Akkurat no sit det familiar og gruar seg til jul. Ein far må førebu seg på å fortelje at sonen ikkje kan kjøpe gåver til kameratane sine. Ei mor lurer på korleis ho skal tyne løna nok til at det blir skikkeleg julefeiring. Velkomen til Forskjells-Noreg 2018.

Kanskje er det endring å spore. For fyrste gong sidan 1996 blir barnetrygda plussa på. Dette er KrFs store siger i statsbudsjettet 2019.

Tusen kroner ekstra i året – 83 kroner i månaden – kan verke lite. Men om du lever på eit minimum kvar veke, er denne ekstra tusenlappen svært kjærkomen. Dette gjer det kanskje mogeleg å kjøpe ei gåve som niåringen kan ta med seg i bursdag til ein i klassen. Det kan vere ein bursdag ho elles måtte ha stått over.

Det ligg eit håp her om at desse 83 kronene kan føre til at kampen mot fattigdom blir viktigare. Tidlegare SV-leiar Kristin Halvorsen sa kanskje aldri at partiet skulle fjerne fattigdomen med eit pennestrok om dei kom i regjering. Det er likevel tvillaust at partiet skapte forventingar dei ikkje klarte å innfri.

SVs delvis mislukka kamp mot fattigdomen har nok ført til at andre parti har kvidd seg for å gje store lovnader her. Ingen vil vere partiet som må bruke valkampane på å svare på kvifor dei ikkje har gjort noko for alle dei fattige ungane her til lands.

KrF har signalisert at kraftig auka barnetrygd vil vere ei hovudsak gjennom heile stortingsperioden. Om vi kjem til 2021 og barnetrygda er auka med fleire tusen kroner per barn, vil borgarleg side kunne seie at dei har gjennomført eit krafttak mot barnefattigdom.

Barnetrygd er ei enkel og ubyråkratisk ordning. Der du må halde deg utanfor arbeidslivet for å få kontantstøtte, får alle barnetrygd uansett. Det er skattelette til barnefamiliane.

I helga skreiv Aftenposten at Støre meinte at ordningar som auka barnetrygd vil svekkje folks motivasjon for å jobbe, og at regjeringas politikk er i strid med arbeidslina. Det er rett nok berre nokre veker sidan Støre opna for å diskutere barnetrygd med KrF, men ting svingar fort i politikken. Ikkje minst for Ap og Støre.

Barnetrygda er heller ikkje særleg råka av trygdeeksport: Av 15.032 millionar kroner i barnetrygd i 2017, gjekk berre 125 millionar til utanlandske statsborgarar i utlandet, ifølgje NAV. Fordelingsutvalet frå 2009 viste at ein auke i barnetrygd vil ha god omfordelingseffekt.

Dette fører til at Ap må finne eit mottrekk. Dei kan ikkje sjå på at høgresida vinn terreng som dei som fjernar fattigdom her til lands.

Det var rett nok Ap som sat i regjering då barnetrygda sist blei regulert midt på nittitalet. I partiprogrammet og partiets alternative statsbudsjett står det ikkje eitt ord om barnetrygd. Ap vil at barnetrygda skal stå på staden kvil.

I staden ønskjer dei å bruke 700 millionar på gratis skulemat. Det er mykje bra å seie om det tiltaket, men det reduserer ikkje barnefattigdomen i Noreg. Kvifor ikkje?

Fordi små og store velferdsytingar, som gratis skule og helsestell, ikkje endrar inntekta til folk. EU reknar låginntekt som under 60 prosent av medianinntekta i eit samfunn. Medianinntekt er enkelt forklart den vanlegaste inntekta i eit samfunn. OECD bruker den same definisjonen, men set grensa ved 50 prosent.

Dermed vil 700 millionar til gratis skulemat ikkje endre talet på ungar som veks opp i fattigdom i Noreg, medan dei same pengane brukt til auka barnetrygd vil faktisk løfte ein del familiar over fattigdomsgrensa.

Det kan høyrest rart ut, men det er gode grunnar til at det bør vere sånn. Også folk med dårleg råd bør kunne få disponere pengar sjølve. Ei åleinemor med låg inntekt bør ha høvet til å gøyme unna nokre kroner i månaden slik at bursdagen blir mogeleg å gjennomføre.

Det finst i underkant av hundre tusen barn som veks opp i låginntektsfamiliar i dag. Statistisk sentralbyrå har rekna ut at 18.000 færre barn ville ha levd under fattigdomsgrensa om barnetrygda hadde vore justert i takt med løns- og prisvekst kvart år frå 1996. Då ville barnetrygda vore om lag 1500 kroner i månaden, og ikkje 970, som ho er no.

No har KrF fått fart på den debatten att. Til dømes har Dagbladet nyleg vist fram at familiane til nesten femti tusen barn under låginntektsgrensa ikkje vil få glede av barnetrygdendringa.

Det skjer fordi barnetrygd stort sett blir rekna som ein del av inntektsgrunnlaget når ein måler ut sosialhjelp. Dermed blir sosialhjelpa redusert like mykje som barnetrygda blir auka. Rett nok har Bergen, Oslo og 63 andre kommunar vedteke å halde barnetrygda utanfor utrekningsgrunnlaget.

Debatten om avkorting har stått på staden kvil i årevis. Med KrFs budsjettsiger blir denne usosiale ordninga på ny dregen fram i ljoset. Det er godt nytt, og gjev håp om endring.

Det er kanskje for mykje å håpe på, men med litt flaks kan Ropstads budsjettfinte føre til at høgre- og venstresida framover må by over kvarandre i å vere best på å fjerne fattigdom.

I så fall har dei 83 kronene blitt tidenes investering.

Kommentatoren har tidlegare arbeidd i eit engasjement ved SVs partikontor (2012–2013).