Byen mellom dei sju turistfeller

Når turistane kjem til Bergen, viser vi dei fortida. Det er synd, for både notida og framtida er mykje meir interessant.

Publisert: Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

ILLUSTRASJON: Marvin Halleraker

Sommaren 1996 tok eg for fyrste gongen turen til Bergen. Mamma og eg kom med snøggbåten frå Stavanger, og vi blei i nokre dagar før vi svippa innom Sognefjorden på veg heim til Oslo.

Stavanger gjorde heilt ærleg ikkje det store inntrykket. Eg hugsar best at vi gjekk rundt i tåka og at eg fekk ete pizza i senga på hotellrommet. Bergen var derimot ei såpass skilsetjande oppleving at eg året etter forfatta særoppgåva «Bergen som turistby».

Her går mitt elleveårige, veslevaksne eg analytiske til verks om kva vilkår turistane hadde i vestlandshovudstaden på midten av nittitalet.

Inntrykket, både då og no, er at Bergen ser mest til fortida når byen skal vise seg fram for tilreisande.

Dette er viktig. NHO Reiseliv meiner byen har 3,3 millionar kommersielle gjestedøgn, folk på dagstur og cruisepassasjerar i året. Dei legg att om lag 5,6 milliardar kroner i året.

Med nesten elleve tusen tilsette i sju tusen årsverk er turismen viktig for sysselsetjing, skatteinntekter, eit levande sentrum og mykje anna. Samstundes er næringa omstridd. Særleg cruisebåtane har blitt upopulære.

Men kva viser vi dei?

«Bryggen i Bergen er etterhvert nesten blitt et begrep», skreiv eg i 1996, og la til: «Desverre er det alt for mange turister der.»

Kommentatorens eiga særoppgåve frå 1997, komplett med copyright-merke og Bryggen i solnedgang. Foto: Privat

Nesten to millionar folk er innom Bryggen kvart år. Turismen slit på nasjonalklenodiet. På dei mest intense dagane er Bryggen mest kaos.

Og kvifor dreg dei dit? Jo, fordi vi fortel dei at dei skal gjere det. I fjorårets offisielle turistgaid for Bergen er det totalt 16 bilete av Bryggen med stort og smått – inkludert både fram- og baksida.

Vestlandet og Bergen har verkeleg mykje flott historie å by på. Berre Indre Sogn åleine har meir Unesco-kulturarv enn heile Austlandet. Bryggen har vore på Unesco-lista sidan 1979. Oslo ventar framleis på si fyrste oppføring.

Les også

BT meiner: Vestland trenger et kulturminneløft

Men det kan bli litt mykje. Bryggens museum, Håkonshallen, Mariakirken, Bergenshus festning, Gamle Bergen museum, Historisk museum og fleire andre fortel delar av den same historia på litt ulike måtar. Det finst då andre historier å fortelje?

Om Hanseatisk museum skreiv Jens (11) at det var «et museum hvor du bare går rundt i noen ganger i et falleferdig hus og kikker inn i noen dårlig opplyste rom».

Om Bryggens museum slo elleveåringen fast at «det er veldig stille der inne».

Eg trur ein elleveåring kunne ha skrive noko av det same i dag. Sjølvsagt treng vi desse musea, men spørsmålet er om det finst eit anna Bergen det går an å vise fram.

Det kunne spreie turismen og gje nye opplevingar. Det er på tide å endre på biletet av Bergen som ein by som ser meir bakover enn framover.

RIKT UTVAL: Turistane flokkar til Fisketorget i høgsesongen, sjølv om ikkje alt av utval kjem frå havet. Kan det vere ei sjøpølse denne turisten er i ferd med å kjøpe? Foto: Bård Bøe (arkiv)

Bergen er ein open by. Bryggen er jo eigentleg eit minne om ei lang, fleirkulturell historie. Forklarer vi dette godt nok i dag? Ein bra matby, ein by som slit mindre med segregering og getto-bydelar enn andre storbyar i Norden og ein kulturby som ser utover, ikkje innover.

Fisketorget er truleg den aller minst interessante matopplevinga vi kan gje våre gjestar. Likevel gøymer vi vekk gode nabolagskafear og flinke kokkar frå heile verda, og viser i staden fram overprisa rekebagettar i triste plasttelt.

Turistane er også med på å gjere byen mangekulturell. I 1996 budde Mamma og eg på ungdomsherberget Ymca på Korskirkeallmenningen.

Kontakten mellom personalet og gjestane var såpass spanande at eg gav det plass i særoppgåva: «Mens vi var der, ble resepsjonisten og en gjest kjempeforelsket i hverandre». For alt eg veit, blei det starten på eit lukkeleg, bergensk samliv.

Bergen er ein havby. Eller nei. Bergen er sjølve Havbyen. I 1997 skreiv eg om Akvariet at «min personlige mening er at det egentlig ikke er så spennende å se på en hel haug med fisker svømme rundt i noen glassbeholdere».

Det er mykje bra å seie om Akvariet i dag, men eg trur det blir endå betre den dagen dei flyttar og blir ein stad å lære om klima, hav og biologisk mangfald på heilt nye måtar. Saman med VilVite og Naturhistorisk senter kan dette gjere Bergen til ein plass som kan inspirere nyfikne sjeler.

Bergen er ein naturby. Her har nok turistbransjen endra seg mykje på tjue år. Reiselivet fortel turistane mindre om kva dei skal sjå, og meir om kva dei bør gjere. Turistkatalogane er fulle av folk som syklar, ror, padlar, vandrar, spring og sym.

TETT: Det kan bli ganske folksamt på Bryggen i høgsesongen. Foto: Tor Høvik (arkiv)

Det er godt mogleg dei bør spandere ei side eller to på dei av oss som berre vil sitje heilt i ro med ein øl, men alt i alt er dette ei veldig god utvikling. Også våre vener amerikanarane, fortener å bli overraska av ein regnskur på Løvstakken (eller bli like overraska av solgløtt på Ulriken).

Og ikkje minst: Bergen er ein storby. Fram til i sommar budde eg i eit gamalt trehus i Lille Øvregaten, midt i den tette byen. Eg har ei vag kjensle av å vere statist i omtrent alle fotoalbum i Kina.

Det er likevel noko av det finaste med byen vår: Det er ein god by å vere i, nesten uansett kven du er. Det fortener verda å få vite.

Les også

BT meiner: Avinors klimafiendtlege forretningsmodell

Det er ikkje særleg berekraftig å tenkje at veksten i turistar skal kome frå Sør-Korea, Brasil og Canada. I staden ser næringa no meir til nærområda: Dei kan kome med eit tog frå Oslo, ei gassferje frå Danmark eller ein rutebuss frå Sogn.

Det er avgrensa kor mange gongar vi kan få desse turistane til Bryggen og Fisketorget. Derimot kan dei utforske resten av byen i det uendelege – akkurat som vi som bur her gjer.

Og kva konkluderte eg med, den mars-dagen i 1997?

«Du har nå fått en liten innføring i Bergen, men for å forstå denne vakre byen, må du selvfølgelig være der selv.»

Den oppsummeringa står seg.

Publisert: