Han kan sende Venstre ut i krise

Ordbruken i regjeringa er knapt til å tru, men det er berre å gjere seg klar for nye rundar.

Jens Kihl
Kommentator

KAOSKAMERATEN: Abid Raja skaper endå ein gong krise for partiet han er med i. Heiko Junge, NTB Scanpix (arkiv)

Måndag gjekk statsminister Erna Solberg (H) ut og bad Frp og Venstre roe ned den offentlege gjørmebrytinga Noreg har vore vitne til dei siste dagane.

Abid Raja, Venstres parlamentariske nestleiar, svarte på oppmodinga med å skrive ein kronikk på 14.000 teikn i Aftenposten, retta direkte til statsministeren.

Den har tittelen «Kjære statsminister, dette aksepterer jeg ikke. Nok er nok. Det stinker av Frps retorikk» og kastar om seg med skuldingar mot Frp.

Jon Helgheim, Frps innvandringspolitiske talsperson, stilte opp i kronikkstafetten med svar der han meiner Raja «har skapt den største polariseringen i norsk politikk siden krigen».

Dette er ein liten stemningsrapport frå innsida av regjeringspartia hausten 2019.

Den same Raja kritiserte i 2017 Venstre-leiar Trine Skei Grande for å vere lunken til å gå i regjering med Frp.

Og som i 2016 ville ha ein «fordomsfri diskusjon» om regjering med Ap, berre for å gjere kaoset komplett.

Les også

Venstres nestleder Terje Breivik ut mot Rajas Frp-angrep: Burde ikke brukt ordet «brun propaganda»

No har Siv Jensen bede Venstre «ta konsekvensane» om dei ikkje vil sitje i regjering med Frp. Trine Skei Grande er på veg heim frå eit møte på Island.

Og landet rundt sit lokale Venstre-politikarar som hadde håpa dei endeleg skulle få diskutere kommunepolitikk.

Fleire i Venstre er tydelege på at utspela frå Raja ikkje har vore klarert med leiinga.

Eit åtak mot statsministeren frå ein av Venstres mest sentrale politikarar skjer utan at Trine Skei Grande får vite om det. Kva slags måte er det å drive politikk på?

Fleire i Venstre er einige i sak. Dei meiner Siv Jensens «snikislamisering» og Sylvi Listhaugs båtmigrantar var å gå for langt.

Det er ikkje fyrste gong Jensen bruker dette ordet. Det er likevel spesielt å ta det i bruk rett etter åtaket mot moskeen i Bærum.

Men svaret er ikkje å hitle ein regjeringspartnar. Det går berre ikkje.

Les også

Raja avviser at «brun propaganda» var Hitler-referanse

To sentrale kjelder meiner kvar for seg at Raja nok ikkje forstår konsekvensen av det han driv med. At han ikkje ser kor skadeleg dette er.

Ei regjeringskjelde frå Høgre meiner derimot at det går greitt denne gongen òg, sjølv om det er lettare å finne kompromiss på kronesatsar og kvotemengder enn på brunbeising og politisk sjølvskading.

Men kva om Raja verkeleg blir Venstre-leiar?

Det er Abid Rajas politiske metode vi no er vitne til. I så fall kan Venstre få ein leiar som brenn fleire bruer enn han greier å byggje til dei partia han må samarbeide med.

Dei får ein leiar som vanskeleg kan sitje i ei regjering med Siv Jensen og Sylvi Listhaug. Menneske han går langt i å meine at har eit «uanstendig» menneskesyn.

Og dei får ein leiar som vinglar frå det eine standpunktet til det andre, omtrent etter innfallsmetoden.

Les også

Den nye varaordføraren køyrer rundt med sørstatsflagg på bilen

Kva skal dei regjeringskritiske i Venstre tenkje om at Raja fyrst argumenterte Venstre inn i Solberg-regjeringa, og no kanskje kan greie å snuble seg ut av den igjen?

Det er berre eit par veker sidan førre gong Venstre nesten var medskuldig i ei regjeringskrise. I dei andre regjeringspartia er dei ganske lei. Å sitje litt i regjering er som å vere litt gravid. Det går ikkje.

Om eit par veker er det statsbudsjett. Og til våren skal Venstre ha landsmøte.

Det er berre å vente på neste gong Abid Raja kastar Venstre og regjeringa ut i krise.

For den vil kome.