Han er berre 21 år. Men den nye KrF-toppen har mykje bagasje.

Joel Ystebø står for ei svært verdikonservativ linje, også til KrF å vere.

Joel Ystebø skapar forventning om eit skarpare og meir konservativt KrF.

Publisert: Publisert:

For Bergen KrF er det nytt år, blanke ark og nye mogelegheiter.

I fjor haust gjekk dei ut av byråd etter sju år. Like før jul blei det kjent at det blir fullt generasjonsskifte fram mot neste val.

Ut går Håkon Pettersen, kjent for sin milde, ansvarlege og, la oss vere ærlege, nokså anonyme framtoning.

Inn kjem Joel Ystebø, kjent for å vere alt anna enn det.

I 2019 toppa Håkon Pettersen (til h.) og Beate Husa lista for Bergen KrF. I år er berre Joel Ystebø igjen.

Ystebø er berre 21 år, men har meir politisk bagasje enn dei fleste på sin alder.

Les hele saken med abonnement