Innvandringsfienden

Socialdemokratiet ser ut til å få statsministeren i Danmark. Det er ein siger for høgrepopulismen.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

INNVANDRING: – Høgredreiinga til Socialdemokratiet utløyste ikkje eit valskred, men det kan ha vore det som gjorde at venstresida overtar makta, skriv Morten Myksvoll. Mads Claus Rasmussen, Ritzau Scanpix

Mette Fredriksen ser ut til å bli danskanes nye statsminister. Det skjer etter at hennar danske arbeidarparti Socialdemokratiet har lagt seg på linje med det innvandringsfiendtlege Dansk Folkeparti i innvandringspolitikken.

Dansk Folkeparti kollapsa i dette valet, og vart meir enn halvert.

Socialdemokratiet går marginalt ned frå førre val, men ender med eitt mandat i pluss. Høgredreiinga til Mette Fredriksen utløyste altså ikkje eit valskred, men det kan ha vore det som gjorde at venstresida overtar makta.

Prisen dei må betale er ei normalisering av høgrepopulismen.

Fredriksen er ærleg på at Socialdemokratiet har flytta seg til høgre for å kome veljarane i møte. Alternativet var å tape tradisjonelle arbeidarveljarar, sa ho til Klassekampen i februar.

Venstresida har no fleirtal i Folketinget, fordi Socialistisk Folkeparti og liberalarane i Radikale Venstre vaks kraftig. Dei har ikkje flytta seg til høgre i innvandringspolitikken. Fredriksen har mest lyst til å regjere åleine, men ho treng støtteparti i Folketinget.

«Man er ikke et dårligt menneske, fordi man ikke ønsker at se sit land blive grundlæggende forandret», skriv partiet i eit hefte om innvandring.

Det er ikkje vanskeleg å tenkje at dette handlar om hudfarge, når hovudformålet med dokumentet er følgjande: Den ikkje-vestlege innvandringa skal ned.

Sitatet ovanfor held rett nok fram slik: «Lige så stor en sandhed er det, at mennesker på flugt skal hjælpes.» Ja, det danske arbeidarpartiet er framleis for å hjelpe folk på flukt – berre minst mogeleg i Danmark.

Som eit ledd i partiets «fridomskamp», skal ein hindre at bustadområde, skular eller liknande består av meir enn 30 prosent ikkje-vestlege innvandrarar, eller etterkommarar. Det er vanskeleg å snakke om fellesskap når ein samtidig lar hudfarge og opprinnelsesland definere kvar ein får bu.

Ikkje-vestleg innvandring blir omtala som «vores tids helt store utfordring». Ikkje klimaendringane, altså, men at flyktningar kjem til Danmark.

Formålet med politikken er å samle Danmark igjen, skriv Fredriksen. Det Socialdemokratiet eigentleg gjer, er å setje opp ein barriere mellom danskar og innvandrarar. Det er ikkje særleg dejligt.