Byrådets bane

Bypolitikken er sjuk, men det er ikkje parlamentarismens feil.

Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

TRENG FLEIRTAL: – Hestehandelen er ein sentral del av politikken. Berre slik kan ein lite parti få gjennomslag for eit standpunkt dei kanskje står åleine om, slik at deira veljarar òg får gjennomslag, skriv Morten Myksvoll. Foto: Rune Sævig (Arkiv)

Torstein Dahles farvel til bypolitikken var eit generaloppgjer med byrådssystemet. I BT skulda den røynde Raudt-politikaren sine kollegaer for å hestehandle med saker, og dermed selje sine prinsipp og standpunkt. I retur får dei byrådsposisjonar.

Men denne hestehandelen er ein sentral del av politikken. Berre slik kan ein lite parti få gjennomslag for eit standpunkt dei kanskje står åleine om, slik at deira veljarar òg får gjennomslag.

Det er ein funksjon, ikkje ein feil.

Det finst eitt stort unntak: Bybanen er skiftenøkkelen som vert kasta inn i maskineriet.

Krangelen om bybanetrasé har sendt KrF og Venstre over til venstresida, og det har gjort at Senterpartiet har gått nærare Høgre.

Det er eit problem for byen at éi sak skal dominere så mykje. KrF og Venstre brukte saka for alt det var verd då dei gjekk i byråd saman med Ap i 2015. Ap snudde i saka, og gjekk inn for bybane langs Bryggen.

Men det blir litt for enkelt å berre slå fast at det skuldast byrådsmodellen.

Lat oss difor gjere eit tankeeksperiment, der Bergen avskaffa parlamentarismen før 2015-valet.

Om KrF og Venstre hadde stilt krav om gjennomslag for Bybanen for å stemme på Marte Mjøs Persen (Ap) som ordførar, måtte Ap fått støtte frå Høgre i førre periode. Eller ein kombinasjon av Frp og anten Raudt eller MDG.

Det kunne kanskje skjedd her. Men det er ikkje gitt at det ville gitt eit betre politisk klima i Bergen. Og det er langt frå sikkert at det samarbeidet hadde vart lenge nok til at Bybanen til Åsane faktisk vart realisert.

Les også

– Jeg kan ikke gjøre dette til det gror mose på meg

Jens Lorentzen følgjer opp Dahles kritikk i eit anna debattinnlegg. Her står partias storleik sentralt. Parlamentarismen gjer at dei små partia får for mykje makt, meiner han. Dømet er Venstre, som fekk 3,9 prosent av stemmene og finansbyråden.

Men det er rart om dei største partia skal dominere, når dei berre representerer ein femtedel av veljarane. Høgre vart nemleg største parti med 20 prosent.

For å bli sitjande i byråd, må ein unngå å bli kasta av eit fleirtal i bystyret. Ap-byrådet sit rett nok utrygt, men Høgre klarte ikkje å stable eit alternativ på beina.

Når KrF kan velje mellom høgre- og venstresida, og deira val vert avgjerande for kven som dannar byråd, så er det ikkje rart om dei får mykje innflytelse.

Les også

Morten Myksvoll: Økonomien avgjer byrådets framtid

Etter dette valet, har det likevel skjedd noko som gjer både Dahles og Lorentzens kritikk meir treffande: Arbeidarpartiet har nemleg kome svært godt ut av valet, trass i resultatet.

Samanlikna med førre periode, har Ap like mange byrådar, dei fekk halde fram med ordføraren og fekk attpåtil varaordføraren denne perioden. Talet på utvalsleiarar er likt.

Det skjer etter at partiet gjekk frå 37,8 til 19,8 prosent. Rett nok gav Ap frå seg fleire stillingar til samarbeidspartia sist, men det er likevel slåande kor godt Ap kom frå dette valet.

Hadde Høgre danna byråd, ville dei truleg sett same effekt. Då ville deira byrådspartnarar i til dømes FNB og Frp òg fått fleire verv.

Politikk er fordeling av ressursar. Men det er òg ein kamp om posisjonar. Talet på heiltidsverv er avgjerande for kor mykje tid partia har til å drive med politikk. Og tid er gjennomslag.

Det er difor kvart kommuneval gir litt rare samarbeid rundt omkring i landet. Frp og Raudt har til dømes samarbeidd fleire plassar, for å sikre seg verv i formannskapet. Det er òg ein hestehandel.

Etter årets val er det lite samsvar mellom valnederlaget til Ap og talet på verv dei enda opp med. Det er fordi byrådsmodellen gir eit kraftig styringstillegg til partia i posisjon.

Når bystyret er så fragmentert som no, gjev det nokre utslag som absolutt ikkje ser bra ut.

Les også

Debatt: Det hestehandles om demokratiet

Dei siste åra har politikarane i Bergen utvida talet på stillingar på bystyresida. Det gjer at ein i inneverande periode har like mange verv i byrådet og på bystyresida.

Men sidan byrådet berre er fordelt på fire parti, og bystyreverva vert fordelt på nesten alle, blir det ein ubalanse. Byrådspartia har difor til saman 21,15 stillingar, mot opposisjonens ni.

Det betyr òg at byrådspartia har meir enn åtte gongar så mange stillingar som SV og Raudt, som byrådet truleg skal forhandle om budsjettet med. Det er ei uheldig skeivfordeling.

Sentralt i Dahles kritikk av parlamentarismen, står påstanden om at politikken vert avgjort på bakrommet. Sidan byrådet er i mindretal, er det ei sanning med modifikasjonar.

Det byrådet kjem med, må gjennom bystyret. Difor er det betre med mindretalsbyråd enn fleirtalsbyråd, om ein ser på bakromsargumentet.

Men det finst alltid eit bakrom. I den parlamentariske styreforma er det politikarar som er kommunens øvste administrativt ansvarlege, som førebur saker for bystyret.

I andre kommunar er det rådmannen. Hen er aldri folkevald.

Er det éin ting bergenspolitikken er kjent for, er det at ein byrådsplattform ikkje låser politikken. Då hadde me ikkje hatt mange av dei debattane som framleis held på – som til dømes Bybanen.

Publisert: