Rosa protest

Partiet Feministisk initiativ har vind i segla i eit Sverige der alle snakkar om feminisme, men ingen gjer noko med det.

Maria Dyrhol Sandvik

FEMINISTPARTI: Svenske Gudrun Schyman og partiet FI har sjanse til å få plass i både Europaparlamentet og Riksdagen. Her frå politikksamlinga Almedalsveckan i 2012. Janerik Henriksson / SCANPIX

Knallrosa valkamp, knallhard retorikk. Det svenske partiet Feministisk initiativ (FI) er tilsynelatande i full fart på veg inn i Europaparlamentet og den svenske nasjonalforsamlinga. Det er nesten så ein kjenner den friske brisen frå syttitalet.

Kan vi sjå føre oss noko liknande i Noreg? Neppe. Tanken på at eit eige, feministisk parti skulle stige ut av oska etter SV og Raudt, er veldig fjern. På norsk venstreside blir det snakka om mykje likestillingspolitkk , men sjeldan feminisme som Idéretning.

Men Sverige er, på så mange måtar, eit anna land. Og FI sin framgang blant søta syster er mindre pussig enn ein skulle tru. Svenske feministar har klare fiendar i det reaksjonære partiet Sverigedemokratene, og vil gjerne overta nokre av partiets plassar i Riksdagen etter haustens val.

Også i Europaparlamentet, som har val i morgon, sit det folk med brune vestar og kvinnefiendtlege haldningar i skapet som fortener motstand. Og som kjent er det ingenting som er meir samlande enn å ha nokon å hate.

Dessutan: Svenske feministar er utolmodige med god grunn. I Sverige har dei lenge diskutert feminisme med stor sjølvtillit, og alt frå likeløn til det kjønnslause «hen»-pronomenet er stadig på dagsordenen. Det siste til oppgitt hovudristing frå mange nordmenn.

«Jag är ein övertygad feminist punkt slut», sa Sosialdemokraternas leiar Stefan Löfvén då han vart vald i 2012. Det er lenge sidan sist Jens Stoltenberg sa noko liknande. Men ifølgje professor i statsvitskap ved Göteborgs universitet, Jonas Hinnfors, har Löfven det mest i kjeften.

Partiet har kryssa den psykologiske sperregrensa

For det er ikkje Sverige, men i Noreg dei store likestillingsreformene har blitt gjennomført dei siste åra. FI har rett i at biletet av Sverige som verdas mest kvinnevenlege land er overdrive. Den svenske venstresida held dei seg med evige debattar om til dømes foreldrepermisjonen, og mange ønskjer seg ein liknande modell som i Noreg (og som den blå regjeringa for øvrig har vedteke å endre på til det verre). Men så langt har ingenting skjedd, for «Sosserna» kjem seg sjeldan lengre enn til utgreiinga før dei vedtek å bestille ei ny utgreiing.

«Den siste likestillingsreforma i regi av svenske sosialdemokratar fann stad i 2001, då dei sette eit tak på barnehageavgifter», seier Hinnfors. Den noverande høgreregjeringa har heller ikkje synt vilje til å levere reformer. Svenske kvinner frå heile det politiske spekteret er leie av mykje snakk og lite handling.

Slik har FI-talsperson og politisk popstjerne Gudrun Schyman fått vind i segla til sitt susande comeback inn i svensk politikk. Med sin «Nå er det nok!»-bodskap har den tidlegare Vänsterparti-leiaren fått stort gjennomslag i svensk presse. Klarer ho å halde den feministiske debatten varm, kan det føre partiet inn i Europaparlamentet og etter kvart Riksdagen.

Dersom andre delar av FI sin politikk blir tema, blir det tøffare. Kanskje blir partiet også svar skuldige. For kva meiner til dømes partiet om økonomisk politikk? Schymans påstand om at «dom som söker sig till Feministiskt initiativ räknar inte pengar», framstår som særs tafatt på vegner av eigne veljarar.

Ønsket om å byggje ned det svenske forsvaret verkar også lite gjennomtenkt. Erfaring viser at veljarar til sjuande og sist vil ha parti som held seg til røynda. Og med Russland som nabo, bør endåtil svenske feministar sjå verdien av eit heimleg forsvar.

Feministisk initiativ har mykje til felles med Dei Grøne. Før det første er dei eit nisjeparti, og for så vidt, eit protestparti. For det andre insisterer partiet på at det ikkje let seg plassere på den politiske aksen.

For det tredje er det likevel ganske tydeleg at dei høyrer heime på venstresida, som trekk til seg misnøgde veljarar frå dei andre raudgrøne partia. Kanskje mest frå sosialdemokratiet, trur Hinnfors. Medan svenske sosialdemokratar framleis slit med å formulere ein visjon for framtida har det opna seg eit rom for parti som er meir utolmodige, både til venstre og høgre.

No kan også FI vinne på misnøya. Sperregrensa til både Europaparlamentet og den svenske Riksdagen er på 4 prosent. FI er ikkje heilt der enno, men dei har kryssa den psykologiske grensa som fortel potensielle veljarar at ei stemme på partiet kanskje ikkje er bortkasta. Det gjer det mogleg å mobilisere fleire enn dei aller mest ihuga feministane.

For å nå ut til nye veljarar har FI leita fram syttitalets stovemøte, eller såkalla «homeparties». På møta blir det seld politikk, ikkje Tupperware. Det siste året har Gudrun Schyman og andre frå partiet reist rundt i Sverige og førelest om feminisme heime hos folk. Slik har dei skaffa partiet ei grasrot.

Den blir avgjerande i valkampinnspurten. Og blir Feministisk Initiativ valt inn høvesvis Europaparlamentet og Riksdagen, kjem den verkelege prøva på om partiet har livets rett.

Erfaring frå andre småparti tilseier at det blir tøft. Kanskje er Gudrun Schyman for stor for partiet. Det kan vere vanskeleg for andre profilar å vekse i skuggen av henne. Uansett har partiet bidrege til å løfte den feministiske debatten frå tomt snakk til krav om handling.

Det er bra for eit Sverige og eit Europa der sterke krefter vil ha kvinner attende til kjøkenet.