Det store matsviket

Spørsmålet er ikkje om me har råd til å innføra skulemat. Spørsmålet er om me har råd til å la vera.

MATPAKKE: – Det er eit stort, svart hol i norsk matkultur som strekker seg frå frukost til middag. Dette let seg ikkje lenger tetta av ein mistrøystig matpakke, skriv Ingebjørn Bleidvin. Foto: Katrine Nordli

  • Ingebjørn Bleidvin
    Gjestekommentator i BT
Publisert:

– Det var berre utruleg deprimerande. Ingenting verkar! Ingenting!

Min kollega hadde nettopp vore på kurs om barn og overvekt. Ho er fysioterapeut med fleire tiårs erfaring frå arbeid med barn og unge som av ulike årsaker slit med kroppen. Fedme og overvekt er noko av det vanskelegaste og mest frustrerande å jobba med.

Uansett kva slag tiltak helsevesenet set inn, er det svært vanskeleg å oppnå varige resultat. Opphald på institusjon, tett oppfølging av heile familien i kvardagen, frisklivssentral, tilpassa trening, ernæringsfysiolog og så vidare og så vidare. Å hjelpa unge som er blitt overvektige er svært vanskeleg.

Norge har eit alvorleg problem med overvekt og feilernæring. Det er blitt så ille at seriøse forskarar seier me må vurdera å endra dei offisielle definisjonane av overvekt og fedme. Det er rett og slett blitt normalt å vera overvektig.

Delvis er fedmeepidemien i Norge og resten av verda eit mysterium. Sjølv med eit relativt sunt kosthald og normal mengde aktivitet er det mange som blir overvektige. Enkelte forskarar snakkar om ein «x-faktor» som me enno ikkje har funne ut av.

Les også

Debatt: – Det er vanvitig at det einaste ungane skal ha i seg i løpet av sju-åtte klokketimar er uttørka mat i ei boks eller eit papir.

Det kan vera det industrialiserte landbruket og all ferdigmaten me tyllar i oss. Det kan koma frå at hormonsystema våre blir langtidsmarinert i ein saus av kunstige kjemikaliar som det er umogeleg å koma seg vekk frå i den moderne verda. Det kan koma frå det massive overforbruket av antibiotika både på dyr og menneske som lagar ein masse kaos blant tarmbakteriane våre.

Likevel: Sunn mat og nok aktivitet er og blir det viktigaste for å unngå sjukdom frå overvekt. For Norge sin del er det eitt tiltak som peikar seg ut her: God skulemat.

Mange framstiller skulemat som ei magisk løysing som gir oss spreke, blide ungar med toppscore i PISA-testen og eit harmonisk klassemiljø. Verkelegheita er vanskelegare.

Maten må vera sunn, fordi skulelunsj a la USA med pizza og sjokolademjølk naturleg nok er meiningslaust. Det må setjast av god tid, fordi å kasta i seg ei skive First Price-kneipp med brunost ikkje er eit måltid. Den må vera gratis, fordi ein då når dei som treng det mest: Dei som i dag droppar frukosten og har foreldre som ikkje kan, ikkje orkar, eller ikkje har råd til å laga ein sunn matpakke.

Les også

Debatt: – Vi må vera litt mindre perfekte

Skulemat er litt som vaksinar. Det hjelper berre om alle får det. Mange kunne klart seg heilt fint utan, men det er til stor hjelp for dei svakaste. Skulemat motverkar overvekt gjennom å gje heilt grunnleggjande næring til dei som ikkje får det heimanfrå, og gjennom variasjon og god måltidskultur til alle andre.

Gratis skulemat for alle grunnskuleelevar kostar fort eit par milliardar i året. Men fedme og inaktivitet kostar samfunnet mange gonger meir kvart år. Skulemat er eit av få tiltak som me kan vera ganske sikre på at vil hjelpa.

Den einaste fornuftige måten å behandla overvekt på er nemleg førebygging. Når vekta er høg er skaden allereie skjedd. Kroppen innstiller seg på maksvekta og stretar hardt imot alle forsøk på å mista kilo. Alle dine eigne hormon og reguleringssystem er dine verste fiendar når du freistar å gå ned i vekt. Overvektige barn vil ofte ha problem resten av livet.

Politikarane må bli veldig mykje hardare i klypa på dette feltet. Heile bataljen om sukkeravgifta er illustrerande. Det blei enormt med oppstyr for ei ubetydeleg auke i prisen på smågodt og brus. Ser me på kva diabetes, slitasjegikt og muskel/skjelett-plager frå overvekt kostar samfunnet, burde smågodt, brus og sjokolade fått ein ekstra null på prislappen.

Les også

Leder: – På sitt beste er skolebiblioteket et middel for å motvirke sosiale forskjeller.

Kampen mot overvekt er likevel ikkje som kampen mot røyking. Me kan ikkje forby sukker og metta feitt og setta oss ned og venta til problemet blir borte. Situasjonen har meir til felles med kampen mot døde og skadde i trafikken. Der har me lukkast i å få rekordlåge tal trass i ei massiv auke i trafikkmengda. Tiltaka har skjedd i full breidde, på alle plan: Betre vegar, betre bilar, påbod om sikkerheitsbelte, lågare fartsgrenser, strengare straffar, og så vidare. Slik må me òg tenkja om inaktivitet og overvekt.

Heldigvis peikar nokre piler i rett retning. Talet på nye diabetespasientar har stabilisert seg. Andelen unge som er overvektige har òg stabilisert seg. Næringsmiddelbransjen fortener honnør for å gjera ein god jobb med å redusera det skjulte sukkeret i maten vår. Det gjennomsnittlege sukkerinntaket har gått ned dei siste åra, men det har dessverre aktivitetsnivået vårt òg. Dei vaksne sit ved skrivebordet dagen lang, og barna er parkert framfor nettbrettet.

Det er naivt å tru at me kan overlata denne kampen til industrien sjølve eller tru at folk skal klara å velja sunt berre dei blir tilstrekkeleg teppebomba med haldningskampanjar. Det hjelper ikkje at Helsedirektoratet fyller Facebooken til folk med smilande ungar som gumlar på salat.

Å eta er, saman med sex og søvn, det mest grunnleggjande menneska driv med. Det er eit stort, svart hol i norsk matkultur som strekker seg frå frukost til middag. Dette let seg ikkje lenger tetta av ein mistrøystig matpakke.