjort med våpen, og mykje av amerikansk kultur er våpenkultur. Det må òg våpenlovenes kritikarar ta høgde for.

Den amerikanske sjølvstendeerklæringa slår faktisk fast at det er ein innbyggjars rett å endre eller avskaffe ei tyrannisk styresmakt.

Heile den amerikanske statsdanninga var prega av ei frykt for ein for mektig stat. Makt måtte vere spreidd og folk måtte ha lov til å bere våpen.

Les også

22. juli-kommisjonen ville forby halvautomatiske våpen. Fem år etter terroren er lite skjedd

Les også

Regjeringen vil forby halvautomatiske våpen med stor ildkraft

Skru klokka ti år tilbake. Mindre enn eitt år etter Virginia Tech-massakren der 32 personar vart drepne, fatta amerikansk høgsterett i 2008 ei av dei viktigaste avgjerdene i nyare tid.

Ein politimann i Washington, D.C. ville oppbevare eit handvåpen heime, i strid med den lokale våpenlova. Han tok saka til høgsterett, og vann.

Retten til å bere våpen stammar frå det andre grunnlovstillegget frå 1791: «A well regulated militia being necessary to the security of a free state, the right of the people to keep and bear arms shall not be infringed.»

Men betyr ikkje ein velregulert milits at ein må vere medlem i ein lovregulert organisasjon? Ikkje ifølgje amerikansk høgsterett. Dei meiner at «velregulert» berre impliserer at dei som ber våpen må vere tilstrekkeleg disiplinerte og trente.

Les også

Obama: – Dette kan vi ikke tolerere lenger

Eitt klassisk argument for at våpen ikkje kan bli forbode i USA, er at dei ikkje-statlege militsane skal kunne hamle opp med militæret, viss staten blir tyrannisk.

USA har verdas største og mest avanserte militære styrkjer. Ein type rifle frå eller til har absolutt ingenting å seie for om ein ikkje-statleg milits evnar å styrte styresmaktene.

Det skriv òg fleirtalet i høgsterettsdommen frå 2008. Dei slår likevel fast at retten til å bere våpen framleis gjeld, sjølv om den opphavlege grunngjevinga ikkje er gjeldande lenger.

PRESSA: Elevane frå Stoneman Douglas-skulen utfordrar Florida-senator Marco Rubio (R) på våpenlovene, på eit folkemøte arrangert av CNN. Foto: POOL / X80003

Dommen kan vere deprimerande lesing for alle som ønskjer ei storstilt våpenreform i USA. For den kjem ikkje. Høgsterett kjem ikkje til å gå i restriktiv retning, særleg ikkje så lenge republikanarane styrer oppnemningane.

Grunngjevinga til domstolen bør likevel lesast av alle som ønskjer å gjere ein del fornuftige endringar i lovverket. For dommen slår fast at retten til å bere våpen ikkje er uavgrensa.

Lovgjevarane kan stramme inn på tilgangen på våpen for alvorleg psykisk sjuke og for folk som er dømt for vald. Ein kan innføre obligatoriske venteperiodar, og det er fullt mogeleg å innføre bakgrunnssjekkar.

Dagens lovverk er så skakkøyrd at sjølv medlemmer i terrororganisasjonar har lov å kjøpe våpen. Sjølv om tryggingsdepartementet vedtar at nokon ikkje får lov til å vere om bord i eit passasjerfly, kan ein medlem av ein terrororganisasjon kjøpe våpen som vanlege folk.

Staten kan velje å sjekke at dei som ber våpen er «velregulerte», altså skikka. Republikanarane har valt å hindre eitkvart forsøk på innstramming, sjølv når det gjeld folk på flyforbodslista.

Det var den no avdøde dommaren Antonin Scalia som forfatta fleirtalsmeininga til høgsterett. Han var kjent for å vere blant dei mest konservative dommarane, og var bokstavtru i si tolking av grunnlova. Sidan ein som Scalia kunne skrive at det var rom for å stramme inn våpenlovene, så er det ikkje grunnlova som stoppar politikarane frå å handle.

Marknaden har vist teikn til å røre på seg, og fleirtalet av folket ønskjer strengare våpenlover.

Elevane på Stoneman Douglas-skulen ønskjer berre å vere trygge på skulen, og det verkar som om USA har begynt å lytte. Snart må republikanske politikarar sjå kvar landet er på veg, og følgje etter.

Publisert