Bergen er i ferd med å løyse Koden
Ein haug med tullenamn forsvinn frå byen. Har offentleg sektor endeleg sett kor fint det er å bli forstått?
- Jens KihlKulturredaktør
Kode 1 blir Permanenten. Kode 2 blir Stenersen. Kode 3 blir Rasmus Meyer. Kode 4 blir Lysverket.
Eller sagt på ein annan måte: Alle dei fire bygga i sentrum får dei namna vi har brukt heile tida.
Og kva med kunstnarbustadane? Med handa på hjarta må eg seie at eg aldri har høyrt nokon seie «Edvard Grieg Museum Troldhaugen». Ikkje ein gong Kode-tilsette orkar å bruke det namnet. Troldhaugen. Lysøen. Siljustøl. Slik blir det no. Takk og lov.
Les hele saken med abonnement