Skal han skake bergenspolitikken? Eller blir det berre eit blaff?

Trond Tystad er grunnleggjar og førstekandidat for Bergenslisten. Den erfarne politikaren går laus på dagens byrådar med ein god dose politikarforakt.

Mykje skal til for at Bergenslisten får full klaff.

Publisert Publisert

Det må seiast å vere ein pangstart. Den nystarta Bergenslisten gjorde sin debut på BTs målingar førre veke, og brått var dei inne med eit mandat.

Det er lett å la tankane vandre til korleis Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) kom frå ingenting i 2018 og vart Bergens tredje største parti i valet 2019.

Spørsmålet er no: Er Bergenslisten den nye bompengelista? Eller er dei berre eit blaff?

Trym Aafløy var bompengegeneral og kunne juble på valkvelden i 2019. Å gjenta det han gjorde, blir vanskeleg.

La oss først sjå på kva dei vil.

Historia om Bergenslisten startar i november 2021, då byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) stilte kabinettspørsmål på saka kor Bybanen skal gå gjennom sentrum. Slik fekk han omgjort eit tunnelvedtak i bystyret til eit fleirtal for trasé langs Bryggen.

Dette fekk Valhammers tidlegare partikollega Trond Tystad til å erklære at han ville starte ei liste i protest. Ei tunnelliste, blei det omtala som.

For Tystad er klar på at han ikkje har starta eit parti. Dette er ei liste, med eit tydeleg mål om å bli eit «one hit wonder». Han er ikkje i bergenspolitikken for å bli og få posisjonar.

Dette er ein intervensjon.

Les hele saken med abonnement