Høgre lukkast med årets kjedelegaste landsmøte. Og alle var einige om at Erna Solberg er bra.
Slikt blir det veljarar av.
- Gerd Margrete TjeldflåtKommentator i BT
For 20. gong gjekk Erna Solberg på scena på Høgres landsmøte for å halde partileiartale.
Det kan ha vore hennar kjedelegaste.
Ho sa det er viktig at folk får arbeid å gå til.
Barn i heile landet skal få gå på ein god skule.
I framtida må me ha fleire omsorgsbustader, så dei gamle kan bu lenger heime og gå med tøflar til polet.
Lite nytt, og ingenting å fyre seg opp over, med andre ord.
Det einaste kontroversielle i Solbergs tale var at Noreg bør slutte å sitje på kafé i Brussel medan EU-landa tar viktige avgjersler. Ho vil ha oss med i klubben.
Les hele saken med abonnement