Dei riktige turistane

Korleis kan me unngå at Norge går frå å vera fjordlandet til å bli mest kjent for eksos i fjordane, kø i byane og dopapir på strendene?

Publisert: Publisert:
Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

FOR MYKJE AV DET GODE? Saka er at om du har råd til å flyga eller køyra til Norge og opphalda deg her, er du allereie godt plassert i den globale overklassa. Når etterspurnaden er så enorm, er det vanskeleg å forstå kvifor me sel sårbar norsk natur billegare enn eit «all-inclusive» hotell i Syden, som det går tolv av på dusinet, skriv Ingebjørn Bleidvin. Jan M. Lillebø

Norge er i ferd med å bli oversvømt av folk frå framande land som ikkje kjenner vår kultur, ikkje respekterer våre lover, og som bidreg for lite til fellesskapet.

Slik kan det iallfall verka når ein les om turistane sitt inntog i kvar bidige, vesle fjordarm langs kysten no i høgsesongen. Ei av Norges viktigaste næringar, reiselivet, er snublande nær å bli kvelt av sin eigen suksess.

Litt tilfeldig har eg hamna ganske nært på to av dei største turistfenomena i Norge det siste tiåret.

Eg bur for tida like ved Lofoten. Der var det knapt eit heilårsope hotell for nokre år sidan. No vassar dei i kinesiske turgrupper som får Åsgardsreia til å verka som ein mild vårbris, bubilar som blir lengre og feitare år for år, og turgåarar som gjer frå seg på stranda.

Samtidig har eg, gjennom diverse gardsturisme på slektsgarden i Hardanger, merka den veldige utviklinga der etter «oppdaginga» av Trolltunga. Begge stader har turismen vore god medisin for det lokale næringslivet, men begge stader slit med aukande, uønskte bivirkningar.

Les også

MASSETURISME I BERGEN: Over en halv million cruiseturister i år.

Rett nok har det i alle tider vore ein robust tradisjon å klaga over tilreisande framandfolk og korleis dei oppfører seg.

Tidleg på 1800-talet gjekk den britiske poeten Wordsworth hardt ut mot planlagde jernbanelinjer som kunne frakta den nye arbeidarklassa ut frå sine triste, nedsota byar og ut på «hans» fredelege landsbygd.

Han frykta «billige tog som pøser ut hundrevis» av folk om gongen, folk av den enkle sorten som ønskjer «brytekampar, hestar og kappløp, og berre går til ølbuler styrt av den simplaste typen av krovert».

Noko er likevel annleis denne gongen. Straumen av feriefolk er i praksis utan ende.

Det er ikkje berre den norske røsslyngen som blir trakka til gjørme under presset frå den globale turismen si massive auke. På Island har statsråden for turisme sagt rett ut at dei no ikkje ønskjer fleire turistar, etter at talet har femdobla seg på seks år.

Liknande historier finn ein over heile kloden. For Norge sin del er turistveksten ekstra problematisk ettersom nesten alle turistane først og fremst kjem hit for å oppleva den sårbare naturen vår. Me kan ikkje berre bygga ei ny shoppinggate eller eit nytt badeland for å auka kapasiteten.

Regjeringa har dessverre ikkje følgt med i timen. I den rykande ferske stortingsmeldinga om reiseliv er det ikkje eit ord om å velja vekk noko som helst. Det einaste dei har redusert er bompengeavgifta for bubilar.

For dei fleste andre er det derimot heilt openbert at Norge er i ein situasjon der me både kan og må «tørre å velje de reisande som bidrar mest og øydelegg minst.», som Innovasjon Norge seier det i sin nyaste handlingsplanen for norsk reiseliv.

Spørsmålet blir kven me skal velja vekk, og korleis.

Les også

TALLKRANGEL: Alternative fakta om cruiseturismen.

På garden i Hardanger har me vore innom dei fleste variantar gardsturisme: Leigd ut hus, hatt guida turar for små grupper, vore stopp for turistbussar, seld gardsprodukt, og så vidare.

Forhandlingane med reiseoperatørane var ein augneopnar. Dei pressa prisane i alle endar, helst skulle dei gå ned frå år til år. Dersom me ikkje kunne konkurrera på pris, droppa dei å stoppa hos oss, og store delar av kundegrunnlaget forsvunne dermed på eit blunk.

Sjølve innhaldet i det me tilbydde verka dei likeglade til, så lenge det var «noko gardsgreier». Det var ustabilt, ulønsamt og ganske uinteressant arbeid.

No driv garden i hovudsak utleige av hus. Dei fleste blir der nokre dagar. Dei viser interesse, går turar i området, handlar på nærbutikken og kjøper eplesider på nabogarden. Nesten alle pengane dei brukar blir att lokalt. Ingen saknar bussane.

Denne svært subjektive opplevinga blir støtta av ei grundig utgreiing i dei fire vestlandsfylka sin cruisestrategi: Store reiseselskap forhandlar beinhardt på pris for lokale opplevingar, og sel gjerne turane vidare for dobbel pris til sine reisande.

Av dei tolv milliardar kronene cruiseturistane brukar på noregsferien, blir berre vel to milliardar att i landet. Uansett korleis ein reknar på det: Overnattingsgjester brukar soleklart meir pengar enn dei som kjem i bubil eller cruisebåt.

Både eigne erfaringar og uavhengige rapportar gjer det dermed at cruise- og bussturismen står lagleg til for hogg. Stader som Loen, Geiranger og Flåm har gjort seg avhengige av han, og må sjølvsagt få fortsetja med det.

Les også

TORSTEIN HAGEN: Mannen som kjøpte 17. mai.

Men det er ingen grunn til at fleire skal følgje på, dersom ein kan leve like godt av færre gjester som betalar betre.

I tillegg unngår ein at lokale aktørar blir sårbare underbruk av store, internasjonale selskap som kan sletta deg frå lista si når dei ikkje lenger har bruk for deg.

Nokon vil kalle dette ekskluderande og elitistisk. Men saka er at om du har råd til å flyga eller køyra til Norge og opphalda deg her, er du allereie godt plassert i den globale overklassa.

Når etterspurnaden er så enorm, er det vanskeleg å forstå kvifor me sel sårbar norsk natur billegare enn eit «all-inclusive» hotell i Syden, som det går tolv av på dusinet.

Publisert: