Ikkje endå ein retorikkminister, takk

Justisministeren må sjå etter politikk som fungerer, og ikkje berre retorikk som treff.

Publisert: Publisert:
Morten Myksvoll
Kommentator i BT

STATSRÅD I OPPOSISJON: Tor Mikkel Wara (Frp) gjer berre det same som forgjengarane hans frå Frp har gjort. Han lèt som om han sit i opposisjon, og at det er alle andre som har ansvar, skriv Morten Myksvoll. Foto: NTB Scanpix

Tor Mikkel Wara (Frp) vart nær unisont hylla for å ikkje vere Sylvi Listhaug (Frp) då han overtok som justisminister. Mange på høgresida trudde (og håpa) at Wara skulle føre med seg ei meir forsonleg haldning.

Listhaug var mest opptatt av at retorikken trefte veljarane, og ikkje at politikken hennar trefte utfordringane ho stod ovanfor.

Wara må passe seg for å ikkje bli ein retorikkminister han òg.

Tidlegare denne veka møtte han opp i Dagsrevyen, i ein duell med byrådsleiar Raymond Johansen (Ap), om gjengkriminaliteten i hovudstaden. «Oslo tåler ikke mer innvandring», sa Wara.

Når ein justisminister seier slikt, skulle ein tru at det var noko regjeringa stod bak. Men nei. Wara gjer berre det same som forgjengarane hans frå Frp har gjort. Han lèt som om han sit i opposisjon, og at det er alle andre som har ansvar.

Hadde ikkje sjåaren visst betre, ville duellen på Dagsrevyen sett ut som ein klassisk debatt mellom opposisjon og posisjon. Wara gjekk til åtak, men viss det blir «svenske tilstandar» i Oslo, skjer det på hans vakt.

Les også

Justisministeren sender 30 nye politifolk til Groruddalen

Oslo har eit gjengproblem, som verken blir større eller mindre av at ein omtalar det som «svenske tilstandar». Det einaste ein oppnår med ein tøff språkbruk, er å sjå tøff ut.

Mengda av kriminalitet går ned, både på landsbasis og i Oslo. Men det har blitt meir av nokre typar lovbrot, blant anna vald, ordensforstyrring og integritetskrenking. Frå 2015 til i dag har problema med ungdomskriminalitet dobla seg i Oslo.

Jarle Dukic Sandven er rektor på Romsås i Groruddalen. Han varslar om unge gjengar som øydelegg nærområdet sitt med trugsmål, utpressing, vald og sal av narkotika. Han må takast på alvor.

KRIMINALITETEN GÅR NED: Mengda av kriminalitet går ned, både på landsbasis og i Oslo. Men det har blitt meir av nokre typar lovbrot, blant anna vald, ordensforstyrring og integritetskrenking. Frå 2015 til i dag har problema med ungdomskriminalitet dobla seg i Oslo, skriv Morten Myksvoll. Foto: NTB Scanpix

Ifølgje Oslo-politiet er det 151 gjengangarar som står for mykje av ungdomskriminaliteten i hovudstaden. Politiet viser til at dei har færre ressursar enn før, til å halde kriminaliteten frå desse ungdommane nede.

Oslo-politiet har vore nøydd til å prioritere terrorberedskap og vakthald, grunna ei lang rekkje anslag i Europa dei siste åra. Ansvarlege styresmakter kan likevel ikkje skulde på nokon andre for at førebyggjande politifolk ikkje har vore på gata.

Men det er akkurat det regjeringa gjer.

Framstegspartiet har hakk i plata når det gjeld kriminalitetspolitikk. Det handlar alltid om innvandring. Og ja, innvandrarar er generelt sett overrepresentert på kriminalitetsstatistikken, så det er relevant her. Men trenden er fallande. Oslo har fått ein høgare innvandrarandel dei siste åra, medan kriminaliteten i all hovudsak er på veg ned.

Problemet med Frps retorikk, er at den legg til grunn at innvandring er naturleg bunden til kriminalitet. Det stemmer ikkje. Dei legg ikkje vekt på sosiale forklaringar, som til dømes fattigdom, utanforskap, fråfall i skulen eller manglande fritidstilbod.

Koplar ein dette saman med ei haldning om at alt var betre før, så er historieløysa komplett. Oslo har hatt utfordringar knytt til gjengkriminalitet i mange år.

Å seie at innvandringa til Oslo må stoppe, når regjeringa ein deltar i ikkje støttar det, bidrar ikkje til noko som helst. Og skulle innvandringa ha stoppa opp, ville ikkje gjengproblema blitt mindre av den grunn.

Justisfeltet har lenge vore prega av dogme som står i kontrast med kva som fungerer. Det var justispolitikarar som sist forstod at strengare straffar ikkje reduserte kriminalitet. Harde konfrontasjonar kan tvert imot gjere det vanskelegare å kome seg ut av kriminaliteten.

No klagar politiet over at dei ikkje får fengsla fleire av dei unge gjengangarane i Oslo, fordi det er innført ungdomsstraff som alternativ til fengsel. Politiet klagar over at det tar for lang tid før sanksjonen blir sett i verk.

Det er både naivt og eit teikn på at dogma framleis gjeld, å tru at eit fengselsopphald vil vere med på å avslutte den kriminelle karrieren til 15-åringar.

Les også

Morten Myksvoll: Rus skal ikkje straffe seg lenger

Dogma i justispolitikken gjer at det alt for ofte er viktig å stå fram som tøff, enn å faktisk stå for politikk som fungerer. Sjå berre på rusfeltet. I mange tiår har politiet og justispolitikarane stått fjellstøtt på ein hard politikk mot rusavhengige.

Den same harde politikken har gjort narkotika til ein enorm marknadsplass, som rekrutterer unge til kriminalitet. Gjengkriminalitet.

Viss Romsås-rektoren har rett i sitt varsel, står sal av hasj for delar av inntektene til desse gjengane. Ei løysing er å fjerne den illegale marknaden for stoffet. Det kan ein gjere ved å regulere salet, og få det inn i ordna former.

Les også

Eirin Eikefjord: «Vi kan ikke fortsette å straffe brukere fordi legalisering av narkotika er komplisert.»

Legalisering av narkotika er ikkje ei magisk løysing på gjengproblematikk, men ein kjem ikkje unna at legalisering kan vere eit reelt bidrag til å redusere kriminaliteten frå desse ungdomsgjengane.

Regjeringa har sett ned eit utval for å sjå på ei avkriminalisering av narkotika. Dei bør òg vurdere legalisering, for å slå beina under den illegale og farlege omsetjinga av rusmiddel.

Problemet med justispolitikk er at tøffe ord ikkje nødvendigvis hjelper, medan oppmjuking kan fungere. Då står politikarane overfor eit vanskeleg val: Skal dei sjå tøffe ut, eller skal dei gjere noko som fungerer?

Alt for ofte vel dei det lettaste: å stå fram som tøff.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Publisert: