Kva skal vi eigentleg med Ap?

Skal Arbeidarpartiet slutte å tape val, må dei bli meir vanlege. Første steg: kappe alle band til Agenda.

Jens Kihl
Kommentator

EIT RAUDT FLAGG: Partileiar Jonas Gahr Støre var ei av stjernene då Ap i Bergen opna valkampen sin på Vadmyra. Her blei Ap halvert og gjekk frå 48 til 24 prosent oppslutning. Paul S. Amundsen (arkiv)

Ved valet gjekk Ap ned 8,2 prosentpoeng nasjonalt og landa på 24,8 prosent. Etter krigen har aldri noko parti gått meir tilbake i eit lokalval.

Ein måte å forstå kollapsen på, er ved å gå til «Tillitsmannen» av Einar Gerhardsen. I første utgåva frå 1931 er det tydeleg at boka er skriven med eitt mål for auge: Å skape eit samfunn som er godt for arbeidsfolk.

Om arbeidet som styremedlem kan vi til dømes lese: «Man må ikke være misundelige på hverandre og bli furtne om man mener sig forbigått. Vi kjemper for en stor og hellig sak og det som må være avgjørende for alle er at arbeiderorganisasjonene blir større og sterkere og at deres arbeids- og kampevne alltid økes.»

I dagens utgåve er avsnittet borte. Det same gjeld stort sett all annan tekst som handlar om å frigjere arbeidaren frå undertrykking.

«Tillitsmannen» har gått frå å vere kamplitteratur til å skildre korleis ein kan leie møte og føre protokoll. Ap har gått frå å vere eit parti med eit stort prosjekt til å nøye seg med å ville styre.

Les også

Morten Myksvoll: Femmarbanden

Eg trur ikkje partiet vil kome seg ut av krisa før dei kan svare på dette spørsmålet: Kva er det berre Arbeidarpartiet kan gje Noreg?

Det manglar eit prosjekt i den sosialdemokratiske leiren. Det prosjektet bør truleg ta mål av seg å fikse heilt vanlege problem i heilt vanlege folks liv.

I år gjekk Ap til val på gratis skulemat som ei av hovudsakene, trass i at elevar flest har med mat heimanfrå. Saka treng ikkje vere dårleg, men skulemat er heller ikkje det store stridsspørsmålet i vår tid, for å seie det litt forsiktig.

I Alstahaug kommune på Helgeland er universitetsline, trafikkstasjon, tingrett og sjukehus nedleggingstruga. Det var så vidt Ap-ordførar Bård Anders Langø orka å røyste på sitt eige parti, fortalde han til NRK.

«Skolemat har ikke vært en kioskvelter i Alstahaug kommune. Det har ikke betydd noen ting. Vi føler oss ikke sett av hverken regjeringen eller Arbeiderpartiet sentralt.»

I Alstahaug gjekk Ap ned 30,7 prosentpoeng. Partiet blir ikkje trudd på at dei har svara for vår tid.

Les også

Debatt: BTs feilkobling om Fagforbundet

Noko av det viktigaste Ap kan gjere, er nok å slutte å kaste seg inn i diskusjonar om spelet. No må dei bruke alle kreftene på sakspolitikk.

Siste helga før valet gjekk Aps miljøpolitiske talsperson Espen Barth Eide ut i DN og var positiv til å sitje i regjering med MDG i 2021. Utspelet blei skote ned av Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum.

Det er nesten utruleg at to så sentrale sosialdemokratar bruker siste helga før eit lokalval på ein hypotetisk diskusjon om kven Ap kan sitje i regjering med om nokre år.

Det same ser vi når Ap hoppar på små og store retoriske knep frå Frp. Tidvis verkar det som om det er Sylvi Listhaug som styrer kommunikasjonsstrategien til Ap.

Etter Frp-landsmøtet valde Aps Anette Trettebergstuen å sende skriftleg spørsmål til statsministeren om at Siv Jensen (Frp) vitsa med å «knuse dei jævla sosialistane» under festmiddagen.

Vi tek det éin gong til: Det blåaste partiet i regjeringa har landsmøte, og Ap bruker kreftene på å få statsministeren til å orsake ein vits frå landsmøtefesten.

Les også

Frode Bjerkestrand: Einar Gerhardsen var en gigant, men også en autoritær hardskalle

Mi kjensle er at mykje av dette kjem fordi Ap snakkar med feil folk. Folk som synst spel, retorikk og slikt er det mest spanande i verda.

Etter valet i 2013 hadde Ap eit ønske om å prege samfunnsdebatten i større grad. Svaret blei Tankesmien Agenda, eigd av LO og Trond Mohn.

Det venstresida fekk, var ei tankesmie med leiarløningar i millionklassen. Og apropos: Seinare kom utspelet at det var greitt om leiarane i statlege selskap tente tjue gongar så mykje som dei tilsette.

Då Høgre og Frp vil fjerne fagforeininganes vetorett mot lokale turnusavtalar, fekk dei blåblå full støtte frå fagforeininganes tankesmie.

Og går du inn på heimesida til Agenda no, er hovudoppslaget at ein tyrkisk teknososiolog kjem for å snakke om «makt, algoritmer og techgiganter» i Universitetets aula i Oslo.

Agenda meiner tydelegvis dét er det viktigaste å fortelje verda eit par veker etter at sosialdemokratiet fekk juling i valet.

Les også

Jens Kihl: Dei må dele ansvaret for fiaskoen

Skal Ap finne ut av kven dei er, må dei snakke mindre med tankesmedane og meir med grovsmedane. Eller pensjonistane. Eller sjukepleiarane. Eller skuleelevane.

Fleire sentrale kjelder snakkar om at sjølvtilliten i partiorganisasjonen er borte. Ap låner øyre til teknososiologane, samstundes som landsmøtet deira er så stramt regissert at det nesten er umogleg for vanlege medlemer å vinne fram.

Om Ap greier å ta fleire av sine meir enn 50.000 medlemer og dei 930.000 LO-organiserte med på råd, kan det gje sjølvtilliten tilbake og skaffe Ap eit prosjekt igjen.

Kanskje kan det prosjektet vere å ta Noreg gjennom det grøne skiftet utan at det blir massearbeidsløyse, velferdskutt og nedtur i økonomien.

Det vil i så fall krevje at LO greier å samle seg bak ein ny og veldig omfattande klimapolitikk og at Ap på nytt lærer seg å elske industrien. Det siste blir ikkje lett i eit parti som er meir og meir prega av flinkisar med ein mastergrad i kvar lomme.

Eg trur ikkje dette valet var eit protestval, slik det gjerne er blitt hevda. Eg trur det var eit avmaktsval. Det er lett å tru at veljarane hos Miljøpartiet og bompengelista anten vil klemme ein bomring eller tute i køyr-sakte-aksjon.

Sanninga er nok at dei fleste berre vil få løyst problem i kvardagen sin. Når eit parti som Ap ikkje klarer å sikre ei rask, grøn omstilling av byen og landet utan å blakke småbarnsfamiliane, vender folk seg til andre parti.

Ap har hatt kriseval før, og vunne veljarane tilbake. Etter EF-krisa i 1972 og etter Stoltenbergs privatiseringsbonanza rundt år 2000 klarte dei på nytt å vinne tilliten hos veljarane.

Det kan skje igjen. Men snart er det siste sjansen.