Den raude lina er dekka i blod

Frankrike og USA bør bombe presidentpalasset i Damaskus. Borna i Aust-Ghouta treng handling, ikkje tomme ord.

DØYR ÅLEINE: Aust-Ghouta har vore avsperra frå omverda i fem år. No er dei 400.000 innbyggjarane mål for svært intensive bombetokter, og drapstala er høge. SCANPIX

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Sidan søndag har meir enn 400 menneske blitt drepne i Aust-Ghouta, ein forstad til hovudstaden Damaskus. Om lag 700 er i umiddelbar livsfare. Byområdet har vore omringa av Assad-regimet sidan 2013. Det bur om lag 400.000 innbyggjarar her i dag, på eit område som er litt større enn Bergen.

Dei heldige døydde tidleg. Dei overlevande er fanga i eit helvete av tønnebomber og rakettar, brannbomber, bygningsrestar og blod. Ingen bryr seg nok til å redde dei.

Les også

Der ingen hører skrikene om hjelp

Presidentpalasset til Bashar al-Assad ligg få kilometer unna det omringa området. Palasset ligg skjerma til, oppå ein haug. Faren for sivile tap er minimal. Det same gjeld den militære Mezzeh-flybasen i utkanten av byen. Bomb den òg.

Desse to måla er symbolsk viktige, og legg ein flybase i ruinar blir evna til å utføre nye massakrar redusert. Det er ikkje til å leve med, at syriske regjeringsstyrkar bruker 400.000 menneske – dei aller fleste sivile – som levande målskiver.

Det einaste rette er å tvinge Assad til å avslutte massakren. Ord nyttar ikkje.

BØR BOMBE: Presidentpalasset i Damaskus (i blått) ligg berre sju kilometer frå det omringa området i Aust-Ghouta. Google Maps/Liveuamap.com (Illustrasjon)

Denne veka har det vore høg aktivitet i FN-bygningen i New York. USA er blant landa som kjempar for ein våpenstillstand i Aust-Ghouta. Russland blokkerer med vetoet sitt. Det er Russland som heldt liv i Assad-regimet òg.

Verdssamfunnet har eit stort problem når eit land som er medskuldig i massakrane kan blokkere den minste handlinga som er mogeleg å tenkje seg: ein resolusjon i FN.

Me har organisert oss slik at me vert handlingslamma i møte med massakrar. Eit resolusjonsforslag i FN gir inntrykk av at ein bryr seg, men alle veit at det ikkje vil føre til noko som helst. Skodespelet i tryggingsrådet er ein farse. Det vert kjempa om ord, men ord nyttar ikkje.

I løpet av den snart sju år lange borgarkrigen, har hundretusenvis av syrarar døydd. Dei syriske regjeringsstyrkane, og deira allierte, står bak flest drap. Fordi drapa skjer på «konvensjonelt» vis, får det aldri konsekvensar for president Bashar al-Assad. Det må ta slutt no.

Les også

Når Vesten er passive tilskuere

Frankrike og USA har eit særleg ansvar for å reagere mot Assad-regimet. I 2013 vart Aust-Ghouta bomba med saringass, og opp mot 1729 menneske vart drepne. Den franske og den amerikanske presidenten var einige om at kjemiske åtak kryssa ei «raud linje». Ingenting skjedde.

I motsetning til sin forgjengar Barack Obama, har Donald Trump beordra bombing av Assad-regimet. I april 2017 sende han 59 kryssarmissilar mot flybasen Shayrat. Reaksjonen kom etter eit kjemisk åtak i Idlib-provinsen nokre dagar tidlegare, der meir enn 80 menneske vart drepne.

Viss det kjem nye kjemiske åtak frå den syriske regjeringa, har Frankrikes nye president truga med represaliar. «Frankrike vil angripe», sa Emmanuel Macron i førre veke. Kjemiske åtak er igjen ei «raud linje» som ikkje kan kryssast. Når det gjeld Aust-Ghouta, har Macron berre kravd våpenstillstand. Berre ord, igjen.

Les også

Assad har sluppet 68.334 tønnebomber over Syria siden 2012

Det finst ikkje tvil om at dei vilkårlege og intense bombetoktene mot Aust-Ghouta er krigsbrotsverk. Hundretusenvis av sivile er i livsfare, men sidan dei døyr av eksplosjonar og knuste bygningar – og ikkje gass – døyr dei åleine. Utan konsekvens.

Den raude lina er dekka i blod. Det er på tide å slå tilbake.