Profitt-Jonas

Jonas Gahr Støres hovudproblem er ikkje manglande pengestyring, men at Ap under hans leiing har mista vegen.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

DESPERAT OG RÅDLAUS: Det er her Ap er for tida. Det er årsaka til at dei vil tape valet. Partiet har ein katastrofal mangel på strategi og tydeleg leiarskap, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Berit Roald

Det er lett å få litt sympati med Ap-leiar Jonas Gahr Støre for tida. Det er noko hjelpelaust over fyren. At han igjen har stelt seg slik at pengane hans blir ei mediesak, er uforståeleg.

Førre gong pengane hans skapte politiske problem var våren 2017. Mellom anna hadde han investert i eit bustadprosjekt i Oslo, der det viste seg at arbeidarar jobba på lausarbeidarkontrakter. Akkurat det Ap og LO kjempa mot i valkampen.

Onsdag kunne NRK fortelje Støre og resten av landet at han har plassert pengar i eit DNB-fond som via eit oppkjøpsfond har investert i omsorgskonsernet Stendi, tidlegare Aleris omsorg. Akkurat det Ap og LO kjempar mot i valkampen.

Det kan verke absurd at ei slik investering blir halde mot Støre. Han kunne då umogeleg vite kvar alle pengane tok vegen. Han hadde jo forsikra seg om at DNB følgde Oljefondets etiske retningslinjer.

Problemet er sjølvsagt at Ap køyrer hardt mot slike private omsorgsselskap i valkampen. Spesielt Stendi, der Ap og LO har støtta dei frittståande «kontraktørane» sitt krav om fast tilsetjing. På landsmøtet i vår omtalte Støre sjølv selskapet som «et internasjonalt storkonsern som betaler minimalt i skatt og som håver inn store utbytter til noen av USAs rikeste menn». Og til Støre, viser det seg.

Les også

Støre hadde investeringer i privat omsorg – Frp reagerer

Reaksjonane etter NRK-avsløringa er stort sett at dette er ei fillesak, men at Støre burde ha visst betre. Det er sant nok.

Saka vil neppe få særlege konsekvensar for valoppslutninga til Ap. Den kan knapt bli dårlegare. Tvert om kan saka skape ein viss sympati for Støre.

Men saka gjer likevel Støres nyfunne venstreside-retorikk endå meir hol enn før. Den minner folk på at han berre er arbeidsfolkets mann i lære, men ikkje i liv.

Etter den mislykka valkampen i 2017 gjennomførte Ap ei medlemsundersøking. Der vart Støres handsaming av si eiga formue trekt fram som ein av dei viktigaste årsakene til at det gjekk dårleg.

Det største problemet for Jonas Gahr Støre er likevel ikkje at han er rikare enn «folk flest», med ei formue på 111 millionar kroner. Heller ikkje at han er «elite» i den meir populære forståinga: har høg utdanning, snakkar fint og bur i Holmenkollåsen.

Problemet er at han og partiet snur kappa etter vinden. Det høyrest berre ikkje ekte ut når Støre brukar ord som «profitt».

Det står berre fram som eit desperat forsøk på å demme opp for veljarflukta til SV og Rødt. På same måte som at Aps nyfunne motstand mot reformer og ymse distriktsfrieri, er eit forsøk på å demme opp for flukta til Senterpartiet.

Desperat og rådlaus. Det er her Ap er for tida. Det er årsaka til at dei vil tape valet. Partiet har ein katastrofal mangel på strategi og tydeleg leiarskap. Det er her Støre verkeleg sviktar. Nei, det er ikkje berre hans feil, men han er partileiar.

Han har vist seg ute av stand til å finne ein veg ut av uføret. Jau, det politiske landskapet er komplisert, med eit Høgre som har gått mot sentrum av politikken.

Men ved å vingle slik Ap no gjer, klarer partiet å støyte frå seg både folk på venstresida, i distrikta og dei vidgjetne lillaveljarane, der nok ein god del kunne tenkt seg eit alternativ til Erna Solbergs vel ettergjevande regjeringsleiing.

Hadde Støre klart å finne denne vegen, ville NRK si avsløring stått fram som endå meir oppblåst enn ho allereie gjer.