Turisthatet

Har du ikkje vore turist sjølv, kanskje? Charterfly og all ­inclusive, bortsett frå ­spriten? Og så rakkar du ned på andre turistar?

Asbjørn Kristoffersen

Paul S. Amundsen

Cruiseskred på ­Vetrlidsallmenning og bæsjesti gjennom Lofoten, liksom? Du må tenkja på arbeidsplassane. På valutainntektene. På plasttrolla turistar tek med seg ut av landet. Kinesarar er den nye olja.

Noreg kan bli det nye Syden. Vi er berre dryge fem millionar fastbuande i eit land som er like stort som Tyskland. Tyskland har over åtti millionar inn­byggjarar. Og ganske sikkert minst like mange bubilar. Spania har omlag åtti millionar turistar. Eg berre nemner det.

Les også

VM i livskvalitet

Eller Noreg kan bli det nye Island. Til Island kjem det sju gongar så mange turistar som det er fastbuande på Sagaøya. Det skulle tilsvara omlag 35 ­millionar turistar her i landet.

Island er kaldt og surt. Krona er råsterk. Den blond-aste ­serveringsdama med den saftigaste grammatikken er frå Litauen. Turistane blir flådde. Likevel kjem dei. Og betaler gjer dei, for selfiar på breane og trollpikkane og i fjordane. Vulkanar og geysirar og heitapottur er mangelvare i Noreg.

No er det naturen turistane er ute etter, di villare, di betre ­selfiar, di større betalingsvilje.

Får islendingane det til, må vi få det til. Vi ville gått tom for plasttroll. Dorullar ville blitt selde på svartebørsen. Heile folket ville kome i arbeid. Jonas ville blitt statsminister. Ein flådd turist er ein god turist, same kor mykje ho har bæsja på kyrkje­gardane.

Les også

Pjuskete påfuglar

For å minska forureininga, kan det lagast turistreservat, slik dei har gjort i Sydens land. All inclusive med bamseklubbar og eldretrim i fjordkanten og serveringsdamer frå Litauen og gondol til breane og verdas lengste tunnelar med to gamle fjøslykter i taket. Utan lys-pærer.

Norsk distriktspolitikk er god forretning om Noreg blir det nye Island. Nifse vegar og mørklagde tunnelar og rasa på E16 kan bli den nye olja.