Eitt av dei vakraste musikk­augneblinka eg veit om, er med Billie Holiday. Siste gongen den gamle jazzlegenda gjekk i studio hadde livet hennar rivna. Mellom opptaka med arrangøren Ray Ellis drakk ho rein vodka som det skulle vere vatn. Kroppen ville ikkje meir, men stemma? Den ville.

Nokon har meint at det ikkje var henne verdig. For meg er plata «Lady in satin», som kom ut i 1958, noko av det vakraste eg veit, så tett på livet, så tett på alt ein vil. Når eg høyrer stemma hennar, så tenkjer eg med takksemd på at det er oss ho syng for. Og kven er vi til å snakke om verdige og uverdige sortiar?

Lillebjørn Nilsen er ein mann som har stått på scena i fleire tiår. Han har gjort jobben — og har blitt ein av dei mest folkekjære artistane vi har i landet. For eitt år sidan fekk han heile folket med på å syngje «Barn av regnbuen». Vi var alle litt Lillebjørn Nilsen då.

Det er verken skandale eller veldig trist at det også kan gå gale, slik det gjekk for han på torsdag, uansett kva grunnen var. Han er i godt og langt selskap, frå dei meir kuriøse hendingane, som då Keith Richards, Ron Woods og Bob Dylan tydeleg påverka song sine strofer under Live Aid i 1984, til meir triste hendingar med mellom anna Shane MacGowan eller Amy Winehouse, som begge har stått på scena i Bergen utan å vere edru. Media kastar seg ofte over slike historier, som den ferske boka om Kenneth Sivertsen så tydeleg viser.

Myten om sex, drugs and rock’n roll er noko pressa har likt å dyrke, Så til dei grader at rusen blir ein del av myten, og det å vere streit, som ein Stoltzen-springande Sting, blir sett på som keisamt. Og når Bruce Springsteen fleksar musklar på scena, likar vi gjerne å tru at han har blitt slik av bygningsarbeid, ikkje av vektløfting kvar morgon.

Etter kvart som konsertar utgjer ein stadig større del av ein karriere, som også varer lenger - blir artistlivet også meir krevjande. Det kan vere eit blodslit å halde seg i form til å kunne danse som ei Madonna til langt opp i femtiåra. Det er difor blitt vanlegare å lese om artistane sitt treningsopplegg enn vitjingane på avrusingsklinikkar. Nokre, som Rihanna, driv med begge delar - og karrieren ber preg av det.

Presset til å prestere er det få som ikkje har vore i scenelyset som kan snakke om, men å la vere å gå på, sjølv om ein er sjuk, er sjeldan eit val. Avlysingar kan vere fatalt, både for karrieren og økonomien. Difor går skodespelarar gjerne inn på scena sjølv om dei har omgangssjuke (og har bøtte bak scenen for alle tilfellets skuld). Og kva ville publikum - og BA - ha sagt om den andre konserten med Gitarkameratane på torsdag hadde blitt avlyst?

Det er noko djupt menneskeleg i å bomme av og til. Det er ikkje uverdig, slik BA tykkjest å meine. Det tenkjer eg på kvar gong eg høyrer ekstrasporet til Billie Holidays «Lady in Satin». Ho byrjar på songen tre gonger, gir seg ikkje. Songen heiter «I’m a fool to want you». Til sist høyrer ein henne berre syngje første setninga igjen og igjen; «Time and time again, I said I’d leave you...».

Igjen og igjen. Heldigvis.