Flatpakka småbruk

Stadig vekk dukkar det opp folk som påstår at fargar er på veg inn i hustakstane. Du skal ikkje høyra på slike folk.

Publisert Publisert

KVITT: «Berre gamle folk med gåstol og gebiss har jungeltapetar på veggane og blometeppe på golvet.» Foto: SCANPIX

Det luraste er å halda seg til kvitt. Eggeskalkvitt. Og grått. Steingrått. Alle bustader på marknaden er eggeskalkvite inne og grå utanpå. Du skal gjera det som svarar seg best. Fargar er for fattigfolk og avvikarar.

Stadig vekk dukkar det opp folk som påstår at fargar er på veg inn i hustakstane. Stadig vekk fell påstandane til jorda. Du skal ikkje høyra på slike folk. Dei er økonomisk uansvarlege. Dei svekkjer brutto nasjonalproduktet.

Fargar gjer deg fattig. Fargar undergrev konkurransekrafta og omstillingsevna og strukturrasjonaliteten og robuste kommunar. Fargar gjer folk ekstremistiske og fundamentalistiske. Fargar må overvakast av politiet og Nato.

Les også:

Les også

«Gjeting av sauer artar seg nett på same vis som gjeting av folk»

Berre gamle folk med gåstol og gebiss har jungeltapetar på veggane og blometeppe på golvet. Dei vaks opp i tapettida på femtitalet. Syttitalet stengde dei inne i lilla og oransje. På åttitalet gjekk dei nedan­om og heim i rosa og himmelblått. Gamlingane har ikkje anna enn falma fargar og Kanari å trøysta seg med. Dei fargeavhengige er på veg ut or soga.

Eggeskalkvitt og steingrått inviterer ikkje til fanatisme. Alle nye salsprospekt har innslag av grønt. Plantegrønt, levande, berekraftig, økologisk grønt. Den eldgamle draumen om småbruk har fått plass innandørs, flatpakka småbruk til sals på Ikea.

Flatpakka marknadskrefter er dei einaste du kan lita på. Berekraftig grønt kjem alltid til å svara seg. Plantekassar på soverommet viser vilje og evne til samfunnsansvar. Då er du klar til vising.

Du skal alltid vera klar til vising, med fyr på peisen og oppslegen skjerm på valutakursane og lukt av ferske bollar bakte på steinaldermjøl og nyvatna urtehagearoma på badet.

Les også:

Les også

Du burde nok ha skifta sko, sa bonden. Det lukta stramt av griseavføring.

Rette liner kan aksentuerast med ein raud prikk ved enden av aksen. Kommoden som du har arva etter ei adeleg formor som flykta til Bekkjarvik etter den franske revolusjonen, kan vera ein effektfull kontrast til ei shabby-chick dagseng. På vising skal det visa at det er rom for den individuelle smaken og særpreget.

Må du ha heimekos, skal han vera enkel å demontera og lett å stua vekk. Flatpakka. Heimekos er verre enn fargar.

Publisert