Hatet mot multikulturalismen

I Anders Behring Breivik sitt hovud er det den norske multikulturalismen som legg landet ope for ei framtidig islamisering. Men kva er multikulturalisme?

Olav Kobbeltveit

INTEGRASJON? På Oslos austkant er det innvandrarane som dominerer gatebiletet. Denne innvandrarkvinna var på veg gjennom ei folketom gate på Grønland i Oslo tirsdag. ODD MEHUS

I ein leiarartikkel i Jerusalem Post måndag heiter det at jamvel om Europas høgreradikale utgjer ein reell fare for samfunnet, lyt ein innsjå at dette blir misbrukt av dei som vil «dekka over multikulturalismens ynkelege fiasko». Dette er ei skildring av multikulturalisme som terroristen Anders Behring Breivik kunne ha slutta seg til.

Men kva er eigentleg multikulturalisme, og kva er statusen for denne «ideen» i Noreg, og for den del i resten av Europa? Handlar det om respekt for framande kulturar, eller er det nivellering — og kulturrelativisering - sett i system? Multikulturalisme står sentralt i Breiviks manifest. Det er her han meir enn anar eit Eurabia. Kan begrepet ha slik sprengkraft i seg at det fostrar ein norsk massemordar?

HL-senteret i Oslo - Senter for studier av Holocaust og livssynsminoritetar - gir oss den nøkterne definisjonen. Multikulturalismen handlar om integrering, og byggjer på ideen om at kulturelle skilnader er viktige å ta vare på. Fleire kulturar gir oss eit rikare samfunn. Kjernen i multikulturalismen er aksept av skilnader. Samfunnet treng rett nok eit sett av fellesverdiar, men dei kan avgrensast til lover og reglar. Kulturelle og religiøse livssyn kan i stor grad variera.

I ein multikulturell samfunnsorden deltek mindretalet med like rettar og plikter - men utan å måtta gi opp sine nasjonale, kulturelle eller religiøse særdrag. Men notabene - multikulturalisme og multikulturell er ikkje heilt det same. I eit multikulturalistisk samfunn fører staten ein politikk som aktivt ivaretek det kulturelle og religiøse mangfaldet.

Dei oppfattar at den politiske eliten i Noreg, og resten av establishmentet, i minst ein generasjon har brukt multikulturalismen som politisk sutteklut

Vi har ikkje sidan innvandringa til Noreg tok til på 1970-talet praktisert assimilasjon, som legg til grunn at alle skal bli som oss nordmenn. Offisielt og reelt ønskjer vi integrasjon, men det skal skje utan å øydeleggja kulturelle forskjellar. Vekslande regjeringar har stilt seg positive til religiøst og kulturelt mangfald.

Men multikulturalismen er ikkje offisiell norsk politikk, mellom anna fordi vi vil unngå å gje innvandrargrupper særlege rettar. For det kan, slik styresmaktene ser det, hindra naturleg integrering. Integrering er det overordna og langsiktige målet.

Men korkje Anders Behring Breivik eller høgresida av norske nettdebattantar vil slå seg til ro med Holocaustsenterets nøkterne definisjonar. Dei oppfattar at den politiske eliten i Noreg, og resten av establishmentet, i minst ein generasjon har brukt multikulturalismen som politisk sutteklut. Det er ei oppfatning som blir underbygd på den islamkritiske blåbloggen document.no.

På mange nettstader er utskjellinga av multikulturalismen ein mykje brukt - og relativt friksjonsfri - overgang til endå sterkare åtak på islam og muslimar. Det er, slik dei ser det, der faren ligg. Faren for Noreg, og faren for Europa. Bakom syng Eurabia med sharialov og mørk middelalder.

Konspirasjonsteoriane florerer, og Hallgrim Berg skriv i boka «Amerikabrevet» at «Målet til det militante og imperialistiske islam er verdsherredøme. Den første etappen er å presse Europa til å bli eit Eurabia. Metoden er ikkje lenger hærstyrkar, men ein kombinasjon av olje, emigrasjon, fødselstal, utnytting av demokrati og toleranse, trugsmål, kulturelt press, grenselaus terrorisme og tusenårig tolmod».

Meir problematisk - for multikulturalistane - er det at også ansvarlege konservative leiarar i Europa i det siste har teke eit kritisk, om enn meir sakleg, oppgjer med multikulturalismen. Angela Merkel i Tyskland ser til tyrkiske ghettoar, som i liten grad har teke farge av tysk kultur. David Cameron i Storbritannia åtvarar mot ein fleirkulturalisme som svekkjer den kollektive, nasjonale identiteten. Den franske presidenten har vore inne på liknande tankar, og alle tre får støtte frå Høgres unge ideolog, Torbjørn Røe Isaksen.

... oppfatninga av i kva grad Noreg er eit multikulturalistisk samfunn, er sterkt varierande

Det er grunn til å tru at dei europeiske statsleiarane uttalar seg på basis av smertelege røynsler i eigne land, meir enn av hat til muslimar. På det viset inviterer dei til ein sakleg diskusjon om multikulturalismens problematiske sider og langsiktige konsekvensar.

Også på den moderate venstresida i Noreg finst det eit kritisk blikk på multikulturalismen, fordi den kan nøra opp under parallellsamfunn, hindra integrering og sementera kvinneundertrykking. Men det er så smått kontroversielt, og så er det at oppfatninga av i kva grad Noreg er eit multikulturalistisk samfunn, er sterkt varierande. Professor Frank Meyer viste i 2008 til ei undersøking av multikulturalismens status i 21 vestlege land. Dei fire som kunne seiast å vera multikulturalistiske var innvandrarlanda USA, Canada, New Zealand og Australia. I dei øvrige 17 landa - Noreg inkludert - fann forskarane lite som tyda på ein integreringspolitikk basert på multikulturalisme.

Den undersøkinga kan ikkje ha gjort nemnande inntrykk på Anders Behring Breivik.

Diskuter saka under:

FRYKTEN FOR EURABIA: Multikulturalisme står sentralt i Anders Behring Breiviks manifest. Det er her han meir enn anar eit Eurabia. Kan begrepet ha slik sprengkraft i seg at det fostrar ein norsk massemordar? spør Olav Kobbeltveit i denne kommentaren.