Slik kan du endre gata di

Har du ein idé som kan gjere gata di betre å leve i? Den kan vere verdt 250.000 kroner.

Publisert Publisert
  • Hilde Sandvik

LOKALINITIATIV: På Møhlenpris er miljøet rundt Bergen Kaffebrenneri i ferd med å endre heile bydelen. Her kan ein ete dumpsterpizza, plante eigne urter og gå på lørdagsmarknad for å handle brukt. Foto: EIRIK BREKKE

iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Kvar dag går du ut av døra di heime og er i nabolaget ditt. Kva er det du ser? Ein stad du har lyst til å vere? Eller helst kome deg bort frå? Har du nokon gong tenkt at du har ein idé til å gjere livet der du bur betre? Du treng ikkje sitje og vente. Nå har du høve til å setje ideen ut i livet.

Designregion Bergen og Raff designuke har henta det sørafrikanske prosjektet «Your street» til byen. «Your street» er ei oppfordring til å tenkje over lokalsamfunnet der ein bur. Det er ein urban aktivisme med utgangspunkt i folk og liv. Tanken er at folk som bur og lever ein stad best kjenner på kroppen kva som trengst for å inspirere og løfte lokalsamfunnet.

I Bergen er det ei rekkje døme på at det er mogleg å få til. På Landås har initiativet «Bærekraftige liv» sett mange fotavtrykk etter mottoet at har du det fint ein stad, vil du også bli engasjert. Slik har det vakse fram parsellhagar, geriljahagar, urbant landbruk og deleringar på Landås, ut frå tru på at lokalsamfunnet sjølv har høve til å skape endring. På Møhlenpris er miljøet rundt Bergen Kaffebrenneri i ferd med å endre heile bydelen ut frå liknande tanke. Det som byrja med kaffebrenning, er blitt ein stad å ete pizza av matvarer som snart går ut på dato, plante eigne blomar og urter — og gå på lørdagsmarknad for å handle brukt.

Utgangspunktet for «Your street» er at design først og fremst handlar om korleis menneske opplever omgjevnadene, ikkje om estetikk. Gatene påverkar oss. Tenk på kva som skjer i ei gate der lysa er sløkte nattetid. Eller der stålgardiner dekkjer butikkvindauge. Tenk på kor annleis det ville ha vore om det var planter og ikkje parkeringsplass framfor kafeen Retro på Nordnes, til dømes?

Fredag ettermiddag tjuvstarta 120 menneske «Your street Bergen» på Hotel Terminus. Designarar, studentar og bedriftsleiarar sat i grupper rundt enkle bykart. Oppgåva: Korleis skape løysingar som gjer Bergen til ein smartare, sunnare, tryggare og meir berekraftig stad å bu?

Verkstaden var leia av britiske Hyper Island Design. Dei har mellom anna spesialisert seg på korleis ein kan bruke livserfaringar til å skape endring, og kor langt ein kan kome gjennom å stille spørsmålet kvifor, heller enn korleis og kva.

I løpet av ettermiddagen på Terminus vaks det fram ei rekkje konkrete små og store idear knytt til tre oppgåver: Berekraft, energibruk og eldre:

Ei gruppe ville lage Rasmus Meyers allé til ei gate der eldre kan trivast på dagtid - ei «Kavalérgate» for alle. Ei anna gruppe, der mellom anna lufthamnsjef Aslak Sverdrup var ein av deltakarane, utvikla enkle idear for at eldre skal kjenne seg meir velkomne på flyplassen.

I løpet av dei neste månadene søkjer Designregion Bergen ei rekkje slike initiativ, frå velforeiningar, enkeltpersonar eller andre med gode planar. Det mest berekraftige forslaget, som kan syne at det kan tyde noko for mange, får 250.000 kroner i bistand til å gjennomføre ideen. Stikkord for juryen vil mellom anna vere sjenerøsitet, glede, nyskaping, gjennomføringsevne, men også at det har overføringsverdi til andre stader i verda.

Med pengar frå «Your street» er det bygd parkar på utenkjelege parkområde. Gateseljarar i Sør-Afrika har fått nye måtar å syne fram arbeidet sitt på. Det er bygd benker og sitjeplassar av utrangerte bilar. Gamle vegar er rusta opp og mørke gater har fått lys (sjå meir på yourstreetchallenge.org).

TJUVSTARTA: Hanna Wetland frå Innovasjon Norge og Aslak Sverdrup frå Avinor. Foto: Ole Gunnar Onsøien

I det store biletet er det smått, det som kan endre eit lite gateløp, men dei små endringane trengst i ei verd som tykkjest stadig mindre beredyktig.«Vi trenger å forstå klarere, formulere bedre problemer og designe bedre løsninger», skriv Anders Waage Nilsen, sjølv aktiv i «Bærekraftige liv», i artikkelen «Sporet fanger» på bt.no, ein sterk tekst om ein klode ute av kontroll.

Nilsen er likevel ein av dei som held fast på at ein ikkje kan sitje og vente på at politikarane skal ta grep for oss. På eiga hand har han mellom anna fått bergenspolitikarar til å vedta at dei vil greie ut om svevebane frå Bystasjonen til Haukeland er ein god idé.

Bergen har fleire gode føredøme på korleis enkeltpersonar og små føretak kan endre ei utvikling, ikkje berre på Landås og Møhlenpris. Christopher Haatuft og Fredrik Saroea frå Lysverket sin idé om parsellhagar i Nygårdsparken er eit døme på korleis initiativ kan kome frå andre enn dei ein ventar det av.

Slike tiltak trengst det fleire av i Bergen. No er tida inne for å tenkje dei ut.

Bergens Tidende kjem til å presentere nokre av bidraga til Yourstreet etter kvar som dei kjem inn til drb/yourstreet.

BT inviterer også til ein eigen konkurranse på Instagram. Merk biletet #gatenminbt, forklar kort kva de vil gjere for lokalmiljøet — maks 200 teikn - og konkurrer om 5000 kroner.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Kommunen sier nei til milliardprosjektet. Nå krever utbygger at staten griper inn.

– Denne utbyggingen har en akseptabel miljøregning, sier konserndirektør om milliardprosjektet i Bremanger.

LES SAKEN

Sakene flest leser nå

  1. Fire personer innlagt på Haukeland

  2. Tøffe tider i fødelandet tvang Arne Bergsvik og familien til å ta et drastisk valg

  3. Bli med inn i hulene på Kristianborg

  4. – I løpet av et minutt var min kjæreste ting tapt

  5. – Gamle Bergen er i ferd med å bli en kulturkatastrofe

  6. Beskjeden fra legen fikk Thore (56) til å endre livsstil. Slik unngikk han diabetes.

Kommentar
Kommentarartiklene i BT blir skrevet av avisens redaktører og kommentatorer. Skribentene har stor frihet til å gi uttrykk for egne meninger. Noen ganger avviker disse fra BTs offisielle syn, som fremmes i lederartiklene.