Regjeringa viser igjen at dei gjev blaffen i Vestlandet
Regjeringa vil ikkje flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Difor går dei no laus på andre byar.
- Hans K. MjelvaKommentator i BT
I september i fjor skreiv eg at bergensaranes frykt for at nordlendingane ville kuppe Fiskeridirektoratet verka noko oppskrudd. Eg tok feil.
I det stille har fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen flytta to av dei tyngste leiarstillingane til Tromsø og Bodø. Det trass i at dei aller fleste som jobbar under desse leiarane sit i Bergen.
Fiskeriminister og nordlendingen Bjørnar Skjæran (Ap) roa ned bergensarane med å love at hovudkontoret framleis skulle ligge i byen.
Kort tid etter følgde han i det stille opp med eit nytt krav om at «nye stillinger som den klare hovedregel skal etableres i distriktene eller i Nord-Norges byer».
I praksis bety det at når ei stilling i Bergen blir ledig, kan Bakke-Jensen opprette ei ny i nord framfor å fylle den same stillinga i Bergen. Dermed ligg det til rette for ei gradvis flytting til nord.
Les hele saken med abonnement