Du store kinesar

«Den gule fåre». Slik lydde skremselet frå europeiske imperialistar på slutten av attenhundretalet.

Asbjørn Kristoffersen

Store kvite mann frykta at dei ikkje skulle greia å hamla opp med kinesarar og japanarar. Frykta slapp aldri heilt taket. Men den gule fåren har vore til å leva med - like opp mot vår eiga tid. No er du store kinesar i ferd med å ta innersvingen på bleikansikta.

Når pengane og makta og motet minkar, nyttar det ikkje å kvila på gammalrasistiske laurbær. Det hjelper heller ikkje å forsaka imperialismen og kolonialismen og alt deira vesen. Gamle, kvite menn er på veg mot historias skraphaug.

Gamle, kvite kvinner går same vegen, berre i litt lågare tempo. Yngre generasjonar får læra seg å bli mindre kvite. Oslo Metropolitan University har nyss oppretta eit eige læresete for å forska i korleis vi kvitingar er arveleg disponerte for kvitistisk-rasistisk herrefolksmentalitet. Kvite antirasistar så vel som kvite SIAN-istar. Alle som ein er vi syndige menneske.

Kinesarane er forsåvidt ikkje Guds beste barn, dei heller. Dei har putla på med imperialisme og herrefolksmentalitet, dei óg. Midtens rike har berre vore ein smule seine i avtrekket i kvitismens tidsalder.

No er det andre bollar. 1,4 milliardar andre bollar, med verdsrekord i doktorgradar. No kjem den gule fåren og kjøper oss. One belt, one road. Sikkert inklusiv Sotrabrua og tog til Kirkenes. Med eller utan Huawei.

USA kan gå hem til Hollywood å ligge seg. Føremunen er at vi kan bli kvitt det amerikanske verdspolitiet. Ulempa er at det er lettare å kjefta på amerikanarar enn på kinesarar. Held du med tibetanarar eller uigurane eller hongkongianarane eller taiwanesarne, må du rekna med å bli straffa på pungen.

Éitt Kina, éitt kommunistparti, éin sjef. Storebror ser dei. Snart veit han kanskje alt om oss som ikkje er innlemma i Midtens rike óg, minst like mykje som Facebook veit. Men det er fåre for at Storebror gjev blaffen i dei nye kvitismestudiene våre.