Når regjeringa vil hasteinnføre ein skatt fordi dei fryktar lakselobbyen, har norsk politikk spelt fallitt

Sjefen for verdas største lakseoppdrettar, Ivan Vindheim i Mowi, har som resten av næringa gått hardt ut mot regjeringas forslag til grunnrenteskatt på laks.

Problemet som gjer at laksenæringa permitterer folk kan løysast. Men det må gjerast før skatten blir innført.

Publisert: Publisert:

Laksenæringa har seg sjølv å takke. Dei har ropt ulv så mange gonger før, at ingen trur på dei når dei no stoppar investeringar og permitterer folk. «Alle» reknar med at dette er lakselobbyen som prøvar seg igjen.

Noko sant er det absolutt i det. Fleire av permitteringane er berre vanlege sesongvariasjonar, noko som skjer nesten kvart år. Laksenæringa prøver openbert å presse regjeringa med det eldste trikset i lobby-boka: å truge med nedlegging av arbeidsplassar i distrikta.

Det er synd at dei går fram på denne måten, for næringa har fleire gode poeng. Forslaget frå regjeringa har store manglar, både i utforminga av skatten og i måten skatten skal innførast på.

Eg kjem tilbake til permitteringane og korleis det kan løysast. Men først til det mest alvorlege:

Regjeringa vil innføre skatten allereie frå 1. januar, tre dagar før høyringsfristen går ut og fleire månader før Stortinget skal behandle saka.

Det betyr at næringa ikkje veit kva skatt dei skal betale neste år. Då er det ikkje lett å planlegge investeringar eller å vite korleis ein skal prise langsiktige kontraktar.

Les hele saken med abonnement