Bystyret tar altfor lett på økonomien

Folk som leitar etter styringsdyktige alternativ, bør ikkje lese budsjetta til opposisjonen. Dei er til å bli skremt av.

Publisert Publisert

TENKJER PÅ TAL: Høgre sitt alternativ kunne blitt vedtatt onsdag. Men det ville utvilsamt blitt vanskeleg å styre kommunen på budsjettet som Harald Victor Hove (H) la fram. Foto: Tor Høvik

  1. Leserne mener

I skuggen av byrådets budsjett, finn ein alle opposisjonspartia sine alternativ. Desse er full av tiltak som ikkje blir noko av. Men dei er likevel viktige peikepinnar på korleis dei andre partia vil bruke pengane.

Men endå viktigare: Budsjetta viser korleis opposisjonen vil at kommunens inntekter skal sjå ut.

Under onsdagens bystyremøte, krangla politikarane om kva som var økonomisk ansvarleg politikk. Høgre skulda byrådet for å sende økonomien mot stupet, fordi dei bruker for mykje pengar.

Den kritikken har noko for seg, for byrådet gjekk med på å bruke altfor mykje pengar i byte mot budsjettstøtte frå SV og Sp.

Sånn kan dei ikkje halde på i åra framover.

Ap skulda Høgre for å vere minst like uansvarleg. Det lovar ikkje så bra for økonomien at Ap òg har eit poeng her.

Les også

Han mener byrådet har knust sparegrisen. – Du bruker lekepenger, svarer byrådet.

Til høgre for byrådets budsjett, finn me Høgre, Frp og Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB).

Høgre skal reversere byråkrativeksten sidan 2015, noko dei påstår vil spare 100 millionar kroner. Så skal dei effektivisere kommunen med ostehøvelprinsippet: litt overalt. Det skal dei spare 78 millionar på, og det kjem på toppen av eit stort kutt som byrådet allereie har varsla.

Til saman planlegg Høgre å spare omlag 280 millionar kroner på slike diffuse kuttframlegg til neste år. Frp meiner at det er altfor lite. Dei skal jo kutte eigendomsskatten med nesten 600 millionar allereie til neste år, så då må det hardare lut til. Det gjer ikkje framlegga deira meir realistiske, for å seie det sånn.

Frp legg til grunn nesten 450 millionar kroner i slike uklare kutt, som at sjukefråveret plutseleg skal gå ned, eller ein skal spare enorme summar på ny konkurranseutsetting allereie frå nyttår av. Likevel omtalar Frps Marte Monstad byrådets budsjett som ein «heime åleine»-fest.

KUTTAR STORT: Frps Marte Monstad omtalar byrådets budsjett som ein «heime åleine»-fest. Sjølv kjem partiet hennar med enorme, men diffuse kutt. Foto: Rune Sævig (Arkiv)

Bergen kommune kan definitivt spare pengar på meir effektiv drift. Det er godt mogeleg at meir bruk av private aktørar kan redusere sjukefråveret, og veksten i byråkrati bør ikkje berre uroe opposisjonen.

Men at kommunen skal seie opp nesten 300 personar over natta er beint fram urealistisk. Det same gjeld mange av dei andre kuttframlegga til opposisjonen. Dei verkar å vere tatt ut frå lause lufta.

Ein kan sjølvsagt sjå på slike kutt som ambisjonar over ein fireårsperiode. Men pengane Høgre sparer på neste års budsjett, blir jo brukt no. Og det var ikkje akkurat gitt at byrådet skulle få fleirtal for budsjettet sitt i år.

Høgre sitt alternativ kunne blitt vedtatt på onsdag. Men det ville utvilsamt blitt vanskeleg å styre kommunen på det budsjettet til neste år.

Les også

Podkast: Bergen Frp blei lagt ned. Samtidig kom veljarane: – Stem på ei branntomt, liksom.

Valkampens store sak var bompengane, og det var dei nye bomstasjonane som skapte valskred for FNB. Partiet bruker 45 millionar kroner på å redusere bompengane i ytre ring i sitt første alternative budsjett. 55 millionar kjem i ekstratilskot frå staten.

Summen på 100 millionar er 280 millionar mindre enn dei treng til å fjerne ytre ring heilt, ifølgje Statens vegvesen.

Planen er å ta det gradvis, som FNBs Trym Aafløy sa til BA. Ganske ansvarleg, eigentleg.

Men Aafløy har altfor stor tru på at nokre få millionar til samkøyring og fleire parkeringsplassar skal redusere trafikken nok til å nå måla, samtidig som bompengane skal ned. Det er ikkje realistisk.

TAR FRÅ STATEN: – Det er synd at Sofie Marhaug og Raudt ikkje bruker sitt alternative budsjett til å vise korleis partiet ville prioritert ut frå dei rammene kommunen faktisk har, skriv Morten Myksvoll. Foto: Tor Høvik

Raudt er det einaste alternativet til venstre for det vedtekne budsjettet.

Partiet finansierer nesten alt dei vil av auka pengebruk ved å halde tilbake meir enn 320 millionar kroner, som staten skal fordele. Det er sjølvsagt greit å meine at kommunen burde behalde meir av skatteinntektene sjølv, men det blir ikkje eit lovleg budsjett av den grunn.

Den einaste plassen Raudt finn ut at dei kan kutte, er i politikarlønningar og i byrådsmodellen. På eit budsjett på over 20 milliardar er det ganske lite imponerande.

Då Sofie Marhaug (R) forhandla om budsjettet med byrådet, var Raudt konstruktive. Det er synd at Raudt ikkje bruker sitt alternative budsjett til å vise korleis partiet ville prioritert ut frå dei rammene kommunen faktisk har.

Les også

Frode Bjerkestrand: «Byutviklingen trenger risikovillige investorer, men også strenge kjøreregler. Ikke rart det blir bråk.»

Det er eit mål for opposisjonspartia å flytte på mykje pengar. Dess meir ein flyttar på, dess større er avstanden til byrådet.

Sånn sett er det politiske landskapet til høgre for sentrum slik: FNB flyttar på 120 millionar, Høgre på drygt 300, medan Frp er lengst unna med 753 millionar.

Sparekniven til høgresida har eit litt for stort «tenk på eit tal»-preg. Unntaket er FNB. Dei kuttar minst av partia på høgresida, med berre 30 millionar i diffuse kutt.

Sånn sett er FNBs alternative budsjett langt meir realistisk – og hakket meir ansvarleg – enn budsjetta til dei meir erfarne styringspartia Høgre og Frp.

Det var det nok ingen som trudde då valåret 2019 vart sparka igang.

Publisert