Parkeringsforbod gjer det vanskeleg å bu i Bergen sentrum

Byrådet burde først gjort det lettare å klare seg utan bil.

Publisert Publisert

Ganske mange dagar er det ingenting bra med å gå i Bergen sentrum. Foto: Helge Skodvin (arkiv)

  1. Leserne mener

Det er kronglete å ha bil i Bergen sentrum. Det skal det også vere. Er du så heldig at du kan bu så sentralt, har du mange mogelegheiter til å ta deg fram på anna vis. Det finst ingen plass kollektivtilbodet er betre, og går i alle retningar.

Byrådets siste påfunn for å gjere det endå meir kronglete å ha bil, er å legge sterke restriksjonar på kven som får parkere i Bergen sentrum.

Om ein god månad kan ikkje lenger familiar ha to bilar parkert. Heller ikkje om den eine er ein elbil. Det blir heller ikkje mogeleg å gjesteparkere i gatene.

Forboda har skapt harme. Men byrådet seier dei tek upopulære avgjersler for småbarnsfamiliane, som dei gjerne vil at skal bu og trivast i sentrum.

Det er eit uttalt mål at folk skal bu tettare, og ein vil ha eit levande sentrum der ikkje alle bygardar er utleigde til studentar.

Likevel er det nettopp småbarnsfamiliar som blir ramma av dei nye reglane.

Les også

Nye parkeringsregler innføres 1. april

Eg tilhøyrer sjølv ein småbarnsfamilie i sentrum. Eg går til både barnehage og jobb. Husstanden min eig ikkje bil, men er medlem i bildeleringen. Eg er rett og slett byrådets draum.

Men eg er også klissvåt. Å gå overalt i Bergen, betyr mange timar i regn kvar veke. Det betyr og å gå langs trafikkerte vegar der lite omsynsfulle bilistar pløyer seg gjennom små innsjøar og veltar vatnet utover fortaua. Dette er pr. i dag gåbyen Bergen, som byrådet snakkar varmt om.

Nokre dagar – eller la oss vere ærlege – ganske mange dagar, er det ingenting bra med å gå ute i Bergen. Dersom ein bur i sentrum og skal til ein annan del av sentrum, er det likevel ingen andre mogelegheiter viss ein skal la bilen stå.

Kollektivtilbodet er godt i stort sett alle retningar ut av bydelen. Men inni er det langt dårlegare.

I fjor var min husstand også veldig nær å måtte bite i det sure, urbane eplet, og kjøpe bil for å køyre inn og ut av sentrum kvar morgon og ettermiddag for å levere og hente i barnehage.

For oss ordna det seg i siste liten, men for andre har det ikkje gjort det. Sjølv om dei jobbar med det, har byrådet enno ikkje klart å skaffe alle ein barnehageplass nær der dei bur. Å få barnehageplass i eigen bydel, betyr ikkje at den nødvendigvis er i nærleiken. Å endre dette, ville vore eit tiltak som gjorde at mange kunne la bilen stå i kvardagen.

I staden for å gi gulrøter som legg til rette for mindre bilbruk, vel byrådet å svinge pisken og legge ned forbod for å tvinge det fram. Dei burde vere forsiktige.

Går forboda for langt, vil dei gjere at småbarnsfamiliane får nok og flyttar ut av sentrum. Så kan dei i neste omgang sitje varmt og tørt i sin eigen bil, medan dei sprutar ned andre sentrumsbebuarar som enno ikkje har gitt opp og traskar rundt i pøsregnet.

Les også

Må kvitte seg med bil etter nye regler: – Tidsfristen er helt vanvitig

Dei nye parkeringsreglane provoserer fordi dei også rammar dei som ikkje har bil. Skal sentrumsfamiliar no ha besøk, får ikkje gjestane stå parkert i nærleiken.

Byrådet seier dei gjer dette for å hindre at framande tek opp plassar for alle som bur i strøket. Men besøksparkeringa i dei mest sentrumsnære strøka har til no fungert ved eit oldtidssystem med papirlappar som ser ut som skrapelodd.

Desse må ein kjøpe på eit kontor i byen som stenger klokka 15.

Dette mildt sagt lite brukarvennlege systemet, burde vere nok til å hindre utnytting av gateparkering. Samtidig har det gitt bebuarar mogelegheita til å ta imot besøkjande på ein nokolunde praktisk måte.

Det ligg mange gode intensjonar bak byrådets politikk for å fjerne biltrafikk i Bergen. Fleire bilfrie byrom er bra. Mindre bilkøyring er supert. Og det bør sjølvsagt vere mogeleg for folk som bur i sentrum å finne parkering i nærleiken.

Men det burde vere eit mål å starte i ein annan ende enn å innføre forbod. Flest mogeleg av tilboda ein treng bør finnast innanfor gåavstand. I tillegg må alternativa til å køyre bil bli betre.

MDG gjekk til val på å bygge fleire overbygg så bergensarar kan gå tørrskodd. Det ville senka terskelen for å bevege seg ute i regnbyen. Kollektivtilbod i skytteltrafikk innanfor sentrum kunne vore eit anna alternativ.

Utan at det først blir lagt meir til rette for eit liv utan bil, vil ikkje folk kvitte seg med den. Då vil dei berre finne vegen ut av sentrum, og då er byen like langt.

Publisert