Jonas ser mot venstre

ARENDALSVEKA: Aps sentrumsflørt er mislykka. Det kan KrF få merke.

Publisert: Publisert:
Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

LÆRDOM: I slutten av juni fekk Jonas Gahr Støre korreks av LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen for å flørte med partiet Venstre. No har Støre kasta Venstre på båten, og blitt meir skeptisk til KrF, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Marvin Halleraker

I slutten av juli sidan vart Ap-leiar Jonas Gahr Støre audmjuka av LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen. Støre hadde i VG opna for å «ha samtaler» med Venstre «for å avklare deres syn på saker og eventuelt regjeringssamarbeid».

To dagar seinare fekk han kontant svar frå LO-sjefen i Klassekampen:

«Det er uaktuelt at de (Venstre) skal ha noen som helst innflytelse på den (arbeidslivspolitikken) gjennom en regjering ledet av Arbeidarpartiet, uansett om det er i regjeringslokalene eller som støtteparti».

Siv Jensen fekk inn eit retorisk poeng ved å spørje kven av dei to som styrte Arbeidarpartiet. Elles vekte ikkje saka særleg merksemd, og flørten vart kontant avvist av Venstre. At ein partileiar blir irettesett av eit sentralstyremedlem i partiet er likevel ganske oppsiktsvekkjande. LO-leiarar som dikterer Aps politikk plar òg å vekke merksemd.

To veker seinare, sist søndag, gravlagde Støre sin eigen Venstre-invitasjon i eit BT-intervju: «De partiene som vil bytte ut Frp og Høyre er våre foretrukne samarbeidspartnere. Venstre er ikke blant dem.»

Samstundes karakteriserte han KrF som «et usikkert kort», fordi dei «kan ende opp som garantister for Frp siden de ikke tar innover seg at Frp kommer med Høyre».

Støres retrett tyder på at elendige meiningsmålingar har gjeve Ap kalde føter i sentrumsflørten. Problemet til Ap er likevel djupare, og difor vanskelegare å løyse: Ap ser ut til å ha gått ut frå at Høgre-Frp-regjeringa låg til høgre i politikken, og at det var godt med plass i sentrum. Det er feil. Erna Solbergs regjering har ført høgre- og venstrepolitikk samstundes.

I valkampstøyen høyrest dette kanskje merkeleg ut. Men eigentleg er det såre enkelt: Solberg-regjeringa har pøst inn så mykje oljepengar i statsbudsjettet at dei har kunna gjeve tidenes skattelette (altså høgrepolitikk) og auka budsjetta til velferdsstaten samstundes. I normale land tvingar skattekutt anten fram lågare offentlege utgifter, eller underskot på statsbudsjettet.

Les også

Ny BT-måling: Høyre fester grepet om Hordaland

Ingenting av dette er nytt, men Aps valkampstrategi har likevel ikkje tatt høgde for det. Difor har Støre fridd hemningslaust til KrF, og altså i sommar opna for Venstre.

På papiret høyrest det lurt ut: Få desse Frp-trøytte partia over i Ap-leiren, og dermed øydeleggje for framtidige borgarlege fleirtal. Men Støre og Ap har undervurdert reaksjonen hjå sine eigne veljarar, og partiets viktigaste støttespelar, LO.

Venstre er hata i store delar av fagrørsla, noko Støre og hans rådgjevarar burde vite. Gabrielsen kunne difor, av indremedisinske LO-grunnar, ikkje la Støres invitt passere uimotsagt. Venstre står mellom anna for ein arbeidslivspolitikk som LO-folket meiner ligg til høgre for Høgre og Frp.

Men skepsisen til desse mellompartia er stor langt utanfor LO. Medborgarpanelet, ei omfattande vitskapleg meiningsmåling som BT presenterer i denne valkampen, viser at Aps veljarar generelt er kritisk: Over halvparten (55 prosent) av dei som røysta på Ap i 2013 mislikar Venstre. Og endå verre for Aps strategi: 58 prosent mislikar KrF – berre 20 prosent likar dette partiet.

Strategien om å trekkje til seg KrF for å sikre eit fleirtal var likevel ikkje nødvendigvis feil. Ap hadde svært gode målingar så seint som i fjor haust, trass i at Støre då hadde knegått KrF i lang tid.

Men dei gode målingane til Ap kom i ei tid då partiet sin hovudkritikk mot regjeringa, at dei ikkje gjorde nok for å skaffe folk arbeid, framleis fungerte. Arbeidsløysa i vestlandsfylka hadde auka til urovekkjande høgder, og ingen parti har meir truverd i å sikre folk arbeid enn Arbeidarpartiet.

Problemet for Ap er at det i løpet av våren byrja å gå betre med økonomien på Vestlandet, oljeindustrien inkludert. Arbeidsløysa går ned, og det er vanskelegare å seie at regjeringas politikk ikkje fungerer.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Fem (små) forskjeller mellom Ap og Høyre

Arbeidarpartiet har prega mediedekninga under Arendalsveka, som blir avslutta i dag. Støre vart utropt til vinnar av partileiardebatten måndag, og dagen etter fekk han ei elendig meiningsmåling som takk.

NRK-målinga, som var tatt opp før debatten, gav Ap 27,1 prosent, eit fall på 5,9 prosentpoeng frå NRK si juni-måling. Hadde denne målinga blitt resultatet ville Erna Solberg vere sikra fire nye år.

Andre målingar har vist liknande tal for Ap. Partiet har falt markant den siste månaden, eit fall som kjem på toppen av eit halvt år med jamn nedgang. I snitt ligg Ap no under det allereie dårlege valresultatet i 2013.

At Støre no markerer større avstand til sentrumspartia tyder på det er eit lite kursskifte på gang i Ap. Truleg blir det mindre KrF-degging fram mot valet, og kanskje meir snakk om ulikskap, privatisering og andre saker som kan appellere til partiets kjerneveljarar.

Mange av dei sit på gjerdet, medan andre har gått til partia til venstre for Ap. Bakgrunnstala for NRK-målinga viser til dømes at 45.000 Ap-veljarar frå 2013 har gått over til SV, MDG og Rødt. Nokre Ap-veljarar har gått til andre parti, men den største gruppa er dei som ikkje vil røyste på nokon, heimesitjarane.

Skal Støre og Ap vere sikker på å overta regjeringskontora til hausten, må dei vinne desse veljarane tilbake. Det er no daudt løp mellom blokkene, så mykje står på spel.

I Pollen i Arendal har eit skip trona over alle andre denne veka: Det tidlegare hurtigruteskipet Ragnvald Jarl, sist sett som NRKs sommarbåt. Det var hyra inn av Norsk Sjømannsforbund (LO), og var påmontert ein diger skjerm som annonserte program med lite regjeringsvenlege titlar.

LO var i det heile svært synleg til stades under veka som er ein slags offisiell start på valkampen. Det er liten tvil om at Ap her har ein mektig alliert, som med pengar og folk kan løfte partiet fram mot valet.

Men for å få den støtta han treng må Støre spele på lag. Det er spesielt viktig når du er mangemillionær med eit lite folkeleg språk.

Så no står det att å klare å skape ei forteljing som gjer at folk forstår kva Ap vil, og at politikken skil seg nok frå Solberg-regjeringas politikk til at veljarane bryr seg. Det kan kanskje bli litt lettare viss fredingstida for KrF er over, og Støre tek nokre symbolske steg til venstre. Enkelt blir det likevel ikkje.

Publisert: