Noreg er i ferd med å bli Europas dritsekk

Måndag demonstrerte folk i Leipzig mot høge energiprisar og krigsprofitt. Norske ambassadar rapporterer samstundes om aukande bruk av ordet «krigsprofitør» om Noreg, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Regjeringa bør gje Europa rabatt på gass, før folk byrjar å spytte etter nordmenn på gata i Berlin og Paris.

Publisert: Publisert:

I dei europeiske hovudstadane blir det murra kraftig mot Noreg. Ordet «krigsprofitør» dukkar stadig oftare opp, skriv Dagens Næringsliv, som har fått tilgang til notat frå norske ambassadar.

Sidan Ukraina-krigen braut ut i februar har regjeringa og oljeselskapa servert det norske folk ei forteljing om norsk godheit: Når Putin kuttar gasseksporten til Europa, stiller Noreg opp ved å setje gassproduksjonen på høggir.

Noreg er no det største leverandørlandet av gass til EU. I slutten av august kom 36 prosent av gassen frå norsk sokkel.

Og ja, EU-leiarar var lenge takksame for at Noreg stilte opp på denne måten. Men det kunne ikkje vare. For medan resten av Europa blør under skyhøge gassprisar, tener oljeselskapa og den norske staten seg styrtrike.

Les hele saken med abonnement