Duden for dei små ting

Knut Arild Hareide har skrive ei sakleg bok. Så kor er sakene?

Jens Kihl
Kommentator

Debutant: Ein av haustens sakprosadebutantar er KrF-leiar Knut Arild Hareide. Spørsmålet er om det blir veljarar av boka «Det som betyr noe». Her er han i aksjon under Arendalsuka 2017. Torstein Bøe, NTB Scanpix

På førehand var rykteflaumen om KrF-leiar Knut Arild Hareides sakprosadebut omtrent slik: Nei, det kjem inga klar melding om kven han meiner KrF bør samarbeide med framover. Men ja, det politiske prosjektet og dei politiske sakene vil få skinne frå boksidene.

No som «Det som betyr noe» endeleg er her, kjennest det som om fasit er nesten motsett: Det er vanskeleg ikkje å lese eit sentrum-venstre-samarbeid ut av boka. Men kva med sakene? Dei er ikkje så lette å bli kloke på, og dei kjem vi snart tilbake til.

Samarbeidet fyrst. Dersom du er (mannleg) Ap-politikar, kan du sjå fram til å lese denne boka. Støre, Kolberg, Schjelderup og Stoltenberg er berre nokre av dei Ap-arane som får skryt av KrF-leiaren. Kapittel-tittelen «Absolutt alle skal med» kan fort bli namnet på ei regjeringsplattform nær deg.

Også resten av raudgrøn side kjem godt ut av det. SV får skryt for å vere KrFs «humanetiske fetter». Hareide meiner òg at SV har gått frå å vere eit «klart fløyparti på venstresiden», men no har «flyttet seg mer mot sentrum». Eg veit ikkje om akkurat dét blir oppfatta som ros i SV. Hareide slår òg fast at KrF ligg nærare Senterpartiet enn liberalistane i Venstre.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Et valg som betyr noe

Det er verre på den andre sida: Om Frp slår Hareide enkelt og greitt fast at «Jeg er jo ikke enig med Frp i politikken deres». Og sjølv om KrF-leiaren har mykje pent å seie om Erna Solberg, meiner han det er den liberalistiske fløya som er på frammarsj i Høgre.

Samla sett må boka lesast som eit oppgjer med borgarleg side. Ikkje for alltid, rett nok: Hareide er oppteken av at KrF ikkje skal velje mellom dei to blokkene i politikken. Likevel vil han bruke merkelappar som «fellesskapsparti» og «sosialt radikalt» på KrF. Hareide byggjer ein svalgang mellom bedehuset og folkets hus – og eit høgt gjerde mot kasinoet på nabotomta.

Kort samanfatta: Denne boka er ikkje skrive av ein mann som tenkjer å ta partiet sitt inn i regjering med Frp. Hareide ser nok heller andre vegen. Faktisk omtaler han Ap to gongar som «ørna i norsk politikk». Hareide veit vel ein del om kven ein skal heie på der oppe på himmelkvelvinga.

Men så var det sakene. Når Hareide fyrst har lesarens merksemd i to hundre sider, kunne han jo ha nytta høvet til å heise fana på nokre nye politikkfelt. Det gjer han ikkje. Her går det mykje i rusomsorg, asylbarn, julegudstenester, menneskeverd og dette litt ulne «anstendig samfunnsdebatt» som KrF-arar så gjerne snakkar om. Velkjende saker, altså. Men kanskje ikkje så breie?

Eit mogleg unntak er skule. KrF har dei siste åra prøvd å gjere seg til eit skuleparti. Hareides store politiske helt, Jon Lilletun, var nettopp utdanningsminister, og det var her Hareides politiske karriere nasjonalt byrja. Kateter og katedral er som kjent opphavleg same ordet, og i boka tek Hareide til ords for ein ny, verdibasert skulepolitikk.

Her finst det eit rom i debatten. Og minst like viktig for eit parti som ligg under sperregrensa på målingane i september: Her finst det kanskje nokre veljarar.

Les også

Syng KrF på siste vers?

Når Hareide skriv om glansperioden rundt tusenårsskiftet, legg han vekt på at KrF-arane forstod «verdibølgja» i det norske folk. Det stemmer kanskje, men eg trur at truverd i saker som familiepolitikk, helse, klima, distrikt og internasjonal bistand var vel så viktig. Det er kontantstøtta – ikkje verdikommisjonen – som står att etter sentrumsregjeringa.

«KrF-ere pusler ikke med små symbolsaker», skriv Hareide, og har vel rett i det. Spørsmålet er likevel om «uro for sorteringssamfunnet» er ei sak som skaffar nye veljarar, slik Hareide skriv at han håpar. For nokre år sidan erklærte Hareide at han gjerne ville bli arbeidsminister. I dag er det kanskje ministerposten for verdidebatt og menneskeverd han traktar etter. For å låne tittelen frå ein Høgre-podkast: Blir det noen velgere av dette?

Hareide oppmodar Ap-leiinga om å ta ein studietur til Bergen for å sjå på det vellukka samarbeidet mellom KrF, Venstre og Ap. Ap-leiinga er hjarteleg velkomne til Bergen, men det var altså Hareide som valde bort Støre ved sist val – ikkje motsett.

KrFs hjarte er å «verne om menneskeverdet, løfte kampen mot fattigdom og beskytte skaparverket», skriv KrF-leiaren. Eller «ta kampen for miljø og rettferd», som dei ville sagt i SV.

Det kan sjå ut til at Hareide veit kva han vil seie til landsstyret i KrF fredag. Fort vekk vil han tilrå at KrF for fyrste gong i historia skal gå over midtstreken i politikken i regjeringsspørsmålet. Han kjem til å få både medvind og motbør hos dei mest sentrale partimedlemene om så skjer. Tida vil vise om partiet og veljarane blir med over.