Hordaland forsvinn frå Frp-kartet

Det er rett av Njåstad å trekkje seg etter å ha lekka metoo-informasjon. No må Vestlandet finne seg nye Frp-toppar å satse på.

Jens Kihl
Kommentator

SENTRAL: I seks år var austevollingen Helge André Njåstad leiar for Frps organisasjonsutval, som handsamar varslingssaker i partiet. Han gjekk av i haust. Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

Helge André Njåstad har delt fortruleg informasjon frå Frps organisasjonsutval. Ei kvinne med verv i partiet har fått både munnleg og skriftleg informasjon om ei rekkje vanskelege metoo-saker i Frp.

Njåstad er ute av vervet som leiar for Frps organisasjonsutval. Han har òg gått av som sentralstyremedlem og finanspolitisk talsperson, kunne NRK melde tysdag ettermiddag.

Han seier sjølv at hovudgrunnen til nedtrappinga er eit ønske om å vere meir med familien. Det nyanserer kanskje biletet av ein mann som har mista all ære i Frp.

Les også

Njåstad trakk seg fra sentralstyret allerede i oktober

For partileiar Siv Jensen har det likevel vore viktig å reagere tydeleg: «Hadde han ikke trukket seg selv, hadde jeg sørget for at det ble sånn», sa ho til NRK.

Det får folk til å lure: Kvifor no? Frp har hatt rykte på seg for å reagere for lite og for seint. Skal Njåstad få ei hardare straff enn andre?

Siv Jensen og resten av Frp hadde til dømes kollektiv demens i Leirstein-saka. Etter at Frp har vore gjennom fleire varslingssaker med katastrofal dårleg oppfølging, er det positivt at Jensen no viser at ho står på varslaranes side.

PÅ TOPP I VEST: Statssekretær Torkil Åmland og stortingsrepresentantane Silje Hjemdal og Helge André Njåstad toppa Frp-lista i 2017 i Hordaland. Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

Det er alvorleg for ein varslar at ho ikkje kan vite om informasjonen blir handtert på rett måte. Og som leiar av Frps organisasjonsutval treng du å ha svært høg tillit i heile partiet.

Likevel er det stor skilnad på denne saka og støyen rundt Søviknes, Keshvari, Hoksrud eller Leirstein. Slik det ser ut no, handla ikkje Njåstad i vond tru.

Han ville rett og slett ha gode råd i vanskelege saker, er svaret som har blitt gjeve. Det er ikkje akseptabelt, men det er ingenting som tyder på at det er gjort for eiga vinnings del.

Det er nok også grunnen til at fleire Frp-arar meiner Njåstad kan kome tilbake. Det har vore ein del støy rundt Njåstad no, men tillit kan både tapast – og vinnast.

I Hordaland oppstår det likevel eit vakuum når Njåstad trekkjer seg tilbake og blir ein slags super-backbenchar i Frps stortingsgruppe.

Les også

Frps stortingsrepresentant la møter til Geilo i påsken – lot Stortinget betale

Tidlegare har Hordaland vore eit svært viktig område for Frp. I 2017-valet fekk Frp 45.060 røyster frå hordalendingane. Berre i Rogaland og Akershus fekk partiet fleire stemmer.

Det skulle forsvare at Hordaland var tungt representert i Frp, og slik har det då også vore. Terje Søviknes var ein markant olje- og energiminister, og fleire andre har hatt sentrale roller. Ikkje minst gjeld det Petter Kvinge Tvedt frå Masfjorden, som i over fem år var Siv Jensens høgre hand i Finansdepartementet.

Les også

Jens Kihl: Tur/retur Løvebakken

I dag er Torkil Åmland med heimeadresse Bergen statssekretær i Justisdepartementet. Han er i dag den einaste hordalendingen i regjeringsapparatet. I tillegg sit Søviknes framleis i sentralstyret.

Gjermund Hagesæter var i mange år ein viktig mann for Frp på Stortinget. Han avslutta stortingskarrieren som finanspolitisk talsperson før han blei statssekretær i Justisdepartementet.

I haust prøvde han å vinne fyrsteplassen på Frp-lista i Bergen, men tapte. Dermed står bergenspartiet utan listetoppar som er tett på regjeringsmiljøet.

Silje Hjemdal er derimot eit openbert namn for framtida. Ho sit i dag i familie- og kulturkomiteen på Stortinget og har vist seg som ein allsidig og hardtarbeidande politikar.

At Hordaland no er i ferd med å bli ein kvit flekk på Frp-kartet er sjølvsagt negativt for Frp, som treng sterke profilar i eit av sine kjerneområde.

Men det er aller mest eit problem for hordalendingane, som treng sentrale politikarar som kan vinne kampane om budsjettkronene.