O? M. G!

Akvariet skal heite O. Slik skal det symbolisere sitt innhald: å vere ein fisk på land.

  • Jens Kihl
    Jens Kihl
    Kulturredaktør
Administrerande direktør ved Akvariet i Bergen, Aslak Sverdrup, kunne onsdag gle verda med at han har gjeve oss O.
Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«O for oksygen, opphavet, opplevelsene, oppdagelsene, opprinnelsen, optimismen og oss», sa Aslak Sverdrup då han avslørte det nye namnet på det nye verdshavsenteret.

Sverdrup er direktør for Akvariet. I framtida kan han titulere seg O-boy.

O kunne også stått for overtenning, ostepop-ande, omveg. Eller OsloMet.

NSB brukte nesten 300 millionar på å byte namn til Vy. Etterpå gjekk det gjennom eit omdømetap verda knapt har sett maken til. Dette imponerte lakselordane på Nordnes såpass at dei ville kopiere prosessen.

Akvariet er ein av dei sterkaste merkevarene Bergen har. I framtida blir den redusert til null. Eller O, då. O for oljesøl. O for overfiske. O for oligarkyacht.

Les også

Snøhetta-studie foreslår park over Havnelageret og tunnel under Puddefjorden

Det kom inn 3500 framlegg. Eg er villig til å vedde O kroner på alle var betre enn det juryen valde. Kva med «Akvariet i Bergen»? Eller noko anna som er mogeleg å forstå kva er?

På prosjektsida til Akvariet kan du sjå filmen «Vi er O» om du vil deg sjølv veldig vondt. Den er overdriven. Overdådig. Ordgytande. Det einaste som manglar, er at tittelen er «Vy er O».

Snart blir Bryggen til #YOLO. Fløibanen får namnet LOL’n’Ride. Huset til Bergens Tidende blir heitande Media City Bergen. Nei, vent.

Turistane kjem til å slite med å forstå kva dei skal leite etter. Akvariet finst ikkje meir. Dei blir gåande i ring. I ein O, altså.

Eg har vore veldig positiv til det nye akvarieprosjektet. Men om denne svadasirkelen, denne pr-industriens runkering, skal peike ut kursen, kan det vere det same. Det er ikkje flosklar som skal ta oss inn i framtida.

Eg trudde OsloMet var ille. Eg trudde Vy var så langt ned vi kunne kome.

Men det nye akvariet er norsk namneskikks definitive O-punkt.

Publisert
  1. Bergen
  2. Nordnes
  3. Fisk
  4. Havbruk
BT anbefaler

Folk hamstrer ved. Her er det billigst.

– Det var en her tidligere i dag som skulle ha 50–60 sekker, sier Stig Atle Eriksen.

LES SAKEN