Dei som veit best

Dei som skriv si eiga regelbok kan vere revolusjonære geni. Eller dei kan vere sneversynte og egoistiske.

VEIT BEST? «Det er ikkje noko nytt at makt korrumperer og forvrenger den linsa folk ser verda gjennom. Norske elitar er langt frå dei verste, men utviklinga har gått feil veg», skriv Ingebjørn Bleidvin. På biletet idrettspresident Tom Tvedt. Olav Olsen

Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

Kven er desse menneska i politikken, i toppidretten, i arbeidslivet som nektar å innrette seg?

Det er flust av folk som har kome til den konklusjon at reglane ikkje gjeld akkurat dei. Ofte meiner dei at dei har forstått noko ingen andre har forstått. Ofte er det berre fordi dei er så viktige, så framsynte, så sentrale, så unike.

Felles for dei fleste er at dei ikkje kan koste på seg å ta slike smålege omsyn som styrer liva til folk flest.

I politikken har det vore særleg synleg i det siste, gjennom #metoo-aksjonen. Det meste som har kome fram offentleg er så soleklare overtramp at sjølv godt bedugga raudruss ville ha klart å gjere betre vurderingar.

Likevel har vaksne, ambisiøse, sosialt intelligente menneske som Trond Giske (Ap) og Kristian Tonning Riise (H) trakka kraftig uti, gong på gong.

I toppidretten har pampane i Idrettsstyret, med Tom Tvedt og Inge Andersen i spissen, svidd av det norske folk sine pengar på vin og First House-konsulentar.

Les også

Filosofiprofessor: «Det er forbløffende mange som ikke forstår at de har gjort noe galt»

For all del: Det er viktig å ikkje undervurdere individet og ignorere personleg erfaring.

Jobben som allmennlege er eit godt døme. Kvar einaste dag feilbehandlar eg pasientar. Iallfall vurdert strengt ut frå læreboka og retningslinjer.

Eg prøver med ein litt høgare eller lågare dose medisin enn det som er anbefalt. Eg sjukemelder litt lengre eller kortare enn strengt tatt påkrevd.

Eg bestiller eit røntgenbilete for å roa pasienten sjølv om eg innerst inne veit at det ikkje vil visa noko som helst.

Likevel held eg meg sånn høveleg innanfor det som på høgst uvitskapleg vis blir definert som «greitt». Det er snakk om mindre tilpassingar innanfor eit berg av offisielle retningslinjer for allmennmedisin, som uansett er umogeleg å følgja til ei kvar tid.

Det er viktig å kunna tilpasse sitt virke og ta sjølvstendige val. Offisielle retningslinjer er ofte dårlege og kan vera direkte feil og farlege i møte med verkelegheita, både innan medisin og andre fag.

På same måte kan politisk korrektheit og regelrytteri vere kvelande for debatt og engasjement.

Samtidig kan dei som «tenkjer utanfor boksen» eller «går i front» bli fortrylla av si eiga fortreffelegheit, og kome til at dei ikkje treng å plage seg sjølve med reglane alle andre må følge.

Kva er det som gjer at folk kjem dit? Utviklinga skjer ikkje i eit vakuum. Stort sett er det eit miljø rundt dei, som på ulike vis rettferdiggjer standpunktet.

Om du er ei politisk stjerne med ei lysande framtid i partiet, vil det vere den nasegruse beundringa og nikkinga du møter frå alle lekfolk og noviser i partiet som kan bikka deg over.

Er du lege og får for deg at alle plagene til pasientane dine vil gå over om dei held seg unna gluten, finst det nok av nettsider som vil gje deg støtte i dette.

Om du er klimaskeptikar og meiner at heile denne CO2-greia er «raudgrøn propaganda», kan du melde deg inn i Framstegspartiet og få den støtta du treng frå justisminister Sylvi Listhaug.

Det er ikkje berre ekkokammer på nett og kultgrupper som legg til rette for slik framferd. Den norske kulturen er, stikk i strid med kva me ofte påstår, med på å drive fram slik malplassert eigenrådigheit.

Norge er landet som fostra jantelova, riktignok med fødselshjelp frå ein danske. Eit meir nyttig verktøy for å heve seg over den gemene hop har truleg aldri eksistert.

Kampen mot jantelova er nærmast for folkesport å rekne blant privilegerte samfunnstoppar.

Les også

Mathias Fischer: «Hvis en politiker begår et overgrep, men ingen medier har skrevet om det, har det da skjedd?»

Leiar i arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter, Anne-Kari Bratten, opplyser at ho har fått ei toppstilling i samfunnet fordi ho har «prioritert beinhardt» og droppa kino, spa og jenteturar til europeiske storbyar.

Mange i den norske øvre middelklassa har óg lest sin Ibsen, eller iallfall vore hastig innom Wikipedia-oppsummeringa når barna skal skrive stil på ungdomsskulen.

Blant Ibsens fremste heltar er Dr. Stockmann i «En folkefiende», mannen bak sitatet «Den stærkeste mand i verden, det er han, som står mest alene».

I tillegg har me sjølvsagt Peer Gynt, ein sjølvoppteken drittsekk, som passande nok har gitt namn til ein av Norges viktigaste prisar for samfunnsansvar.

Det er ikkje noko nytt at makt korrumperer og forvrenger den linsa folk ser verda gjennom. Norske elitar er langt frå dei verste, men utviklinga har gått feil veg.

Det er vanskeleg å sjå for seg at Idrettsforbundet anno 1960 ville ha brukt ein kvart million på eksklusive restaurantar under OL, slik dei gjorde i London i 2012.

Dei verkeleg djuptgripande endringane i Norge dei siste hundre åra har kome ved at folk har stått saman og organisert seg. Arbeidarrørsla og kvinnerørsla er dei fremste døma på dette. Det har kravd langsiktig, politisk arbeid og vanskelege kompromiss.

Så veldig modig er det ikkje å utfordre konvensjonane i det norske samfunnet når du er med på å styre det.