Partia ville hatt godt av dårlegare råd

Partia kan kutte ein betre plass enn i briller på småungar: Hos seg sjølve.

Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

GLISSENT: Det var eit imponerande rigg (men ikkje så mykje folk) då Framstegspartiet opna valkampen på Osøyro. Treng vi verkeleg at partia skal flotte seg så innmari? Foto: Silje Katrine Robinson (arkiv)

Tenk deg at du dreiv eit selskap eller ein organisasjon. Både utgifter og inntekter kunne svinge, og det var viktig å halde kontroll på kostnadene.

Du visste likevel éin ting: Dersom det verkeleg heldt hardt, kunne du alltids bli einig med dei andre i bransjen om å berre auke inntektene – omtrent over natta.

Sånn er det å drive eit stortingsparti i Noreg i dag. Regjeringa kjem med framlegg om eit nivå på tilskotet til partia for året etter, og så er det opp til Stortinget å forhandle seg fram til kva dei synst er passe.

Dette er ikkje berre ei teoretisk øving.

I 2017 gjekk både Venstre og KrF ned i stortingsvalet. Ettersom partifinansieringa mellom anna byggjer på kor mange stemmer kvart parti får, skulle dette tilseie mindre pengar til sentrumspartia.

Les også

Askøy-flertall vil endre reglene for å få flere fete verv

Men seint i november blei dei einige om eit budsjettforlik med Høgre- og Frp-regjeringa. Og langt nedi avtaledokumentet kan ein lese at mellompartia har auka potten «Partistøtte, grunnstøtte» med ti millionar kroner for året etter. Så smart!

Og året etter, då? Då hadde Venstre gått inn i regjeringa, men heldigvis stod KrF på utsida og fekk jekka opp potten med ytterlegare ti millionar. Det er berre å gratulere med godt inntektsarbeid.

Neste år skal støtta til dei sentrale partiledda bli kutta med to millionar. Men det er frå eit håplaust høgt nivå på partifinansieringa.

I tillegg bruker staten nesten to hundre millionar på å drifte partigruppene på Stortinget. Pengar til ungdomspartia kjem også på toppen av dette, i tillegg til ulike andre støtteordningar. Til saman snakkar vi om summar ein stad mellom 650 og 700 millionar.

Svaret på dette vil typisk vere at «demokrati kostar». Ja, partia skal vere sikra ei raus finansiering for å kunne styre landet vårt på ein bra måte.

Men har verkeleg demokratiet blitt betre av at partia no får to tredels milliard årleg? Var demokratiet vårt mykje svakare i 2005? Eg trur ikkje det.

Snarare tvert imot: Partia blir profesjonalisert. Frivillige aktivistar får mindre å seie, medan partiapparat og rådgjevarkorps blir viktigare og viktigare.

Les også

Dei store partia tapar for dei små. Det kan dei takka seg sjølve for.

Når eg reiser rundt på møte i dei politiske partia, synst eg ofte at det er eit anna nivå på hotell, middagar og andre fasilitetar samanlikna med til dømes frivillige organisasjonar. Det same gjeld dyre valkampar, storstilte landsmøte og mykje anna.

Treng det å vere slik?

Det er skilnad på Kong Salomo og Jørgen Hattemaker i denne saka. I 2017 meinte dåverande landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) at ein burde kutte all støtte til 33 frivillige organisasjonar på landbruksfeltet – i praksis med nokre vekers varsel.

«Driften av frivillige organisasjoner bør skje selvstendig, og ikke være avhengig av årlige statlige overføringer», skreiv departementet i ei pressemelding.

Om lag nitti prosent av drifta til Dales parti, altså Framstegspartiet, kjem direkte frå staten. Det ser ikkje ut til at han meiner det same prinsippet skal liggje til grunn for finansieringa der.

Les også

Jens Kihl: Men korleis skal han få fleirtal?

I praksis ville ikkje Frp kunna eksistere slik vi kjenner det om det ikkje var for staten. Det bør vere ein tankekross for liberalistane der i garden.

Kvart år blir det baluba når stortingsrepresentantane vedtek si eiga løn. Men her finst det trass alt eit system, der ein lønskommisjon kjem med eit framlegg. Og framgangsmåten gjer at vi, veljarane, får sjå kor mykje Stortinget meiner dei sjølve fortener i løn for året etter.

Det bør kome eit slikt system for partia òg. I dag har dei rett og slett for god råd. Det gjer mellom anna at dei kan løne altfor mange broilerar. Dei burde heller hatt politikken som hobby og fått seg nokre år i arbeidslivet.

Kanskje kunne lønskommisjonen også fått ansvaret for å finne eit fornuftig nivå på partistøtta. Det kunne til dømes vere ein funksjon av kva Stortinget løyver til andre frivillige organisasjonar.

På andre område, som kultur eller media, vil denne regjeringa typisk meine at høge offentlege tilskot er ei sovepute som gjer at aktørane blir sløve og ikkje finn alternative inntekter. Det gjeld vel i så fall for partia òg.

Der veks statstilskota, medan andre inntekter ikkje held følgje.

Ei anna løysing er at dei rett og slett trappar ned ordninga. I åra framover skal vi spare i AS Noreg. Kva om Stortinget blei samde om at dei skal halvere potten på fem eller ti år?

Det kjem ikkje til å skje, men det er jo lov å håpe.

Publisert: