Noreg er dømt til å ha fattige

Fattigdom er eit resultat av «den norske modellen», og ikkje noko det politiske fleirtalet ønskjer å gjere noko med.

BAKSIDA: Den norske modellen er ein balansegang mellom velferd og økonomisk effektivitet. Det har ein pris. Fattigdom, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Nå er det nok med avlat og prat, nå trenger vi vilje til handling», skreiv samfunnsforskar Karin Gustavsen i eit innlegg i BT onsdag. Laurdag var psykolog Tormod Bøe inne på det same, då han skreiv at «En del av løsningen er tilførsel av økonomiske ressurser».

Eg veit ikkje om desse forskarane verkeleg trur noko vil skje. Men viss dei gjer det, er eg redd dei blir skuffa. For fattigdom er bygd inn i den norske samfunnsmodellen, nærmare bestemt i den såkalla «arbeidslinja»: Det skal løne seg å arbeide. Dermed kan det ikkje løne seg å gå arbeidslaus.

Tydlegast ser ein dette på forskjellen mellom ytingar som er knytte opp til arbeid, som sjukepengar, barselpermisjon og dagpengar, og rein økonomisk hjelp, som sosialhjelp. Eg kjenner fleire som har levd på sosialhjelp. Det er ikkje noko lett liv.

Og det er meininga, den meininga den tause majoriteten og deira politikarar ikkje likar å snakke høgt om. For det skal straffe seg ikkje å arbeide. Viss ikkje, vil mange la vere å jobbe, tenkjer ein, og då blir byrda stor for dei som er i jobb.

Dessutan er det lett å bli forbanna om ein tenkjer at andre driv dank for dine pengar, medan du må arbeide og slite.

Men som historiene til Monika Schelander og ei anonym åleinemor den siste veka har vist, råkar dette systemet òg folk som er i jobb, eller som er råka av sjukdom dei ikkje kan noko for. Det verkar ikkje særleg rettvist, men er vanskeleg å gjere noko med innanfor denne systemlogikken.

Les også

Hver uke leverer Ellen gratis mat til fattige i Bergen. Etterspørselen er enorm.

Sjølv om det er meir enn nok pengar i Noreg til å fjerne det meste av fattigdommen, er det ikkje politisk vilje til det. Eit talande døme er kor lite SV oppnådde etter at dei i 2005 gjekk i regjering med lovnad om å «avvikle fattigdommen». Økonomen Jens Stoltenberg (Ap) stod beinhardt på arbeidslinja, og dermed vart lite gjort.

Barnefattigdommen, til dømes, auka dei åtte åra SV sat i regjering. Veksten skuldast rett nok fleire innvandrarar, men talet på fattige born i familiar utan innvandrarbakgrunn gjekk heller ikkje ned i SVs regjeringstid.

Innvandring er òg ei av forklaringane på at barnefattigdommen har gått kraftig opp under dagens borgarlege regjering. Men det forklarar ikkje alt: Talet på barn utan innvandrarbakgrunn som vaks opp i fattigdom, auka òg med nær 5000 frå 2013 til 2017.

Over 100.000 barn veks no opp i fattigdom i Noreg, og nær halvparten av dei har ikkje innvandrarbakgrunn.

Les også

Flere må ha hjelp for å komme ut av gjeldsfellen

Arbeidslinja har òg prega endringar i skattesystemet dei siste tre–fire tiåra. I tråd med rådande økonomisk teori er skattar og avgifter vridde mot breie og generelle skattegrunnlag og låge skattesatsar.

Eit utslag er at avgifter som alle betaler, uavhengig av inntekt, har auka. Sidan byrjinga av 1990-talet har til dømes meirverdiavgifta gått frå 20 til 25 prosent. Rett nok har meirverdiavgifta på mat blitt redusert til 15 prosent, men samstundes har den blitt innført for tenester.

Eit anna døme er elavgifta, som er auka med 4,2 øre under Solberg-regjeringa.

For bedrifter og folk i jobb har det gått motsett veg. Inntektsskatten vart i 1991 redusert frå 40,5 for dei høgaste inntektene til 28 prosent for alle, av ei Ap-regjering. Selskapsskatten fekk same sats. Under Solberg-regjeringa har den blitt redusert vidare, frå 28 til 22 prosent.

Motivet for endringane i skattesystemet har vore å stimulere til arbeidsinnsats og økonomisk vekst. Men ein bieffekt av alle slike endringar er at forskjellen mellom dei som jobbar og dei som ikkje gjer det, aukar.

Ulike regjeringar har prøvd å kompensere for arbeidslinja og skatteendringane på andre måtar. Dei siste åra har Stortinget ønskt å gjere dette i form av gratis ytingar, framfor pengestøtte, fordi dei fryktar trygdeeksport til andre EØS-land.

Heller gratis barnehage enn auka barnetrygd, med andre ord.

Historiene om fattigdom som har kome og vil kome i BT i vekene framover, viser baksida av denne politikken. Som Gustavsen er inne på: Dei fleste av landets fattige treng meir pengar. Gratis tenester vil ikkje vere nok.

Framover vil venteleg kampen om pengane på statsbudsjettet spisse seg til. For å få pengane til å rekke lengre og halde skattane nede, kan det fort bli freistande å gå frå universelle ordningar til meir målretta støtte til fattige.

Det vil fort kunne bli ei ny form for «fattighjelp», og dermed styrke kjensla av audmjuking og utanforskap. Behovsprøving vil dessutan kunne låse folk fast i fattigdom, såkalla fattigdomsfeller.

Ei meir radikal løysing er ei eller anna form for borgarløn. Men for at den skal kunne hjelpe dei fattige, må ho vere relativt høg, noko som vil bryte radikalt med arbeidslinja.

Den norske velferdsstaten er raus. Denne veka vart Noreg kåra til verdas beste land å bu i av FN, for 15. år på rad. Gratis helsevesen, utdanning og eldreomsorg gjer det lettare å vere fattig i Noreg enn mange andre land.

Men akkurat dette, at vi er så rike, like og vellykka, gjer det endå meir brutalt å falle utanfor. For kven har då skulda? Du sjølv?

Så enkelt er det ikkje. Den norske modellen er ein balansegang mellom velferd og økonomisk effektivitet. Det har ein pris. Fattigdom.

Publisert: